Egg burji servert med grønn chili og indisk brød.

Indisk eggerøre, egg bhurji, servert med grøn chili og nybakt brød.

Foto: Frå TV-serien Verdens beste curry / SVT

Egg bhurji – indisk eggerøre

Dette er ein krydra indisk frukostklassikar. Den er også populær som kjapp lunsjrett eller snadder mellommåltid.

Slik gjør du

Egg bhurji er ei krydra eggerøre, men ikkje heilt. Forskjellen er i tillaginga og at det inngår hakka løk, chili, tomatar og visse krydder.

Start med å finsnitte chili. Hakk opp løk, kvitløk, ingefær og tomatar.

Varm olja i ei steikepanne, steik kryddera i eit minutt.

Ha i løk, chili og ingefær. Fres til løken er mjuk.

Tilsett tomatar og salt. Knus gjerne tomatane med sleiva.

Steik i ca. 10 minutt til tomatane er grautaktige og væska har kokt bort.

Knekk egga i steikepanna og steik dei saman med resten over høg varme til dei er stivna.

Tilsett erter mot slutten.

Smak til med salt. Og server med mjukt brød.

Tips


Eggerøre er ikkje berre eggerøre. Prøv noko nytt med egga og lag ein spicy indisk klassikar.

Den første retten David og Malin lager, er en slags indisk eggerøre med mye farge og smak. Kameramann Douglas er passelig imponert.

Se Malin og David lage indisk eggerøre med mye farge og smak.

Kilde: Malin Mendel Frå TV-serien «Verdens beste curry»/SVT