Slik gjør du
Hakk opp og gjer klar ingrediensane.
Varm olje i ein kjele og sett til sennepsfrø, karriblad og chili. Steik til sennepsfrøa gir ein poppande lyd.
Hell i løk, chili, kvitløk og ingefær og steik til løken er mjuk.
Dryss over alle kryddera, og steik i eit minutt eller så.
Tilsett tomatar og haricot verts. Rør eit par gonger og hell deretter i vatn og linser.
Steik på svak varme i ca. 10 minutt til linsene er kokte.
Viss det blir for tørt, spe ut med litt vatn.
Tips
Viss du føretrekker ein jamn daal, kan du hakke grønsakene i mindre bitar og koke alt litt lenger.
Du kan gjere linsegryta meir mettande ved å legge til poteter, blomkål, gulrøter, spinat eller andre grønsaker du liker.
Hing kjøper du i asiatiske matbutikkar. Hing er eit krydder som har ein distinkt smak, og passar derfor ikkje i alle retter. Det passar utmerkt i for eksempel daal laga av brune linser, men høyrer ikkje heime saman med gule linser.