NRK Meny
Av og til er det himla godt med ein god kvelds. Egg og skinke er noko dei fleste har i kjøleskåpet. Her får du få vite korleis du kan lage omeletten luftig og lett. Foto/redigering: Alf Vidar Snæland, NRK

LETTVINT: Egg, vatn og litt skinke eller anna du likar, er alt du treng til ein kjapp smårett. Foto/redigering: Alf Vidar Snæland

Omelett

Ein luftig omelett er godt til både frukost og kvelds. Egg og skinke er noko dei fleste har i kjøleskåpet.

Slik gjør du

Skjær litt skinke i fine bitar og fres den i litt vanleg olje i ei steikepanne. Du kan og bruke spekeskinke eller anna salt pålegg. Det er og godt å bruke røykelaks, men den skal ikkje steikast.

Knekk 2-3 egg per person. Pisk egga lett saman med vatn, salt og pepar. Når eggblandinga er komen i steikepanna, skal du røre forsiktig heile tida. Då blir omeletten luftig og lett. Bruk svak varme. Når den har «festa» seg, samlar du omeletten til ein halvmåne.

Omeletten skal etast med ein gong, gjerne saman med brød og ein frisk salat.

Kilde: Steinar Lindstrøm