Slik gjør du
Skrell og hakk lauken og sellerirota og fres det i ei kasserolle med oljen. Rør inn risen og la det frese til risen blir blank. Du må bruke ris som er spesiallaga for risotto, til eksempel arborioris.
Tilsett kyllingkraft og ei blanding av sitron og litt vatn og lat det koke litt. Ha så i kokande vatn til risen er godt dekka. Deretter fortset du med å spe på med meir av vatnet. Risen og vatnet bør få koke godt inn før du tilsett meir væske. Rør jamt i risen.
Tilsett små bitar av gulrot og pastinakk som du har forvella på førehand. Det betyr at grønsakene har kokt eit minutt eller to, men dei skal ha litt tyggemotstand. Du kan og ha i små bukettar av brokkoli og blomkål.
Smak til med salt og pepar. Risottoen skal vere kremaktig og kan gjerne kvile under lokk nokre få minutt. Strø gjerne over ost til slutt.
Tips
Risottoen kan du servere åleine eller ved sidan av kylling, kjøt eller fisk. Strø gjerne over litt parmesan eller ein vellagra norsk ost.