Hopp til innhold

Hyllar den norske nasjonalgryta

Folket er ikkje i tvil; fårikål er framleis den nasjonale retten i Norge. Men kva er det med dette måltidet som er så spesielt? Me har snakka med matminister Sylvi Listhaug og matelskar Arne Hjeltnes om deira forholdet til den norske nasjonalgryta.

Fårikål

Ei gryte, kjøt frå lam eller sau, kål, vatn, salt og pepar. Det skal ikkje meir til for å laga retten som flest folk i Norge meiner er sjølve nasjonalretten.

Foto: NTB scanpix

Ingrid Espelid Hovig feirer sin 90 års bursdag på Gladmat i Stavanger

Arne Hjeltnes på Gladmat-festivalen i sommar. Her saman med 90-års jubilanten Ingrid Espelid Hovig og Kjartan Skjelde.

Foto: NRK

– Norsk lam er i verdsklasse. Kombinert med gode poteter og kål viser fårikål fram det beste frå norsk landbruk, seier Arne Hjeltnes til NRK Mat.

Og kanskje er det nett derfor fårikål blei kåra til Norge sin nasjonalrett ved avstemming i radioprogrammet Nitimen i 1972, og at fårikålen framleis heldt stand då Landbruks- og matdepartementet etterprøvde radioresultatet i år.

– Ein «filet-nasjon»

Uansett så er det siste torsdag i september i dag, og det betyr at det er fårikålens dag. Dagen då folk skal eta og skryta hemningslaust av retten me er så stolte av.

Sjølv hevdar ikkje Hjeltnes at han er ein fårikål-ekspert, men han er svært glad i retten. På ein skala frå ein til ti hamnar han, etter litt resonnering, på ein tiar.

Men Hjeltnes meiner også at fårikålen er eit viktig måltid i norske heimar, med tanke på utnytting av dyra:

– Å vidareføra dei gode tradisjonane våre er viktig, likeins å nytta det gode norske lammet, når det er i sesong. Dessutan er fårikålkjøt ein glimrande måte å bruka heile dyret. Me har vorte ein «filet-nasjon». Me må bruka fleire delar av både sauen og grisen, slår Hjeltnes fast.

Liker best mamma sin fårikål

Landbruks- og matminister Sylvi Listhaug presenterer Norges nasjonalrett 2014 som er fårikål

Landbruks- og matminister Sylvi Listhaug presenterte Norges nasjonalrett 2014 på Folkemuseet i Oslo i sommar.

Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix

Det var matminister Sylvi Listhaug som i sommar kunne fortelja at fårikål framleis er nasjonalretten her til lands. Heile 45 prosent av Norges folk hadde stemt fram fårikålen, viste undersøkinga som Ipsos MMI gjorde for Landbruks- og matdepartementet (sjå tabell under).

– Det er ein rett som dei fleste har vokse opp med, og som smaker veldig godt. Noreg har god kvalitet på lammekjøttet som blir produsert her, og fårikål er ein rett som smaker ekstra godt på hausten når det er mykje ferskt kjøtt tilgjengelig i butikkane, seier ho om kvifor ho trur fårikål blei den suverene vinnar.

Sjølv om gardsjenta frå Sunnmøre meiner fårikål var ein verdig vinnar, ville ho stemt på eit anna tradisjonsmåltid om ho hadde delteke.

– Eg ville stemt på potetball, fordi eg er så glad i det. Men det er ein rett som er mest populær i deler av landet. Fårikål er vanleg over heile landet, og er derfor ein verdig nasjonalrett.

– Lagar du fårikål sjølv, eller liker du best å bli servert?

– Eg liker aller best den maten mamma lager. Då smaker maten like godt som i oppveksten. Eg liker å lage mat sjølv også, sjølv om det ikkje har vore så mykje tid til det dei siste åra. Det gjer eg stort sett i helgene, seier ho.

Undersøkinga frå 2014


Kva ser du på som Norges nasjonalrett?

Prosent

Fårikål

45

Kjøttkaker

36

Komle / raspeball

7

Pinnekjøt

7

Taco, pizza og kebab

Om fårikål vil halda seg som nasjonalrett framover er ministeren likevel uviss på. I undersøkinga spurde dei nemleg også 11.000 skulebarn om kva dei meinte var nasjonalrett.

Heile 2950 barn stemte fram taco som klar favoritt med pizza og kebab som nummer to og tre på lista.

– Mattrendene er i utvikling. Tradisjonsmaten er samtidig viktig for mange. Eg tur den generasjonen eg tilhøyrer lager mange andre retter enn det våre foreldre gjer. Barn i dag veks difor opp med mange andre retter enn det eg gjorde. Eg vonar likevel at neste generasjon også får kunnskap og kjennskap til tradisjonelle norske middagsretter som fårikål, seier Listhaug.

Det vonar også Arne Hjeltnes, og han ser mange gode grunnar til at både godt vaksne og unge skal laga og eta fårikål i all framtid.

– Fårikål er maten vår. Lamma har vore til fjells. Potetene har fått ein lang og god sumar. Kål er frisk og sunn. Det er eit lite stykke Noreg, seier han.

ARKIV 15.10.2004: Verdas største fårikålgryte

I 2001 blei verdas største fårikålgryte laga i Oppland.

I 2004 laga denne gjengen verdas største fårikålgryte, men det er mange som ønsker seg denne rekorden, derfor gjekk det ikkje lang tid før nokon laga ei større gryte.