Slik gjør du
Skjær kålen i båtar. Skjær av det meste av stilken, men la litt sitja att, slik at kålblada ikkje fell frå kvarandre. Viss du vil, kan du forvelle kålen (det vil si å koke han i ti minutt i ein kjele for seg sjølv) i lettsalta vatn. Vatnet skal ha to teskeier salt per liter.
Hell vatnet av kålbitane.
Skjær bort eventuelle slakteristempel på kjøtbitane. Vask kjøtet i lunka vatn, men ikkje la det liggja i vatn. Då kan krafta trekkast ut.
Ha litt margarin i botn av ei gryte, eller viss du har kjøt med mykje feitt: Legg dei feitaste bitane nedst. Bitar med mykje bein på bør og leggast i botn.
Legg så over eit lag med kål, og strø over salt – og litt av kveitemjølet. Gjenta til du ikkje har att meir kjøt eller kål. Viss gryta blir full, kan du vente med å ha i noko av kålen. Etter ein times tid har nemleg kålen falt litt saman, og det blir meir plass i gryta,
Hell over kokande vatn så det står halvvegs opp i gryta. La fårikålen koke ein time, og rist på gryta ein gang eller to. Ha i resten av kålen viss du la noko av den til side, og la alt småkoke i mellom ein og to timar til – til samen to til tre timar.
Kilde: Ingrid Espelid Hovig i Fjernsynskjøkkenet, 1980