Er du snart lei av dette no?

Landbruksminister Sylvi Listhaug frå Ørskog vil ikkje lenger ha fårikålen som nasjonalrett. Og forslaga haglar inn.

Fårikål
Foto: Anne Lognvik / NRK

Den populære retten fårikål kan no bli stroken frå menyen, dersom landbruksminister Sylvi Listhaug frå Ørskog får gehør for sitt forslag. Under reiseliv- og matmessa Grüne Woche i Berlin fredag, foreslo ho no at nordmenn gløymer den gamle tradisjonsretten og finn på noko nytt.

– Eg syns det er på tide å sjekke ut om folkemeininga har endra seg, eller om vi framleis står fast på fårikålen, seier Listhaug.

  • Har du forslag? Sei meininga di i feltet under artikkelen!

Fårikål i over 40 år

Nettradio P1 Møre og Romsdal

Bibbi Kjølås blei kjempesvolten under radiosendinga fredag. Der gjekk føre seg diskusjonen om kva som kan bli landets nye nasjonalrett fredag ettermiddag.

Foto: Ivar Eidheim / NRK

For i over 40 år har fårikålen vore nasjonalrett i Noreg. Det skjedde etter at lyttarane til NRK-programmet Nitimen hadde avgjort saka. Då NRK Møre og Romsdal tok opp saka i radioen fredag ettermiddag, hagla det inn med forslag:

  • Fersk torsk med lever og rogn
  • Blandaball
  • Kjøtkaker med stua kål, foreslo Borgny Strand
  • Potetball, meinte Åse Dalset frå Rødven
  • Svinesteik/svineribbe
  • Røykt torsk med kvit saus
  • Kvalkjøt
  • "Smalahove"/"saudehaud"
  • Bacalao
  • Kjøtkaker


Nei, no kjenner eg at eg blir svolten, og at det er middagstid, sukka programleiar Berit Susanne Kjølås, medan kollega Håvard Ketil Sporsheim smatta "nam nam".

Ber om forslag til departementet

Sylvi Listhaug

Landbruksminister Sylvi Listhaug vil ha ny nasjonalrett.

Foto: NRK

Landbruks- og matminister Sylvi Listhaug ber no nordmenn om å sende inn til departementet forslag om ny nasjonalrett. Ho viser til 2014 er eit spesielt år.

– Det er jo grunnlovsjubileum i år, og eg syns det er eit bra høve for å spørje det norske folk om kva som er nasjonalretten i 2014, seier Listhaug.


Vil vise at Noreg er ein fiskerinasjon

Fleire av dei som tok kontakt med NRK Møre og Romsdal fredag ettermiddag foreslo fiskerettar.

– Vi er då ein fiskerinasjon, dette skal vi leve av etter at oljen tek slutt, sa Steinar Flem, og fekk støtte frå Jarle Solheim frå Vatne. Solheim vil gjerne ha blandaball som nasjonalrett, Flem syns torsk med lever og rogn er best.

Glede i kokkestanden

Klippfisk

Klippfisk klar til damping eller baking, slik Kokkenes Mesterlaug foreslår.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Johan Nicolaisen i Kokkenes Mesterlaug i fylket syns utspelet frå Sylvi Listhaug er glimrande. Han har to konkrete forslag.

– Eg trur at lettsalta og lettrøykt lammelår med norske grønsaker blir det heilt store i Noreg. Likeins dampa eller bakt klippfisk, også her med heilnorske ingrediensar, seier han entusiastisk.