Dette er ei skikkelg festkake til jul. Lag ein flott stabel på eit fat, og skap skikkeleg høgtid rundt bordet

BORDSTABEL: Desse kakene pyntar opp kakebordet. Foto/redigering: Ahmad Dean, NRK

Bordstabel

Dette er ei skikkeleg festkake til jul. Bordstabel passar ypparleg attåt dessertar, i lag med ein god kopp kaffi eller åleine. Lag ein flott stabel på eit fat, og skap skikkeleg høgtid rundt bordet.

Slik gjør du

Pisk egg og sukker til eggedosis og tilsett fløyten. Smuldr smøret i mjølet. Elt saman deigen og set den kaldt.

Visp eggekvitene halvstive og tilset sukker og malte mandlar.

Kjevl deigen tynt ut og skjer ut stenger på om lag 16 x 3–4 cm. Legg dei på plata med bakepapir og steik midt i omnen til dei er lys gule. 180 grader i 5-6 minutt. Avkjøl dei på flat rist.

Når alle kakene er steikte legg ein dei attende på bakeplata og har på ei smal stripe med mandelmasse. Tørk kakene på 75–100 grader med omnsdøra litt open, helst med varmluft, i cirka to timar til mandelmassen er tørr. Dersom ein ikkje har varmluft må ein rekne lenger tid, og flytte på platene.

Ein kan og legge på mandelmassen med ein gong, og steike kakene ved 175 grader i cirka ti minutt. Dersom mandelmassen ikkje er tørr nok, vil kakene bli mjuke i boksen. Då kan ein tørke dei slik som forklart over.

Tips

Dersom ein køyrer mandelmassen i matmølle/blender og har i litt ekstra eggekvite, kan ein sprøyte mandelmassen på kakene.