Hopp til innhold

Fekk livet snudd med veneklubb

Steinar Halleland var lei av å vere einsam, og starta ein veneklubb. No har han fleire vener enn nokon gong, veneklubben har spreidd seg over heile landet – og fanga merksemda til Kong Harald.

Trine Johansen og Steinar Halleland

Trine Johansen og Steinar Halleland blei vener fordi Steinar var lei av å vere einsam. Takka vere dei har tusenvis av menneske no gjort det same.

Foto: Susanne Egset / NRK

– Eg hadde ikkje noko liv. Eg var på jobb, og når eg stempla ut derifrå klokka tre, stempla eg meg inn i einsemda, seier Steinar Halleland om eit liv som ein vaksen mann utan vener i Stavanger.

Då han flytta frå Stord til Stavanger for ti år sidan, var det ikkje lett å bli kjent med nye folk. Alle rundt han hadde etablerte nettverk. Berre ikkje han.

I kveld fortel han historia si på Lindmo.

– Det var vanskeleg å kome inn på folk, fortel han til NRK.no. Etter kvart fekk han nok, og innsåg at livet ikkje kunne halde fram slik.

Ikkje åleine om å vere åleine

Steinar Halleland

SNUDDE LIVET: Steinar Halleland fortel at veneklubben gav han eit etterlengta sosialt nettverk.

Foto: Susanne Egset / NRK

Det einaste mennesket han snakka med i løpet av dagen på fritida var ofte kassadama i butikken. Han prøvde å delta i sportslege aktivitetar for å vere sosial, men etter treningane gjekk alle kvar til sitt sosiale nettverk. Nettverk som Steinar ikkje var ein del av, men som han sakna sårt.

– Når folk brukte ord som «ein kompis av meg», blei eg lei meg, fordi eg kunne ikkje seie det. Eg hadde ikkje kompisar, seier Steinar.

Det skulle vise seg at han var langt ifrå åleine om å vere åleine.

Steinar hoppa i det, og oppretta ein veneklubb i Stavanger. Det er ei gruppe for vaksne folk som enkelt og greitt ønskjer folk å vere saman med.

– Sikkert usosialt å vere konge

Etter litt medieomtale, fekk gruppa raskt eit par hundre medlemar. Han blei intervjua i Stavanger Aftenblad, og etter at artikkelen «Venner søkes» blei publisert, rann det inn med veneforespørslar.

I overkant av eitt år seinare, har Veneklubben Stavanger over 1000 medlemar, og initiativet har spreidd seg over heile landet. Etter at Kong Harald nemnte initiativet i nyttårstalen 2012, skjønte Steinar at han hadde gjort noko stort.

– Då sjølvaste Kongen over alle kongar snakka om meg til heile landet, då skjønte eg at det er eit kjempebehov der ute for slike veneklubbar, seier han.

Saka held fram under videoen

Se hele Kongens nyttårstale 2012.

Kongen nemnte Steinar frå Stavanger og venneklubben hans i nyttårstalen 2012.

– Eg hadde aldri forventa at det skulle eksplodere slik. Kongen er slik ein herleg og folkeleg konge som verkar å forstå problemet. Det er sikkert ikkje verdas mest sosiale yrke å vere konge heller, ler Steinar.

Mista nettverket, fekk eit nytt

Eitt av dei tusenvis av menneska som søker seg til venneklubben, er Trine Johansen. Ho gjekk frå å ha eit rikt sosialt nettverk, til å miste det, og til å skaffe seg eit nytt og innhaldsrikt tilvære med hjelp frå Steinar og veneklubb-initiativet.

– Det skjer eit skifte i livet når ein er rundt 30 år gammal. Folk rundt deg giftar seg, får born, og når ein sjølv er åleine hamnar ein ofte utanfor, fortel ho.

Saka held fram under biletet

Trine Johansen

NYTT LIV: Trine Johansen seier ho fekk eit nytt liv takka vere veneklubben.

Foto: Susanne Egset / NRK

– Eg enda opp som den einslege og åleine etter at mine vener etablerte seg og fekk nye interesser og kretsar, seie ho.

Trine meldte seg derfor inn i veneklubben til Steinar. Men det skulle ta fleire veker før ho turte å ta initiativ til å vere med på aktivitetar.

– Eg var først veldig skeptisk, og var redd for at det skulle vere ein sjekkeplass. Det var vener eg var ute etter, ikkje nødvendigvis ein kjærast, fortel ho.

Måtte ta initiativ sjølv

Veneklubben er samla i ei gruppe på Facebook, men baserer seg på at medlemane tek initiativ til aktivitetar utanfor internett. Då Trine såg at dei aktivitetane folk inviterte til ofte innebar turar og andre ting ho ikkje var så gira på, bestemte ho seg for å sjølv invitere folk heim på middag.

– Eg var livredd for at ingen skulle ha lyst til å vere saman med meg. Det er det som er den største frykta, fortel Trine.

Men etter å ha skrive eit utkast til ein invitasjonstekst, sletta den og byrja på nytt, og tatt seg nokre rundar i stova før ho turte å trykke «publiser», fann ho seg plutseleg i ein situasjon der 38 menneske ville kome på besøk til ho.

– Då var det 250 medlemar i gruppa, og at så mange av desse ville besøke meg hadde eg aldri trudd. Responsen var heilt fantastisk, seier ho.

Trine har etter kvart blitt ein sentral aktør i venneklubb-prosjektet til Steinar, og ho kan trygt seie at det har forandra livet hennar drastisk til det betre.

– No kan eg endeleg velje sjølv om eg vil vere åleine heime ein laurdagskveld eller ikkje, smiler Trine.

Gjer karriere av å vere einsam

For Steinar har ikkje Veneklubben berre resultert i ein ny kvardag og eit rikt sosialt nettverk, men også starten på ein karriere. Han har vore med å starte veneklubbar i heile ni byar, og skal no ta initiativet eit steg vidare.

– Eg har starta enkeltmannsføretak, og skal no reise rundt og halde foredrag om det å vere einsam, fortel han.

Arvid Nesse

SAMARBEIDER: Arvid Nesse i Livsgledesenteret i Stavanger skal samarbeide med Steinar om å utvide venneklubb-prosjektet.

Foto: Susanne Egset / NRK

I samarbeid med Livsgledesenteret i Stavanger, skal han i tillegg til å halde foredrag, utvide veneklubben og inspirere folk til å bli med og starte klubbar sjølv.

– Dette mangfaldet som Steinar og Trine har sett i gang er utruleg bra, og det er naudsynt, seier Arvid Nesse i Livsgledesenteret.

– Dette trengst over heile Noreg, og Veneklubben fyller eit behov som er svært stort, seier Nesse.

Garanterer vener for livet

– Det vi har gjort, er å skape ein sosial møteplass, men suksessen er også takka vere medlemane sjølve, seier Steinar, som seier det er ei føresetnad at medlemane engasjerer seg i aktivitetar.

For dei som er interesserte i å bli med eller å starte veneklubbar, seier han det er berre å ta kontakt for hjelp, og kan love ein ting:

– Ta kontakt, meld deg inn. Eg garanterer at du får vener for livet.

TV og radio

Tonnevis av møbler kastes hver dag. Kan Trygve Slagsvold Vedum og Christian Strand pusse opp barneskolen til Trygve med møbler NAV har dumpa?
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.
Aida sov et helt døgn og Halvor får ikke sove uten å gjøre et spesielt triks. Hva feiler det dem? Tre butikkansatte med nettbrett utfordrer legelaget i kveldens episode. Programleder: Kjetil Røthing Askeland. Sesong 2 (4:8)