Hopp til innhold

Einsemda tek ikkje juleferie

Røde Kors si kampanje «Einsemda tek ikkje juleferie» har slått an i heile Noreg. I Møre og Romsdal er det no fleire som tilbyr selskap enn det er innmeldt behov for.

Einsam jul

Det er mange menneske i Noreg som sit einsame i jula.

Foto: Scanpix / NTB scanpix

– Det er mellom 20 og 25 på tilbodssida og om lag 10 som seier dei gjerne vil ha nokon å vere saman med i jula.

Det seier Tore Nedregård, dagleg leiar i Møre og Romsdal Røde Kors.

Med kampanjen «Einsemda tek ikkje juleferie» vil organisasjonen hjelpe folk gjennom ei sårbar tid.

Tore Nedregård

Tore Nedregård fortel at både tilbydarar og dei som vil ha selskap blir kontakta for ein samtale.

Fleire tusen

Kampanjen blei lansert etter at 88 år gamle Reidun Orest sette inn ein kontaktannonse i Aftenposten.

«Ensom enke u/ familie ønsker noen å være sammen med på julaften. Betaler godt», skreiv ho i annonsen.

Det rørte hjarta til mange tusen, og ifølgje Røde Kors har svært mange meldt seg.

– Gudrun si annonse senka terskelen for å ta kontakt kraftig, meiner Nedregård.

Unge og eldre

Ifølgje Røde Kors fortel éin av fire personar i Noreg at dei føler seg einsame.

Det er ofte sagt at mange eldre sit åleine i jula, men det er både unge og eldre som har søkt kontakt gjennom julekampanjen til Røde Kors.

– Alle som melder seg blir kontakta for ein samtale. Det gjeld både dei som vil ha nokon å vere saman med, og dei som tilbyr at folk kan kome heim til dei, seier Nedregård i Røde Kors.

Dei prøver, og må, sikre at alle som melde seg er seriøse.

– Alle må for eksempel skrive under på ei etikk- og tausheitserklæring. Så vi prøver å kvalitetssikre dette.

– I tillegg prøver vi å tilpasse koplingane slik at det passar best mogleg for begge partar, avsluttar Tore Nedregård, som håper alle som ønskjer melder seg.