Veslemøy Narvesen
Foto: Javier Auris / NRK

Den nye super-trommisen

Alle vil spele med Veslemøy Narvesen (24).

OSLO / KONGSBERG (NRK): Backstage på Kongsberg Jazzfestival varmar trommeslagar Veslemøy Narvesen opp på ein liten tromme-pad som ho har dratt ut av gymsekken sin. Bapbapbapbap.

Det har blitt mykje tromming i sommar. Ho har spelt konsertar i Polen og Danmark, vore på rocketurné i Nord-Noreg og spelt inn plate på Island med ein trio. I august spelar ho på Øyafestivalen med indiebandet Mall Girl og på Oslo Jazzfestival.

Til hausten er ho booka til å spele med Kit Downes i Amsterdam, ein britisk artist som tidlegare er kåra til årets unge jazztalent av BBC.

Veslemøy Narvesen spør ikkje om å spele med andre. Dei spør henne.

Ehh, ja, det er jo eigentleg ofte sånn det er. Eg trur ikkje eg har opplevd å spørje nokon, hei, kan eg vere med i prosjektet ditt?

Veslemøy Narvesen

PÅ FESTIVAL: Ho møter folk og musikk med ei nysgjerrigheit som dei likar. Er kjapp til å lære seg nye instrument. Likar alle slags sjangrar. Er Veslemøy Narvesen tidenes potet?

Foto: Javier Auris / NRK

«Eit musikalsk kraftverk»

Det er ikkje så ofte vi trekk fram trommeslagarar i media, likevel har gjetorda gått om henne dei siste åra.

«Et sjeldent talent med et nydelig beat,» skreiv Nettavisen etter éin konsert, og Laagendalsposten rapporterte at «trommeslageren Veslemøy Narvesen nærmest sjokkerte publikum med sitt suverene trommespill». Klassekampen kåra henne til eit av seks unge talent å sjå opp for i 2022.

– Ho har ein veldig pondus og kan spele med kven som helst, seier musikkritikar Audun Vinger, som faktisk byrja å grine av Narvesens cymbal-touch.

Han har snakka fram Narvesen i spaltene i mange år allereie, både hos Dagens Næringsliv og jazzbloggen Now's The Time.

Audun Vinger
Foto: Rubicon

– Veslemøy skilte seg veldig ut med ein gong på grunn av sin særeigne spelestil og sitt interessante vesen. Det var rett på stordom frå første gong eg høyrde henne.

Og så er det musikarane, alle dei som vil spele med henne. Ho opererer både innanfor jazz, improvisasjon, pop og rock. Ho er med i «cirka 15 band».

– Eit musikalsk kraftverk, seier visesongaren Moddi, som ho har turnert med.

– Ein skikkeleg inspirerande person å spele med, seier komponist og pianist Anja Lauvdal.

Veslemøy Narvesen

DUGUDUGUDUGU: Trommespråket er abstrakt, det er snakk om groove og swing og time, men kort fortalt: Veslemøy Narvesen kan det.

Foto: Javier Auris / NRK

Då jazzmusikaren Gard Nilssen trengde ein innsteppar til Gard Nilssen's Supersonic Orchestra på kort varsel, var det Veslemøy Narvesen han ringde. Det var inga øving i forkant, berre ein lydsjekk. Narvesen glei rett inn i den kompliserte, 16-mannssterke bandkonstellasjonen.

– Ho tok det på strak arm. Det funka som ei kule, bekreftar Nilssen.

Sjølv er Veslemøy Narvesen mest opptatt av kva ho kan tilføre musikken med trommene.

– Det handlar aldri om at eg føler at eg gjorde noko veldig kult, men at eg gav noko som gjorde heilskapen kul. Det er veldig nice!

Kanskje ligg svaret på noko av suksessen hennar nettopp her: Før trommene kom musikken.

Veslemøy Narvesen varmar opp backstage|

TROMMEPAD: Backstage på det som eigentleg er Kongsbergs ungdomsklubb.

Foto: Javier Auris / NRK

I byrjinga var musikken

Veslemøy Narvesen er fødd i 1997 i Kristiansand, og vaks opp i ein syskenflokk på fire. Musikken var til stades tidleg. Hennar første, noko utradisjonelle favorittplate, i ein alder av sju år, var Kents «Vapen och ammuntion». Frampeik: Trommene ligg langt framme i lydbiletet.

Ho prøvde seg først på fele, utan hell. Det tok for lang tid, var for mange greier å forholde seg til teknisk før det blei musikk.

Veslemøy Narvesen
Foto: Privat

Deretter gitar, med større hell, her kom ho kjappare til musikken. I gitartimane oppdaga ho at ho hadde anlegg for å drive med musikk.

Nokre folk berre forstår matte. Eg er ikkje den personen, men eg forstår musikk, seier Narvesen.

Gitaren var hovudinstrument frå ho var ti år og i nesten fem år framover. Ifølgje gitarlæraren var ho ein av dei betre elevane han har hatt gjennom 40 år. Saman høyrde dei på Narvesens favorittar, Joni Mitchell, Nick Drake og José González, og plukka tonane på gitaren. Stadig oftare var ho like kjapp som læraren med å ta akkordane.

Musikk blir ofte kopla til notar, men det var ikkje den klassiske måten som passa Narvesen best. Hennar talent ligg først og fremst i gehør, musisering og samspel med andre.

Så skjedde det. Ho oppdaga det ultimate samspelinstrumentet trommer og med det katapulterte eit tidlegare stille barn ut av skalet sitt.

Albumcover Kent

DET FØRSTE ALBUMET: «Vapen och ammuntion» av Kent. Veslemøy kommenterer: «Det er jo gullæraen av poprock. Eg likar veldig godt den store skarptrommelyden frå 1990-talet. Lydbiletet er mystisk, men samtidig tilgjengeleg.»

Albumcover Joni Mitchell Blue

FAVORITTEN: «Blue» av Joni Mitchell. Veslemøy kommenterer: «Det er berre verdas beste plate, tidlaust, og så groovar det heilt sjukt bra i gitarspelet. Den musikken går inne i hovudet mitt konstant, nesten kvar dag kjem det ein snutt derifrå.»

Kristina från Duvemåla

PLATA HO HAR HØYRT MEST PÅ: Overraskande nok, musikalen «Kristina från Duvemåla», laga av ABBAs Björn Ulvaeus og Benny Andersson. Unge Veslemøy elska dei episke orkesterarrangementa, blanda med gitar og trommer.

Jonas Brothers i 2007

DISNEY-ROCK: Jonas Brothers. Veslemøy kommenterer: «Det var på dødeleg alvor mitt yndlingsband i to-tre år. Eg hugsar at eg syntest det var så feite trommer, då. Rocketrommer. Eg trur eg elska dei så mykje fordi at eg hadde lyst til å vere dei.»

José González

GITARHELT: José González. Då Veslemøy Narvesen lærte seg gitar, høyrde ho på platene hans og plukka tonane på gehøret.

Trommene

Oppvakninga kom som 14-åring i ei menigheit. Vi er trass alt på Sørlandet.

Narvesen såg ein lokal, svært habil trommis spele. Han blei hennar helt. Etter dette blei jenta heilt oppslukt av trommer. Ho lasta ned ein trommeapp på mobilen, sat i baksetet av bilen og trykte. Deretter fekk ho el-trommesett, som ho spelte i stykke til veslesystera si fortviling.

Mor hennar booka timar hos trommehelten, og så, i konfirmasjonsgåve, fekk Narvesen sitt eige trommesett.

– Det var tingen, seier Veslemøy Narvesen med eit smil.

Veslemøy Narvesen

KONFIRMANTEN: 14 år gamle Veslemøy Narvesen har funne sitt kall i livet.

Foto: Privat

Ein av dei første bandkonsertane spelte ho på kulturskule i menigheita med ei tolking av Adeles «Set fire to the rain». Pianoet begynner, så kjem trommene taktfast inn, nesten som i ein marsj.

Veslemøy slår rytma i bordet. Dumdumdumdum.

– Eg hugsar det enda, det var syyyyykt gøy. Og så hugsar eg at dei andre kidsa var litt sånn, det var ikkje sååååå gøy, men eg syntest det. Det var kanskje litt overtenning.

Ho boblar over av glede ved minnet, og medgir at ho ser på seg sjølv som eit overtenningsmenneske. Ho føler ting veldig sterkt og tar det inn i musikken.

– Det trur eg au også har vore grunnen til at det falt på trommene, fordi det er eit veldig fysisk instrument. Rytme er ein urmenneske-ting i oss.

Ho oppdaga også ein annan ting, der ho sat bak trommene og spelte Adele. Ho kjente seg heime i rolla som bandleiar, med alt ansvaret det medførte.

Likevel heldt alt på å skjere seg.

Veslemøy Narvesen

MUSIKAR: Eigentleg er det litt misvisande å berre kalle henne trommis, ho komponerer også eigen musikk og spelar mange instrument. Men så er det bak trommene ho først og fremst har blitt kjent.

Foto: Javier Auris / NRK

Det store nederlaget

Veslemøy Narvesen kallar det framleis «Det store nederlaget», då ho ikkje kom inn på musikklinja ved Vågsbygd vidaregåande skule i Kristiansand.

Ho hadde søkt med gitar som hovudinstrument, sidan det var det ho kunne best. Hadde øvd masse, dette skulle bli hennar veg inn i musikar-yrket, som ho no var fast bestemt på.

Så kom ho likevel ikkje inn. Kanskje var det fokus på klassisk musikk og notar, kanskje andre ting, men uansett har ho tatt dette med seg vidare: Det går ikkje alltid bra. Og når det gjer det, må du sette pris på det.

Til dags dato er det eit av dei tyngste nederlaga, seier ho. Det fekk henne til å tvile på eige talent. Men ho kom inn til slutt, på karakterar, og rakk å skifte hovudinstrument til trommer.

Musikklinja hadde ein veldig sterk tradisjon for gode trommeslagarar, og saman med trommelærar Lars Erik Asp øvde ho nitidig – og leika seg på instrumentet.

Asp seier i dag at Narvesen ikkje var den mest teknisk habile trommeslagaren i byrjinga, men at ho raskt forbetra seg.

Lars Erik Asp

– Ho var ein svamp som saug opp ting her og der, hang på alle og var svolten. Eg forstod at her kom snøballen til å rulle riktig veg, fordi lysten var der.

Med betre teknikk kunne Narvesen få ut meir av musikken ho hadde innanbords.

Mall Girl

TUNGT INVOLVERT: Mall Girl blei til på Noregs musikkhøgskole i Oslo. Aftenpostens kritikar skreiv om debutplata: «Mall Girl plasserer seg med dette slippet i toppsjiktet av norske indieband. Det er imponerende hvor lett de får det hele til å høres ut.» Frå venstre: Bethany Forseth-Reichberg, Veslemøy Narvesen, Iver Armand Tandsether og Eskild Myrvoll.

Foto: Jonathan Vivaas Kise

Slaga som får folk til å grine

På Kongsberg Jazzfestival er Veslemøy Narvesen henta inn av komponist og pianist Anja Lauvdal til bandet Cosmic River. Dei framfører eit verk dedikert til elva som renn utanfor, Numedalslågen. På scena vekslar Narvesen mellom vispar og stikker, mellom å spele hardt og groovy til det heilt minimale. Føtene går nesten heile tida, ein trommis brukar dei like mykje som armane.

Veslemøy Narvesens fotarbeid

TROMMISENS SKJULTE VÅPEN: – Eg har jo enorme leggmusklar, det er faktisk litt lættis.

Foto: Javier Auris / NRK

Kva er det Narvesens talent konkret består av?

Heile Noregs trompetist, Ole Edvard Antonsen, var inne på det då han i 2017 delte ut Toneprisen til Narvesen.

– Ho klarer å både vere solist og akkompagnatør samtidig, sa han.

Her kan du sjå Narvesen spele vinnarnummeret:

Veslemøy Narvesen fekk Toneprisen 2017.

Narvesen viser at tromming kan vere så mykje meir enn å slå to pinnar mot eit skinn. Ho får dei til å låte som eit levande instrument, med melodilinjer og soloparti. Samtidig handlar tromming i si enklaste form om å halde ein puls, som andre kan spele etter.

Veslemøys trommelærar på vidaregåande, Lars Erik Asp, forklarar at touchen hennar er kjernen i alt ho gjer.

– Det er då ho viser personlegdomen sin. Omtanken hennar er for musikken, og ikkje seg sjølv, først og fremst. Sånn er ho også som person, og difor er ho veldig lett å like.

Musikkritikar Audun Vinger meiner at spelestilen hennar er heilt unik.

– Mange kan vere dyktige til å spele eit instrument, men det er sjeldan å sjå ei personleg uttrykksform allereie i den alderen. Du kan høyre eit cymbalslag og forstå at det er henne som slår, seier Vinger.

Veslemøy Narvesen i studio

I STUDIO: Under ei liveinnspeling med video med bandet Mall Girl.

Foto: Nikolai Grasaasen

Ja, kva er det ved dette cymbalslaget som fekk Vinger til å grine, den gongen? Han forklarar tårene med at han følte ei enorm glede over å oppdage ein kunstnarpersonlegdom. Han snudde seg mot sidemannen idet det skjedde og såg at han følte nøyaktig det same.

– Ein blir gripe når ein kjenner igjen eit menneske i det det prøvar å fortelje musikalsk. Mykje jazz og musikk handlar om dyktigheit, musklar, teknikk – å vise at ein er best – men her var det eit personleg vitnesbyrd. Det er kult at også ein trommis kan gjere det.

Veslemøy Narvesen

I SONA: Veslemøy Narvesen lukker augo innimellom når ho spelar, då føler ho musikken.

Foto: Javier Auris / NRK

Vill sjangerblanding

Veslemøy Narvesens suksess har også å gjere med at ho er uredd og grip sjansane som kjem hennar veg. Som då ho blei med i turnébandet til visesongaren Pål Moddi Knutsen, og han spurte: «Kan du spele sag», og Veslemøy sa: «Når?»

– Då det med sag kom opp, så tenkte eg at det var ei god moglegheit til å lære seg det. Så eg bestilte berre ei sag på nettet ...

Dette seier ho som om det skulle vere det vanlegaste i verda.

– ... det var ikkje så dyrt, det kosta cirka 2000 kroner å bestille frå USA.

Ho hadde eit par månader på å lære seg handverket.

– Det kom vel med ein instruksjonscd med saga, så titta eg litt på Youtube, og så hadde eg éin time med han som hadde spelt sag før meg. Men eigentleg så har eg berre lært meir og meir av å spele det på konsert.

– Blir du ikkje nervøs? Når du har sagt ja utan å kunne det?

– Jojojo. Det var veldig nervepirrande på konsertane. Men det gjekk fint, er bra å ha litt nervar.

Veslemøy Narvesen spelar sag

SAG: Narvesen under ein konsert med Moddi. Ho stilte berre eitt krav i samband med at ho skulle lære seg sag: Då måtte Moddi øve inn ein trompetsolo. Dei klarte det, begge to.

Foto: Johannes Andersen

Ikkje overraskande, kanskje, har Veslemøy Narvesen gravitert meir og meir mot improvisasjon dei siste åra, med utdanning både på Noregs musikkhøgskole i Oslo og NTNU i Trondheim. Denne ferdigheita, å følgje det som kroppen hennar vil gjere i møte med musikken, har blitt eit av hennar varemerker.

Ho er mest fornøgd når ho klarer å vere fri.

Det gjeld også i sjangerval. Den seinaste tida har ho lagt americana til lista over sjangrar ho meistrar, etter å ha blitt tatt inn i bandet til Malin Pettersen.

Kva sjangrar står att, som ho vil gjere meir av? Svaret kjem kjapt:

– Eg har lyst å gjere meir rock. Å bli bra rocketrommis. For det føler eg at eg ikkje har utforska nok.

Finst det nokon grenser?

– Det må ha eit snev av tonalitet, er glad i melodiar, seier Narvesen.

Djevelens advokat ville kanskje påpeikt at det kunne vere strategisk smart å bli ordentleg god på éin sjanger?

Veslemøy Narvesen snur på det, ho seier det er ganske vanleg at norske bassistar og trommisar opererer i fleire sjangrar samtidig. Slik har ein fleire bein å stå på. Det aller viktigaste argumentet er likevel at det er dette som er henne.

Kongle trio

EIT AV BANDA: Kongle Trio er ein pianotrio med Liv Hauge, Veslemøy Narvesen og Øystein Østensen. Dei slepp live-plate i haust og blei kåra til Årets unge jazzmusikarar i 2021.

Foto: Margit R. Omholt

– Sjølvtilliten kan gå veldig opp og ned

Har det vore nokon motstand knytt til det å velje trommene som instrument og leveveg?

– Det er litt annleis å vere jente og instrumentalist eller trommis, ein føler at ein må bevise meir for å bli akseptert. Det var veldig mykje prat i starten om at eg var jente som spelte trommer, no er det mindre, men eg kan framleis få ei paranoid kjensle av at eg får moglegheiter fordi eg er jente.

No har ho begynt å tenkje: «Kva så?»

– Om det er feitt for meg, så må eg berre gripe moglegheitene og vere den beste musikaren eg kan vere. Og eit ledd i å gjere ting lettare for andre.

Musikkhistoria er fylt med trommisar som er menn, det er lengre mellom kvinnene. Narvesen har tidlegare sagt til Klassekampen at «Små unger må se at dette er noe for nettopp dem. At dette er din plass.»

To av Veslemøy Narvesens idol, Ringo Starr og Jon Christensen.

TO FØREBILETE: Ringo Starr (til venstre) for hans evne til å underbyggje nettopp heilskapen i musikken. Jon Christensen (til høgre), sjølvlært trommis som blei ein av Europas mest brukte jazzmusikarar.

Foto: AP/NTB

No kjem suksessen i form av prisar, skryt og mange speleoppdrag. Likevel er det ikkje alltid sjølvtilliten er på topp. På spørsmål om når ho forstod at ho var god, svarar ho at ho framleis ikkje gjer det. At det for eksempel er «syyyyyyykt spaca» å bli intervjua slik som dette.

– Sjølvtilliten kan gå veldig opp og ned, ass. Det er veldig få ting eg føler eg har vore ordentleg fornøgd med. Eg prøvar alltid å gjere trommespelet så feitt eg kan, og så kanskje, ein dag, kjem eg dit der det let sånn som eg vil at det skal låte.

Ho seier ho er redd for utruleg mange ting, edderkoppar, for eksempel, men det mest ekte svaret verkar å vere at ho er redd for å miste seg sjølv, å ikkje tørre å vere den ho er. Kanskje naturleg, når jobben din er å sitte på ei scene og klare å halde på din eigen sound i møte med andre sine forventningar.

Likevel er det i musikken ho er gladast.

Men det treng ikkje å vere på scena, kan vere berre å høyre noko som treffer, liksom. Det kan vere i ein fin augneblink i bilen. Eller du sit ute og syng med nokon. Det er den største gleda.

Anja Lauvdal og Veslemøy Narvesen med band

GLAD GJENG: Frå venstre bandleiar Anja Lauvdal, Veslemøy Narvesen, fløytist Henriette Eilertsen og Amund Storløkken Åse (vibrafon og perkusjon). I tillegg var Johanna Scheie Orellana med på fløyter, Heida Karine Johannesdottir på tuba og Elsa Bergman på kontrabass.

Foto: Javier Auris / NRK

Utforskaren

Narvesen er ferdigspelt på scena på Kongsberg Jazzfestival, men ein trommis kan ikkje ta fri før utstyret er rigga ned.

Det kjipaste ved å vere trommis er å bere den tunge cymbalbagen på ryggen. Han fungerer også som koffert når ho spelar i utlandet, kleda blir dytta nedi med cymbalane.

Narvesen strekkjer på nakken. Ofte. Men eigentleg likar ho det praktiske ved å rigge trommene, «det her er mine ting».

Ho vil motbevise det ho meiner er ein av dei største mytane om trommisar, at dei ikkje kan lage musikk. I haust skal ho spele inn eigenkomponert materiale saman med ein sekstett, fylt med pianospel, vokal og meditativ jazz.

Det er gleda ved oppdaging, musikalsk utforsking, som gjennomstrøymer henne. Ho er på veg til polane, men skia er bytta ut med stikker.

No kan vi andre glede oss over å oppdage Veslemøy Narvesen.

Veslemøy Narvesen

INGENTING ER FORBODE: Stikkene blir snudd og brukt til å kjærteikne trommeskinnet før ho i neste augneblink slår hardt og kontrollert. Ved sidan av står små handtrommer.

Foto: Javier Auris / NRK

Her er Veslemøy Narvesens eigen samling av musikk ho har spelt på:

Hei!

Tankar om saka, eller tips til nye saker? Her kan du ta kontakt. Eg skriv langlesingar innanfor kulturens verd og har tidlegare mellom anna dukka ned i då The Strokes tok rockeverda med storm. Og ein ekstremt sjeldan Ming-vase. Og Vigelands steinhoggarar. Breitt spekter, altså. 

Her kan du fordjupe deg i meir musikkstoff: