Lviv
Foto: John Coletti / Getty Images

Arven etter Lviv

Byen som no husar flyktningar kan spele ei avgjerande rolle i etterforskinga av krigen i Ukraina.

I 2010 tikka det inn ein invitasjon til juristen Philippe Sands i London. Ville han forelese om arbeidet sitt ved universitetet i Lviv?

Sands er Storbritannias leiande ekspert på «brotsverk mot menneskeheita», det vil seie saker om drap, folkemord og deportasjon av sivile i krig. På CV-en står saker frå Jugoslavia, Rwanda, Kongo, Afghanistan, Tsjetsjenia, Syria, Iran og Irak.

Lviv? Sands hadde knapt høyrt om byen før, men kartet fortalde han at Lviv låg i krysslinja mellom aust og vest i Europa.

Juristen blei nysgjerrig, og takka ja.

Lviv har over 700.000 innbyggjarar, og blir ofte kalla Ukrainas kulturelle hovudstad. Han er mellom anna kjent for god kaffi og flotte museum. Store delar av byen står på Unescos verneverdige liste. Eit slags ukrainsk Wien, om du vil.

I dag førebur byen seg på krig.

Tilbake i 2010 oppdaga Philippe Sands eit pussig samantreff. Mennene bak to heilt sentrale prinsipp i internasjonal strafferett studerte begge i Lviv.

Philippe Sands i Noreg i 2018

JURIST OG FORFATTAR: Sidan 2010 har han vore tilbake i Lviv kvart år. Funna han gjorde der, blei til boka «Tilbake til Lemberg». Her er han på lansering av henne i Noreg i 2018.

Foto: Sigurd Fandango

Skjebnens ironi

Denne veka var omgrepa «brotsverk mot menneskeheita» og «folkemord» i spel i Haag.

Den internasjonale straffedomstolen starta etterforsking av potensielle brotsverk mot menneskeheita i Ukraina.

Samtidig har Ukraina bedt FN-domstolen om å slå fast at det ikkje har skjedd folkemord i landet, som var argumentet Putin brukte for å gå til krig.

Philippe Sands (61) sit i heimen sin i London og tenkjer at det heile er djupt ironisk.

Skulpturen Neptun i Lviv pakka inn i plast

FØREBUDD PÅ KRIG: I kulturbyen Lviv er skulpturane pakka inn i plast, medan verdifulle verk frå musea er flytta i sikkerheit.

Foto: Pavlo Palamarchuk / AP

Sidan det første besøket i 2010, har han reist tilbake til Lviv kvart år. Både for å drive slektsgransking (bestefar hans var fødd der), men også for å grave fram historia om dei to studentane som endra rettshistoria.

80 år seinare er ideane deira i kjernen av krigen, slår juss-professoren fast.

Han fann Hersch Lauterpacht, juristen bak omgrepet «brotsverk mot menneskeheita», og Raphael Lemkin, mannen bak omgrepet «folkemord». Historia hadde gløymd dei, men Sands grov fram to spanande liv som endra verda.

Begge var studentar ved universitetet i Lviv, jødiske, og opplevde tidleg den fatale verknaden krig kan ha på menneske.

Den første studenten

Hersch Lauterpacht blei fødd i Zólkiew, ein småby nokre få kilometer unna Lviv, i 1897. Familien flytta til Lviv då Lauterpacht var 13 år gamal, og nokre år seinare byrja han å studere juss ved universitetet der.

Hersch Lauterpacht

JURISTEN: Her slappar Hersch Lauterpacht av i Cambridge i 1945, eller bekymrar han seg? Han hadde mykje sorg i livet. I 1955 blei han dommar ved Den internasjonale domstolen i Haag.

Livet i byen var prega av 1. verdskrigen. Mange harde kampar fann stad i nærleiken. Då Lauterpacht var inne i sitt siste studieår, tok krigen slutt, men Lviv blei åstad for ein kamp mellom ukrainarar og polakkar, med jødiske familiar som hans eigen midt imellom. Lauterpacht gjekk vakt i det jødiske nabolaget. Mange jødar mista livet i pogromar.

Polen gjekk sigrande ut og overtok byen, som no fekk namnet Lwów. På grunn av si plassering, midt mellom aust og vest, har Lviv hatt usedvanleg mange herskarar og namn.

I 1919, etter å ha fullført studia, reiste Lauterpacht til Wien. Han tok toget frå den same togstasjonen som er i nyheitene no, der flyktningar kjempar om å få plass.

Folk på flukt ved togstasjonen i Lviv

TOGSTASJONEN: Dei siste vekene har bileta vore mange og sterke av flyktningar som prøver å reise ut av Ukraina med toget frå Lviv. Stasjonen blei opna i 1904.

Foto: Bernat Armangue / AP

I Wien, som elles i Europa, var antisemittismen på frammarsj. Det var her Adolf Hitler utvikla sine forkvakla idear som ung mislukka kunststudent.

Lauterpacht fordjupa seg i internasjonal lov, og byrja å skrive doktorgradsavhandling. Han var ein eksepsjonell student med stor intellektuell kapasitet.

I 1923, etter å ha gifta seg, reiste Lauterpacht saman med sin utkåra til England. Etter kvart blei han professor i folkerett ved Cambridge University.

Samtidig fekk 2. verdskrigen katastrofale følgjer for familien hans i Lviv og Zólkiew. Dei blei drepne av nazistane.

Lauterpacht jobba hardt vidare for rettferd og menneskeverd. I møte med nok ein krig tenkte Lauterpacht klart, som ein advokat, trass stor personleg liding. Slik utvikla han omgrepet med dei tre viktige orda: «crimes against humanity», eller «brotsverk mot menneskeheita», som fekk sitt gjennomslag i Nürnbergprosessen.

Gatekampar i Lemberg (Lviv) under 2. verdskrigen

HARDT RÅKA BY: Lviv, eller Lemberg som byen heitte i 1944, var åstad for gatekampar mellom Sovjet og Tyskland ved slutten av 2. verdskrigen.

Foto: Scanpix / akg-images

Den andre studenten

Samtidig som Lauterpacht jobba for å få «brotsverk mot menneskeheita» inn i Nürnbergprosessen, argumenterte Raphael Lemkin for at den beste måten å straffe nazistane på, var å tiltale dei for «folkemord».

Lemkin var fødd i 1900 i Bialystok, ein by som i dag ligg i Polen på grensa til Kviterussland. Også han vaks opp med vald i horisonten. Då Lemkin var seks år gamal, blei hundre jødar drepne i byen.

I 1910 flytta familien til ein annan by, men då 1. verdskrigen kom, blei garden deira øydelagt, og dei måtte reise vidare.

Lemkin var 18 år gamal då han byrja å tenkje på det som i dag ligg i omgrepet «folkemord», utrydding av grupper av menneske. Han høyrde om massedrapa på armenarar i nyheitene.

Raphael Lemkin

HISTORISK: Raphael Lemkin fann opp omgrepet folkemord, som seinare har blitt brukt til å døme fleire krigsherrar.

Foto: Ap

Også Lemkin studerte i Lviv, der han tok doktorgrad mellom 1921–1926. Etterpå fekk han seg jobb som advokat i det offentlege. Då Hitler tok makta, blei tankane om folkemord brått meir aktuelle. Han sette seg føre å utvikle eit straffeomgrep med dette namnet.

Omgrepet kom ikkje med i tiltalepunkta i Nürnbergprosessen, men har sidan blitt ein del av internasjonal lov.

Bestseljaren

Historia om dei to studentane er henta frå Philippe Sands bestseljande bok, «Tilbake til Lemberg», som kom ut i 2017. Boka blei kåra til årets beste sakprosabok i Storbritannia og gitt ut i 24 land.

Tilbake til Lemberg-bokomslag

BESTSELJAR: Tittelen viser til namnet på Lviv då byen var okkupert av nazistane under 2. verdskrigen. «En drivende spennende thriller, hvor politikk, juss og komplekse livsløp veves sammen,» skreiv Morgenbladets kritikar då boka kom ut på norsk.

Foto: Forlaget Press

I dag har boka igjen klatra oppover salslistene, og Sands mottar e-postar frå lesarar og journalistar i heile verda.

Folk oppdagar byen, noko eg er glad for, men dei oppdagar han dessverre på grunn av triste omstende, seier han.

Lemberg-postkort

POSTKORT: Av byen med mange namn, frå 1910.

Foto: Imagno / Imagno

Philippe Sands viser i boka korleis dei to studentane hadde same mål, men ulike svar på korleis best verne folk mot krig. Dei trudde begge på at lovverket kan spele ei rolle i konfliktfylte tider, men jobba for å bruke ulike uttrykk med ulike juridiske konsekvensar.

No prøvar Sands å ta arven etter studentane frå Lviv vidare.

– Vi er ikkje blåøygde

Philippe Sands presenterte nyleg eit forslag om å opprette ein eigen domstol for krigen i Ukraina. Bak initiativet stod også Ukrainas utanriksminister og tidlegare statsminister i Storbritannia, Gordon Brown. Tanken er å kunne stille individ til ansvar for totaliteten av krigen. Av ulike grunnar kan nemleg ikkje domstolane i Haag etterforske aggresjonslovbrotet, som tar for seg heile forløpet av ein krig, frå start til slutt.

Under pressekonferansen der forslaget blei presentert, var det fleire som spurte: Betyr eit slikt initiativ eigentleg noko, når krigen allereie er i gang, bombene fell og sivile døyr?

Til det forklarte Sands at krig er eit kontinuerleg lovbrot, og at ein i etterforskinga av han må snu kvar stein.

Kvart angrep på kvart enkelt hus, kvart enkelt atomkraftverk, kvart enkelt individ er ein del av krigshandlinga. Vi er ikkje blåøygde når det gjeld internasjonal lov, og vi veit ikkje kva som vil kome ut av dette, men å gjere ingenting er ikkje eit alternativ, sa Sands tydeleg, men i ein mild, forklarande tone.

Ein sprekk som slepp inn lyset

Både på pressekonferansen og i intervjuet med meg sit Sands på same plass, i huset sitt i London, framfor eit måleri. Han fortel at han kjøpte måleriet for 30 år sidan frå ein då ukjent kunstnar ved namn Nicholas Jolly, som i dag er representert ved The Metropolitan Museum of Art.

Verket har ei uhyggeleg stemning over seg, til trass for tittelen, «The Family». Her er det fyll og ublide ansikt i ein mørk kjellar, dei to vindauga slepp inn spygrønt lys, medan ein mørk skugge av ein mann pregar forgrunnen.

Det er eit hus i uorden. Det kunne vore kalla den europeiske familien, seier Philippe Sands, før han smiler lurt.

Kona mi hatar det. Eg elskar det.

Philippe Sands

PÅ JOBB: Philippe Sands presenterte ideen om ein eigen domstol saman med Ukrainas utanriksminister og tidlegare statsminister Gordon Brown. I bakgrunnen hang måleriet «The Family».

Foto: Skjermdump / Chatham House

Han jobbar med lova, han skriv bøker, to aktivitetar som ein skulle tru var ganske så forskjellige; den eine styrt av reglar og paragrafar, den andre meint å utvide horisontane på kreativt vis. Kva gir dei to felta i ein slik krisesituasjon, for han og for verda?

Det bankande hjartet i alt eg gjer er ideen om rettferd. Anten det er gjennom lovas harde praksis, eller ved å opne opp fantasien til folk gjennom historier.

I det siste har Sands tenkt på tida som går – kva har vi eigentleg lært? Kvar skal vi? Har ting blitt betre?

Han seier at songen som samanfattar korleis han ser verda, hans motiv, er Leonard Cohens «Anthem», i linja «There is a crack in everything, that’s how the light gets in».

Uansett kor mørkt det er, finst det moglegheiter, og vi må halde på håpet, solidariteten og samhaldet.

Historia har vist at krigsherrar kan bli stilt for retten, uansett kor usannsynleg det først kan verke, men vegen er lang. Det kan ta år før Putin og andre blir stilt til ansvar for krigshandlingane i Ukraina.

Samtidig held flyktningane fram med å strøyme til Lviv. Ordføraren der meldte nyleg at byen nærmar seg full kapasitet. Ifølgje NTB er byens 440 utdanningsinstitusjonar og kulturbygg gjort om til herberge.

Etter at Sands gjorde historia om dei to studentane kjent, hengde universitetet i Lviv opp eit bilete av dei.

Der ser Lauterpacht og Lemkin ned på nok ein krig frå veggen.

Hei!

Tankar? Eg tar gjerne imot tips til historier som eignar seg i langformatet. Anten det gjeld kultur og historie knytt til krigen i Ukraina, eller andre kultursaker. Tidlegare har eg mellom anna skrive om Edvard Munchs krig, den første boka om Norden på latin og då komponisten Grieg blei brukt i nazi-propaganda

Fotoet av Hersch Lauterpacht er henta frå «Tilbake til Lemberg», og brukt med løyve frå forlaget.

Bakgrunnskjelder: Jyllands-Posten.

Vidare fordjuping i Ukraina: