Edvard Munch

Fanga av Munch

Fem grunnar til at Edvard Munch er forelskinga vi aldri blir kvitt.

Øystein Ustvedt (56) planla eigentleg å ta ein pause frå Edvard Munch.

Heile sitt vaksne liv hadde han studert, skrive bøker og svart på spørsmål om kunstnaren med stor K.

Øystein Ustvedt

TETT PÅ MUNCH: Øystein Ustvedt har studert Edvard Munch i 20 år. Han er kurator ved Nasjonalmuseet.

Foto: Sturlason / Kagge

Han var litt lei. Difor forsøkte han no å studere seg ut av Munchs arbeid, finne gleda i alle dei andre interessante kunstnarane der ute.

Men så opna det nye Munchmuseet og der var det så mykje tankevekkjande å sjå...

Øystein blei dratt rett inn igjen.

For det er vanskeleg å bli ferdig med Edvard Munch. Ingen annan norsk kunstnar tar så stor plass i historiebøkene, populærkulturen og turistbrosjyrane. Knappe to månader etter opning har 150.000 besøkt det nye museet. NRKs nye serie, «Vi flytter Munch», viser den historiske flyttinga av arven.

Kva er det med han? Her er fem forklaringar på Edvard Munchs tiltrekkingskraft.

Skandalane

Dei mange skandalane rundt Edvard Munchs liv og kunst bidrog til å gjere han kjent. Munchs kunstnariske gjennombrot, både i Noreg og Tyskland, kom i form av skandalar.

første versjon av «Det syke barn» blir stilt ut på Høstutstillingen i 1886, haglar skjellsorda. Det blir sagt at måleriet er uferdig, rotete, det renn striper nedover lerretet.

Det syke barn av Edvard Munch

«DET SYKE BARN»: Biletet Øystein Ustvedt aldri blir lei av, men ikkje det som heng på Munchmuseet, «åneineinei, det må vere Nasjonalmuseets versjon, den første. Den gjennomføringa er heilt spesiell, nesten gjennomsiktig.» Ein Munch-ekspert kan tillate seg preferansar på detaljnivå.

Foto: Børre Høstland / Nasjonalmuseet

Munchs verk bryt nemleg med den tradisjonelle ideen om at eit bilete først og fremst skal vere fint å sjå på. Han fokuserer på kjenslene, heller enn å måle verkelegheita mest mogleg nøyaktig. Dermed blir det avisdebatt, og 23 år gamle Edvard Munch vert plutseleg eit kjent namn.

Seks år seinare, i 1892, blir han invitert til å stille ut i Berlins kunstnarforeining. Heller ikkje Berlins kunstnarar er førebudde på hans nyskapande stil. Etter ei knapp veke, der kritikarar kallar utstillinga ei fornærming mot kunsten, blir ho stengt. Opptrinnet fører til at Tysklands kunstnarar deler seg i to foreiningar, dei som støttar den nye kunsten, og dei som er imot.

I sentrum står Edvard Munch og ser at skandalens utfall er at han blir kjendis også i Tyskland. Brått får han selt fleire bilete.

Han vil lage skandalar, han vil få reaksjonar, for han ser at då får kunsten merksemd, kommenterer Øystein Ustvedt.

Det er ikkje berre Munchs kunst som er skandaløs. Han lever også eit liv som er noko på kanten. Historia frå huset i Åsgårdstrand, der ein revolver går av midt i ein krangel mellom Edvard og kjærasten Tulla Larsen, for eksempel, er med i ein kvar Munch-biografi.

Tulla Larsen

MUNCH OG KJÆRASTEN: «Tulla Larsen», 1905, olje på lerret.

Foto: Ove Kvavik/Munchmuseet / Edvard Munch

Superstjerna

Medan Munch er i live, veks det ein personkult rundt han. Andre kunstnarar kjem på døra for å helse på «den store meisteren». Politikarar og kongelege sender bursdagshelsingar. Han blir ei superstjerne.

Selvportrett foran "Marats død", Ekely

SELFIE: Her fotograferer Munch seg sjølv på Ekely i 1930. Tittelen på fotoet, «Selvportrett foran Marats død», viser til måleriet i bakgrunnen.

Foto: Edvard Munch / Munchmuseet

– Ein person som vel eit liv utanfor norma vekkjer interesse. Vi har ikkje så mange som så til dei grader har køyrt kunstens veg, forklarar Øystein Ustvedt, stemma hans er i ferd med å få den lyse tonen som folk ofte får når dei snakkar om Munch; tonen av begeistring.

Edvard Munch la alt i livet opp etter kunsten. For å sikre best mogleg arbeidsro og konsentrasjon, bestemte han seg for å aldri gifte seg. Han planla reiser og huskjøp etter kvar dei beste motiva låg. Ved slutten av livet tok han nesten ikkje imot besøk fordi han ville spare kreftene til kunsten.

Greitt nok, livet hans var spesielt, men nokre sit med kjensla av dei kjenner Munch, også i dag. For eksempel har den britiske kunstnaren Tracey Emin uttalt at ho føler slektskap til Munch. Kva er det ved Munchs personlegdom som trekk oss inn?

Munch er ein veldig fascinerande person. Det er tydeleg at han var det i si samtid også. På den eine sida var han sjarmerande, blei lett likt og hadde stor sosial teft, på den andre sida trakk han seg unna viss folk kom for nær, forklarar Øystein Ustvedt.

Edvard Munch foran gravstøtter, Berlin

I BERLIN: Edvard Munch framfor gravstøtter i 1902.

Foto: Edvard Munch / Munchmuseet

Kunstsamlaren Rolf Stenersen skildrar venen slik: «Edvard Munch var vakker. Han var også svakelig, likevel virket han ikke veik. (...) Han gikk så rart. Stoppet opp. Sto litt og tenkte på noe. Gikk noen skritt. Snudde seg som for å finne en annen vei. Snudde seg atter og gikk langsomt videre. Helst tett inntil husveggen.»

Med andre ord: Munch er kompleks. Breva og notata hans, som er tatt vare på, viser ein mann som i den eine augneblinken krast kan gå til angrep, og i den andre skrive vakkert om kjærleiken. Det er vanskeleg å spå kva han kjem til å gjere, og vi blir sitjande og lure på: Kven er han eigentleg?

Alt dette gjer han til ein god hovudperson i ei kvar forteljing.

Dessutan er Munch også med på å byggje sitt eige image gjennom dei mange sjølvportretta:

Selvportrett med sigarett

«Selvportrett med sigarett», 1895.

Selvportrett (1886)

«Selvportrett» frå 1886.

Selvportrett i spanskesyken

«Selvportrett i spanskesyken», 1919.

Selvportrett i Bergen

«Selvportrett i Bergen», 1916.

Selvportrett. Mellom klokken og sengen

«Selvportrett. Mellom klokken og sengen», 1940-43.

Selvportrett, med torskehode på tallerkenen

«Selvportrett, med torskehode på tallerkenen», 1940-42.

«Skrik»

Ideen til «Skrik» kom til Edvard Munch då han gjekk tur med nokre vener. «Så gik solen ned, himlen blev pludselig blod og jeg følte det store skrig i naturen,» skreiv kunstnaren seinare om angstanfallet som ligg bak motivet. Han lagde fleire versjonar av måleriet mellom 1893 og 1910.

Skrik av Munch

MUNCHMUSEETS VERSJON: Dei ulike versjonane av «Skrik» har blitt utsett for spektakulære ran, halde rekorden for dyraste verk seld på auksjon, og definitivt bidratt til Munchs popularitet.

Foto: Halvor Bjørngård/Munchmuseet / Edvard Munch

– Det er ei vanvettig merksemd rundt det biletet. «Skrik» er eitt av verdas ti mest kjente og omsverma bilete, konstaterer Ustvedt.

I 2012 blei «Skrik» verdas dyraste verk seld på auksjon, med ein prislapp tilsvarande 687 millionar kroner.

Første gong Munch stiller ut «Skrik» er i Berlin i 1893, året etter at han delte det tyske kunstlivet i to. Måleriet blir oppfatta som ein karikatur og Munch blir kalla gal. Dei same reaksjonane får han når han viser biletet i Noreg.

Og måleriet er enkelt bygd opp, nesten som ein karikatur, medgir Øystein Ustvedt, men samtidig får ein sjå noko ein aldri har sett før.

Han tar eit typisk romantisk motiv, ein mann som lener seg over eit rekkverk og ser utover fjorden, men vender figuren direkte mot oss med opne auge. Plutseleg er det eit heilt nytt bilde som ingen har sett før.

«Skrik» er allereie i Munchs samtid eit fenomen, men det er først etter hans død at måleriet verkeleg tar av. Det treff ein nerve i etterkrigstida, ei kjensle av isolasjon og angst. Etter kvart kryp biletet inn i popkulturen, det fører til at Munch blir einaste kunstnar med eigen emoji: 😱

Skrik-verk av Andy Warhol

REFERERER MUNCH: Andy Warhols «The Scream (After Munch)».

Maria Ressa imiterer Skrik

FREDSPRISVINNAR: Slik reagerte journalist Maria Ressa på spørsmål om korleis det var å vinne Nobels fredspris.

Scream 2022

FILM: «Scream»-filmane sette støkk i ein heil generasjon. Våren 2022 er filmserien med «Skrik»-maska tilbake.

Karsten Warlhom i 2017

VERDSMEISTER: Dette biletet blei raskt plukka opp på Twitter og samanlikna med «Skrik», då Karsten Warholm blei verdsmeister i 400 meter hekk, 2017.

Skrik bygd i Lego

LEGO: Så klart har «Skrik» blitt bygd i Lego. 3991 brikker måtte til. Verket blei stilt ut i Los Angeles i 2020.

Likevel synest ikkje Ustvedt personleg at «Skrik» er Munchs beste måleri.

Eg kan fint leve utan «Skrik». Det er så mykje anna spennande.

Munch lèt nemleg etter seg tusenvis av verk.

Den enorme produksjonen

Edvard Munch måla som eit helvete, gjennom heile livet, utan assistentar. Han bevegde seg mellom alle slags format, teikning, skulptur, tekst, foto og grafikk. Han eksperimenterte både med stil, motiv og teknikk.

Edvard Munchs produksjon er kolossal. Det er få kunstnarar som kjem opp i eit sånt omfang, den einaste eg kan kome på, er Picasso, seier Ustvedt.

Forføreren

«FORFØREREN»: 1913, kull.

To mennesker. De ensomme

«TO MENNESKER. DE ENSOMME»: ca. 1935, olje på lerret.

Snølandskap fra Thüringen

«SNØLANDSKAP FRA THÜRINGEN»: 1906, olje på lerret.

Vampyr II

«VAMPYR II»: 1895, litografi og tresnitt.

Vor Dagligstue i No. 48 Thv. Meyers Gade

«VOR DAGLIGSTUE I NO. 48 THV. MEYERS GADE»: 1876, vassfarge og blyant.

Badende menn

«BADENDE MENN»: 1915, olje på lerret.

Oslo-bohemen

«OSLO-BOHEMEN»: 1925-26, olje på lerret.

Mann som bøyer seg forover

«MANN SOM BØYER SEG FOROVER»: 1929-1930, fargestift.

Hode ved hode

«HODE VED HODE»: 1905, tresnitt trykt i fargar.

Sidan Munch testamenterte alt han eigde til Oslo kommune, er mesteparten av produksjonen tilgjengeleg. Arven omfattar 28.000 kunstverk i tillegg til Munchs eigedelar. Det betyr at ein kan lese, bla, sjå, og aldri bli ferdig, noko Ustvedt kan bekrefte. Eit av dei store kicka for han i det nye museet var nemleg å gå frå det ikoniske «Skrik»-rommet rett inn i eit stort hundehovud som han aldri hadde sett før.

Hundehode

DEN JÆVLA BIKKJA: «Hundehode» frå 1942. Munch skriv i fleire brev og notat om korleis han endrar spaserruta si etter å ha møtt på naboens aggressive kjøter.

Foto: Ove Kvavik / Edvard Munch

– Denne vekslinga, frå det ekstremt spesielle til det teite, er Munch i eit nøtteskal. Alle kan finne noko dei likar, kommenterer Ustvedt.

Trass i variasjonen, Munchs mange kunstverk har likevel eitt fellestrekk. Ved å konsentrere seg om vesentlege tema som er felles for menneska, treff han publikum i heile verda.

Kjenslene på lerretet

«Det skulde ikke længer males interieurer, og folk som leser og kvinner som strikker. Det skulde være levende mennesker som puster og føler, lider og elsker,» skreiv Edvard Munch i det som har blitt kalla hans kunstnariske manifest frå 1890.

Kunst skulle ikkje lenger berre vere ein imitasjon av verkelegheita, men ei kunstnarisk innleving.

– Munch brydde seg ikkje om kvistar og detaljar og sånn. Han la mykje energi i å fange ei stemning eller ei kjensle, meir enn heilskapen, forklarar Ustvedt.

Munch kunne la store delar av eit bilete vere tåke eller naturlandskap, leggje til nokre strøk om eit ansikt, og likevel fortelje noko stort og relevant.

Kyss

KJÆRLEIKEN: «Kyss», 1897.

Foto: Halvor Bjørngård/Munchmuseet / Edvard Munch

Munch prøvar å vise oss noko som ikkje er synleg. Korleis målar du ei kjensle? Det synest eg han gir gode svar på.

Munchs kunstnarskap kan brukast som eit oppslagsverk i kjensler som mange slit med også i dag: Sjalusi, forelsking, angst. Ved å titte på Munchs måleri får ein kjensla av at ein ikkje er åleine. Nokon har følt det du føler før.

Dagen derpå

BEEN THERE? «Dagen derpå», 1894, måleri.

Foto: Børre Høstland/Nasjonalmuseet / Edvard Munch

Når Munch først hadde bestemt seg for kva han skulle måle, kunne han måle raskt, men så pynta han gjerne på verka i fleire månader eller år etterpå.

– Han held fast ved det emosjonelle og heng seg ikkje opp i detaljane. Det er vel gjerne litt sånn at viss ein klarer å halde fast ved det som grip ein veldig sterkt sjølv, så er det kanskje det som grip andre veldig sterkt også?

Epilog

Øystein Ustvedts «pauseår» frå Munch har bestått av å samle alle Nasjonalmuseets Munch-verk i ein katalog. Dessutan har norske og utanlandske journalistar ringt jamleg i samband med opninga av det nye Munchmuseet. Munch-bøkene er aldri langt unna, verken på kontoret eller heime.

Han har byrja å lure på om han nokon gong blir ferdig med fyren. Samtidig prøvar han, fordi det er ein fare for at Munch kan ta for stor plass, både i hans liv og i kunsthistoria.

– Då vil det vere andre kunstnarar som blir oversett.

Men når han ser Munchs bilete, då er det vanskeleg å sleppe taket.

– Det er noko ved desse bileta som framleis triggar meg. Eg kjenner alltid på ei djup glede ved å sjå Munchs kunst.

Solen av Edvard Munch

«SOLEN»: Kjenner du varmen?

Kjelder: «Munch. En introduksjon til bildene og livet» av Øystein Ustvedt, «Munch» av Atle Næss, «Skrik - historien om et bilde» av Poul Erik Tøjner og Bjarne Riiser Gundersen, «Edvard Munch: nærbilde av et geni» av Rolf Stenersen.

NRK har følgt flyttinga av Munchs skjøre milliard-skattar i fleire år. Her kan du sjå premieren på dokumentarserien:

Høsten 2019 er det travel flytteinnspurt på Tøyen. Byggingen av nytt museum i Bjørvika ser ut til å gå på skinner - men overraskelser kommer.

Hei!

Kommentarar til saka, eller tips til nye saker? Ta gjerne kontakt. Eg er ei av dei som ikkje blir lei av Munch, og har tidlegare skrive om korleis krigen påverka kunstsamlinga hans. I tillegg til å jamleg dukke ned i kulturhistorie, skriv eg ein del portrett, samt saker innanfor kunst, musikk og populærkultur. Du finn alle våre langlesingar her

Enda meir mat til Munch-forelskinga di:

Tracy Emin

Lagde kunstverk med brukte kondomer – nå skal hun prege Oslo

Møt Tracey Emin.

Josef Terbovens visittkort

Kvifor eigde Munch nazistens visittkort?

Då okkupantane banka på døra til Noregs største kjendis.

Munch-museet i Bjørvika
Arkitektur

«Et arr på Oslos ansikt»

ANMELDELSE: Munchmuseet.