Historien om de nordiske folk av Olaus Magnus
Foto: Javier Auris / NRK

Boka bak mytane om Norden

Ei 500 år gamal bok gir svaret på korleis symje med full rustning, vinne krigar ved hjelp av snøball – og få bukt med myggen.

Lenge før hipsterar med musearm søkte etter småbruk på Finn, preika ein svensk biskop om at å leve i pakt med naturen var det beste.

Ved starten av 1550-talet sat Olaus Magnus ved skrivebordet i Roma og lengta tilbake til det enkle bondeliv. Han var katolsk biskop i eksil etter at lutheranismen hadde inntatt Sverige.

I den italienske storbyen opplevde han at få kjente til Norden. På denne tida var Noreg og nabolanda ein kvit flekk på kartet, og rykta gjekk om eit barbarisk folkeslag.

Olaus ville viske ut dei gamle mytane og opplyse utlendingane om Nordens dyr, folk og skikkar. Difor gav han i 1555 ut «Historien om de nordiske folk» på latin.

Boka er eit samansurium av fakta og fantasi, basert på hans observasjonar på reise. Ho består av vanvitige 22 bind, 770 kapittel og 500 illustrasjonar.

Boka blei raskt ein suksess. Dei neste åra kom ho ut i over 20 forskjellige utgåver på engelsk, fransk, italiensk, nederlandsk, latin og tysk. Ho fekk slik mykje å seie for korleis andre oppfatta Norden.

Kva med oss her heime? Det tok si tid før boka kom på svensk. Ho finst enno ikkje på norsk, men akkurat no ligg ei komplett førsteutgåve på latin hos Nasjonalmuseet. Boka er nemleg blant fjorårets nyinnkjøp og ein del av utstillinga «En samling blir til».

Ein junidag får eg kome ned og ta ein titt. Assistert av ein medarbeidar med latekshanskar opnar den gamle boka seg. Det knirkar for kvar side. Vi har den svenske omsetjinga parat ved sidan av for å kunne tyde latinen.

Går det an å kjenne seg att i ei 500 år gammal bok?

Ja. Eg les om fortida, men ser også notida. Dette er mine funn:

Når du klør i lyse netter, søk trøyst i at andre har gjort det før deg

«I dei fjernaste traktene i nord er du, i land som på vatnet, sterkt forstyrra av store mygg, spesielt av deira stammande og uuthaldelege klynking som stadig er rådande både dag og natt,» kan vi lese i boka.

Nesten 500 år seinare har menneska funne opp elektrisitet, Internett, Crocs og plaster, vi har bygd Eiffeltårnet og Empire State Building, men myggen slit vi framleis med.

Malurt, ei bitter urt som blir brukt i brennevin, var insektmiddelet den gong. Dei tørka, brann og smurte seg inn med henne. Tanken var at myggen skulle forsvinne når han kjente lukta. Bønder sette fyr på einebuskar for å halde insektet unna beita, og husa blei vaska med ei blanding av ulike urter. Olaus Magnus påpeika at du også kunne smørje deg inn med skokrem, eventuelt i ein kombinasjon.

Dette var likevel ikkje nok.

«Men når du vil sove, må du ha eit lite telt, laga av lin eller never, som eit deksel for myggangrep. Slik kan du bli heilt avskoren frå desse pipande insekta, slik at du i løpet av kvila ikkje blir plaga av to vonde ting: stinga og den uuthaldelege latteren.»

Ein eldgammal versjon av den populære og alltid utselde myggnettingen dukkar opp i boka:

Mygg i Olaus Magnus si bok

MYGGNETTING ANNO 1555: Dei fantastiske tresnitt-illustrasjonane er hovudgrunnen til at Nasjonalmuseet har kjøpt inn boka.

Foto: Javier Auris / NRK

Olaus Magnus forklarar at Norden er forbanna med dette insektet fordi det er så lyst her heile døgnet. Flaggermus og andre fuglar som vanlegvis et mygg skuggar banen når midnattssola kjem. Heldigvis døyr myggen like kjapt som dei kom, dei blir tatt av den bistre nordavinden, konkluderer Olaus Magnus.

Alt var betre før – også før

Olaus Magnus var romantisk på vegner av fortida. Han sakna tida då alle var katolikkar, og var redd for at Sverige skulle gå under dersom lutheranismen fekk vinne fram. Bokverket hans var på denne måten politisk. Målet var å overtyde europearar om at nordbuarane var verdt å redde frå «kjetteri».

Olaus Magnus levde i byen, men sakna skogane og den nordiske lufta. Lengselen var typisk, då og no – utviklinga av sivilisasjonen blei sett på som eit steg bort frå bondekulturen. Den som har vore lenge vekke heimanfrå, får kanskje trong til å romantisere litt ekstra?

Olaus Magnus laga forresten også eit imponerande kart over området:

Carta Marina

CARTA MARINA: Olaus Magnus la grunnlaget for boka med eit kart i 1539. Det var første gongen Norden var vist på eit kart av denne storleiken, men han gjorde visse feil. I Noreg hoppa han for eksempel rett frå Gudbrandsdalen til Nordmøre.

Illustrasjon: Olaus Magnus / Redigert av Debivort, Wikipedia, CC BY-SA 3.0

... men det var meir krig før

I tillegg til reformasjonen, er det eitt tema som går igjen i heile boka: Krig. Krig, krig, krig. Det var visst mykje krig i Norden før. Dei verste krigskjempene var danskane, ifølgje svensken Olaus Magnus. Dei tok føre seg som tyrannar.

Skildringa er nok farga av hans eige blodraude erfaring. Olaus Magnus var nemleg vitne til blodbadet i Stockholm i 1520, då dansken Christian den andre blei konge av Sverige. Handlingane han sette i gang, kan minne om den episke episoden «The Red Wedding» i «Game of Thrones». Kongen inviterte nemleg folket til fest i Stockholm, tre dagar til ende, men før festen var over, stengde han portane til byen. Alle som kunne tenkjast å vere mot kongen, blei avretta: Biskopar, adelege, borgarmeistrar og rådmenn, bønder og vanlege borgarar, til saman 94 menneske.

Olaus Magnus var augevitne og blei blant dei første til å fortelje om korleis dei døde kroppane låg i gatene til skrekk og gru i tre dagar før dei blei gravlagt utanfor Stockholm.

Boka er ekstremt nasjonalistisk. Det 34. kapittelet i bok åtte heiter for eksempel «Korleis kjenne igjen og beskytte seg mot forrædarar». Fiendane var mange; eigentleg alle som ikkje var på lag med svenskane. Olaus Magnus konkluderer med at «heile slekta av forrædarar er så mangfaldige og varierte i sin vondskap» at dei verken av frykt for Gud, naturen, eller til og med død eller lemlesting, kan bli overtalt til å gi opp sine kriminelle planar.

Forståeleg nok kjem han difor med lange praktiske utgreiingar om korleis overliste fienden. «Om din uven bøyer kne for deg, så tru han ikkje,» åtvarar Olaus Magnus. Av og til kan ein kjapp død vere riktig, av og til den meir langsame varianten: Å bli forvist frå sitt eige land.

Når Olaus Magnus skriv om sitt eige folk, er det berre positive karakteristikkar som får kome med. Dei er gode og noble krigskjempar.

Krig i Olaus Magnus si bok

KRIG: Ikkje alt var betre før.

Foto: Javier Auris / NRK

Norden-reklamen har alltid handla om troll

Ikkje anna å vente at boka slo an i utlandet – ho hadde jo troll i seg.

Sjølv om Magnus sitt mål var å bli kvitt fordommane om Norden, gjekk han i fella og skapte nye mytar. Dette gjeld først og fremst alt det magiske som han skriv om, som fear, trolldom og monster. Hans poeng er at vi klarer oss betre enn andre nasjonar, vi er langt frå barbarar, men har magiske vesen og ein natur som andre nasjonar bør frykte.

Han skriv at heksene får andre under si makt ved hjelp av trolldrikkar, dei skremmer folk ved å syngje og setje hestehovud opp på pålar.

I iveren skryt Olaus Magnus av korleis det svenske militæret brukar samisk trolldom i krigsføringa. Dei utnyttar vindane og stormane slik at fiendane bukkar under. Dette skulle hefte ved dei ei tid etterpå.

Trollkvinner og storm i Olaus Magnus si bok

STORM: Styrt av trollkvinnene. Pass deg!

Foto: Javier Auris / NRK

Trolla si rolle er toegga. Dei kan gjerne hjelpe menneska. I gruvene og stallane er det dei som gjer grovarbeidet. Dei høgg ut steinen, lesser han opp på traller og heisar han opp. Samtidig er det trolla som får skulda for gruveulukker, som eit plott mot menneska.

Nokre av desse skapningane og førestillingane var vanleg folketru på 1500-talet, men ved å ta dei med i boka si, forsterka Olaus Magnus mytane. Ikkje lenge etter at boka kom ut blei magi kriminalisert og hekser brent på bål. Nokre brukte boka til å sidestille «nord» og «skummel magi». Dette la noko skugge over Olaus Magnus sine positive karakteristikkar av Norden.

Sjøuhyre i Olaus Magnus si bok

FLEIRE FARAR PÅ FERDE: Sjøorm.

Foto: Javier Auris / NRK

Å google folk frå 1500-talet er ei bildefattig affære

Undervegs i lesinga byrjar eg å lure på korleis Olaus Magnus såg ut.

Ei vitskapeleg hobby-nettside spekulerer i om det kan vere Olaus Magnus som er sett som tøff reisande med hest i boka. Tesen blir styrkt ved at ein ganske lik figur dukkar opp på kartet hans. Kanskje er det ein subtilt plassert selfie?

Portrett av Olaus Magnus

KAN DET VERE... Olaus Magnus med hest.

Illustrasjon: Olaus Magnus

Uansett, vi veit at bror hans såg cirka slik ut, så sjå for deg Olaus Magnus i same stil:

Johannes Magnus, erkebiskop og bror til Olaus Magnus

MAGNUS NUMMER TO: Johannes.

Foto: Skara Portrait Collection

Snøballkrig er gamalt nytt

Olaus Magnus skriv utfyllande om dei ulike typane snø i Norden, om enn med rik fantasi. Han er innom snø, hagl og rim – og viser til at det kan kome 20 typar snø i løpet av eitt døgn.

Snøen har ulike eigenskapar. Haglkulene kan bli like store som kalvehovud og vere dødelege, medan det ikkje er måte på kor vakre snøkrystallane er. Olaus fortel om korleis kulden og naturens kunst smykkar glasa med rim på ein måte som kunstnarar aldri kan etterlikne.

Ulike typar snø i Olaus Magnus si bok frå 1555

VÊRMELDING: Snø, snø, snø.

Foto: Javier Auris / NRK

Vinteren blir elles brukt til å trene opp barna i «krigerske idrettar». Dei oppfører festningar av snø som kan motstå kuler og mursteinar frå fienden. Så fordeler barna seg på to lag, eitt som skal forsvare festninga, og eitt som angrip. Det einaste våpenet som er tillate, er snøballar, men utan stein i – det er trass alt krig på lat.

Dei som prøvar å rømme, blir straffa med kald snø nedetter ryggen.

I tillegg til den heftige innføringa i snø, lærer eg at vi alltid har gått på ski. Nordbuarane på 1500-talet hadde til og med felleski.

Skigåarar i Olaus Magnus-boka

SKISKYTING: Tidleg forsøk.

Foto: Javier Auris / NRK

Dei hadde baderingar i 1555

... og det er meir å kjenne seg att i. Spesifikt i det 29. kapittel i bok ti. Her kjem eg over ein fyr som duppar i vatnet på ein oppblåst lêrsekk. Berre pina colada-en manglar. Hadde dei baderingar på 1500-talet, altså?

Ja, men bruken var annleis. Her er det ingen ferie å spore. Kapittelet heiter jo «Korleis ein krigar i full rustning kan symje ved hjelp av ein lêrsekk, som ein blæs opp ved hjelp av eit rør.»

Svømmering i Olaus Magnus si bok

ROBOT-AKTIG: Denne illustrasjonen ser mystisk robot-aktig ut, nesten som eit Kraftwerk-cover.

Foto: Javier Auris / NRK

Baderingen er sydd av hjorteskinn, skriv Olaus Magnus. Akkurat som flytevestane på fly, kan du blåse han opp sjølv gjennom røret.

Olaus Magnus brukar elles mykje tid på symjing i boka si. Det er ein livsviktig evne som er høgt skatta av biskopen. Ofte er symjinga knytt til kamp, for eksempel viser han korleis knektar kan symje med full rustning på over ei demning. Eit tau blir kasta ut, og dei held seg fast med eine handa medan dei sym over.

Han viser dessutan til andre folkeslag som ikkje har sett så stor pris på symjing som det nordiske folket, og dermed dumma seg ut.

Svømming i Olaus Magnus si bok

SYMJETRENING: Praktisk informasjon i Olaus Magnus si bok.

Foto: Javier Auris / NRK

Nordiske kvinner er meir naturlege enn andre

Boka er sirleg oppbygd, nesten som eit leksikon, men sjølve forteljinga gir eit kaotisk inntrykk. Der dagens skuleelevar er trent opp til disposisjon og overgang mellom avsnitt i stilskrivinga, hoppar Olaus Magnus frå det eine til det andre.

Forklaringa er at på 1500-talet var ikkje kronologi så viktig i framstillinga.

Nokon har tatt ein jafs av den gamle boka til Olaus Magnus

HER HAR DET VORE NOKON OG SPIST: Mest sannsynleg sølvkre. Boka er elles i overraskande god stand til å vere 500 år gamal.

Foto: Javier Auris / NRK

Midt i ein teknisk harang om korleis skyte best, kjem Olaus Magnus på dei nordiske kvinnene. Han skriv at dei er «veldig fruktbare og vakre, hovudsakleg fordi naturen har gitt dei ei raud og kvit hud. Sminke verken kjenner eller vil dei bruke, sjølv om naturen er hard mot dei».

Eg lar bilete på netthinna av spraytan, silikon og bleika hår gli like glatt forbi som nyvaksa leggar, og les vidare. No tar Olaus Magnus fram peikefingeren.

«Eg er sikker på at mange utmerka italienarar, spesielt venetianarar, skulle vere langt meir trufaste og lukkelege på heimebane om deira sanselege kvinner ikkje hadde tilgang til å pynte seg med sminke.»

Sånn sat han og drøymde om dei nordiske kvinnene som han aldri igjen skulle få menge seg med. Olaus Magnus levde i eksil til han døydde i 1557.

PS:

Kurator Møyfrid Tveit og papirkonservator Marie Kleivane hjelpte til med lesinga av boka. Teikningane er henta frå den latinske originalutgåva, sitata er henta frå den svenske utgåva.

Frå før av eig Nasjonalbiblioteket og Universitetet i Tromsø utgåver på fleire språk. Er du interessert i å kjøpe førsteutgåva, må du rekne med å punge ut. Eit søk på antikvariat.net, ein felles søkjemotor for skandinaviske antikvariat, gir for eksempel to treff på 125.000 kroner og 163.000 kroner.

Andre kjelder: «Olaus Magnus» av Rune Blix Hagen, Kira Moss, Kungliga biblioteket om Olaus Magnus si augevitneskildring av blodbadet i Stockholm, «Köldens poet» av Kurt Johannesson, «Stockholms blodbad» i Store Norske Leksikon og «Om verdens beskaffenhet» av Knut Kjenstadli i Samtiden nr. 2, 1991.

Hei!

Har du tips til kva mi neste sak bør handle om? Ta gjerne kontakt. Tidlegare har eg mellom anna skildra eit gamalt måleri som blei foreina med sin betre halvdel, lurt på kvifor det er einhjørningar overalt, og fortalt historia om då Edvard Munch fekk visittkortet til Josef Terboven

Anbefalt vidare lesnad: