- Dette er eit fantastisk kulturcruise, i ordets rette forstand, fortel orkestersjef Martin Revheim til Nitimen.
Saman med Wenche
Denne gongen er det Norge si første internasjonale popstjerne som skal vere med. Ho har gitt ut mange plater og i 2004 fekk ho St. Olavs Orden, og ho feira 50- års jubileum som artist.
Det er på turen sørover Wenche skal vere med KORK-gjengen.
-Det er heilt spesielt for ein artist å få lov til å sveve oppe på toppen av eit slikt nydeleg orkester, fortel ei stolt Wenche Myhre til Nitimen.
Ikkje berre Wenche
Endå Wenche Myhre er ei stor stjerne skal ho ikkje reise aleine med KORK.
- Det blir ikkje berre Wenche og Anders Eljas som går ombord, men og Håvard Gimle, Arvid Engegård og heile KORK, og det saman med forskjellege kulturpersonar i NRK, fortel Martin Revheim.
På og ikkje av
- Dette er turen for dei som vil "koble på" og ikkje "koble av" når dei har fri, fortel Revheim.