Sendinga er hyllest til den no avdøde popstjerna Michael Jackson.
Jubileumskonserten i 2001 var første gongen på fleire år at Michael Jackson opptredde live. I tillegg vart konserten ei musikalsk gjenforening med brødrene i The Jacksons, som han ikkje hadde spelt med på 20 år.
Spesialutgåve
I 2001 var programmet sendt på amerikansk fjernsyn med originaltittelen “Michael Jackson: 30th Anniversary Celebration, The Solo Years”. I USA hadde konserten 45 millionar sjåarar, og er dermed eit av dei mest sette musikkprogramma på TV gjennom tidene.
I april-mai i år vart det laga ei spesialutgåve av programmet, og det er denne som no skal visast på NRK førstkomande laurdag.
Motown-hits og solohøgdepunkt
Michael og brødrene i Motowns Jackson Five feira med konserten sine historiske Billboard-merittar med hits som "ABC," "The Love You Save," "I'll Be There," og "I Want You Back".
Trass i dei legendariske poplåtane frå tida med Jackson Five, er det Michael Jacksons sine framføring av sine eigne store solohits som er dei største høgdepunkta i programmet. Her får du sjå han syngje låtar som "Billie Jean," "The Way You Make Me Feel," "Black or White," "Never Can Say Goodbye," og "Beat It”.
Programmet er Michael Jacksons siste musikalske live-deltaking på TV.
Jubileumskonserten vert sendt på NRK1 laurdag 11. juli kl. 20.50.