Hopp til innhold

Verdas største språknettstad fekk nynorskkurs rett før «heile verda» oppdaga nynorsk

– Det kunne ikkje ha kome på eit betre tidspunkt, seier Noregs Mållag.

Norges Mållag jublar over Duolingo på nynorsk

Noregs Mållag jublar for at nynorsk er på plass i Duolingo-universet. Frå venstre: Gro Morken Endresen, Ingar Arnøy, Erik Grov, Vemund Norekvål Knudsen og Per Henning Arntsen.

Foto: Frida Pernille Mikkelsen / Noregs Mållag

Dei har mykje å juble over om dagen.

Noregs Mållag er framleis i sigersrus snart åtte veker etter dei fekk vite at nobelprisen i litteratur for første gong går til ein nynorskforfattar.

– Nynorsken fortente å få ein nobelpris, sa Jon Fosse sjølv om bragda.

Men datoen 5. oktober er ikkje berre ein historisk dag for nynorsken her heime – det er også dagen resten av verda vart introdusert for nynorsken.

Tilfeldigvis skulle dette klaffe med det første nynorskkurset innanfor Duolingo-universet, som også er verdas største språkopplæringsverktøy på nett.

Frida Pernille Mikkelsen har lønsjpause saman med resten av styret i Noregs Mållag

– Nye medlemmer har strøymt inn etter 5. oktober, og i det siste har det teke seg ekstra opp, fortel Frida Pernille Mikkelsen, politikk- og kommunikasjonsrådgjevar i Noregs Mållag.

Foto: Ingrid Nedrebø / NRK

– Det perfekte tidspunktet

Det er privatperson og nynorskentusiast Johanna Breivang som står bak kurset ho har kalla «Duosoger».

Reint tilfeldig skulle dette vere på plass kort tid før Fosse-feberen tok av.

Organisasjonsrådgjevar i mållaget, Eirik Grov, meiner dette ikkje kunne ha kome på eit meir perfekt tidspunkt.

– Mange kjem til å ville lese Fosse på originalspråket. Det kunne ikkje ha vore eit betre tidspunkt å få dette på plass.

Noregs Mållag jublar

Noregs Mållag viser fram det nye kurset på Duostories.

Foto: Frida Pernille Mikkelsen / Noregs Mållag

Appen Duolingo og nettstaden Duostories har etablerte kurs i store verdsspråk, samt mindre språk, urspråk og fantasispråk for dei over 100 millionar brukarane verda over.

– Duolingo-universet har lenge hatt etablerte kurs for fantasispråk som valyrisk frå «Game of Thrones», men altså ikkje nynorsk før no, seier Vemund Norekvål Knudsen i mållaget.

Fosse-redaktøren ringt ned med nynorskspørsmål

Ei som har merka korleis den internasjonale interessa for nynorsk har auka, er Jon Fosse sin redaktør i Samlaget, Cecilie Seiness.

Redaktøren til Jon Fosse

Cecilie Seiness i Samlaget seier ho blei intervjua om kva nynorsk er då Fosse fekk Nobelprisen.

Foto: Thomas Alvarstein Owe

Dagen Jon Fosse vart lest opp som mottakar av prisen, fekk ho fleire telefonar frå internasjonal presse som ønskte seg den lette forklaringa på kva nynorsk er.

Men kvifor? Seiness trur det har ei logisk forklaring.

– Fosse var tidleg ute med å seie til pressa at det var ein pris til nynorsken. Det gjer at ein også i utlandet blir oppteken av det.

Nynorsk i verdspressa

Frida Pernille Mikkelsen i mållaget er samd med Samlaget-redaktøren.

Når ein skriv om forfattaren må ein også skrive om språket hans, som er nynorsk. Det har det stått mykje om i internasjonal presse den siste månaden.

Ho trekk fram The New York Times som døme. Også Aftonbladet sette fokus på Ivar Aasen sitt språk ved å publisere kronikken «Frå spynorsk til elska nobelspråk».

– Difor er det også heilt perfekt timing at ein kan gå inn på Duostories å sjekke ut kva nynorsk faktisk er for noko, seier Mikkelsen.

Lønsj hos Noregs Mållag

– Når den fjerne tanta mi ringer for å gratulere meg for nobelpris til Jon Fosse, så seier det noko om folk blir kry, seier Hege Lothe (til venstre). Dagleg leiar Gro Morken Endresen til høgre.

Foto: Ingrid Nedrebø / NRK

Men det nye kurset kan vere meir enn ein døropnar for Fosse sin litteratur, trur Hege Lothe.

– Det er mange som kjem til Noreg og vil lære seg språket, men som ikkje har rett på eit norskkurs. For dei kan dette vere ein inngang.

– Også er det jo alle dei som får seg kjærast i Noreg som kan bruke dette til å imponere kjærasten, legg ho til.

Kulturstrøm

  • 1,6 millioner på Madonna-konsert

    – Dette stedet er magisk, sa Madonna på Copacabana-stranda i den brasilianske storbyen Rio de Janeiro lørdag kveld.

    Ifølge Deadline er pulikumstallet anslått til 1,6 millioner mennesker.

    Giga-gratiskonserten markerte avslutningen på hennes «Celebration Tour». Første konsert var i London i oktober i fjor.

    Den 65-årige superstjernen startet ballet med «Nothing Really Matters» fra 1998. Dette er første gang «dronningen av pop» har en retrospektiv turné, og hun framfører låter fra karrieren på mer enn fire tiår.

    – Her er vi på det vakreste stedet i verden, sa Madonna og viste til utsikten mot havet, fjellene og Kristusstatuen på en av byens høyder.

    (NTB)

    Madonna avsluttet turneen i Rio de Janeiro lørdag.
    Foto: AP
  • Norge vant sølv i EM brass band

    Eikanger-Bjørsvik Musikklag fra Nordhordland havnet på en 2. pass i det europeiske brassbandmesterskapet i mesterskapsseksjon i Palanga i Litauen lørdag.

    I tillegg vant de solistpris for trombonisten.

    – Eikanger-Bjørsvik er veldig fornøyd med 2. premie på EBBC 2024 Palanga, skriver Eikanger-Bjørsvik musikklag på Facebook.

    Brassband Treize Etoiles fra Sveits fikk 1. plass og Brassband Willebroek fra Belgia fikk 3.-plassen, ifølge resultatlisten.

  • 40 år sidan Dollie-jentene song for livet

    Søndag er det nøyaktig 40 år sidan den norske duoen Dollie de Luxe deltok i den internasjonale Eurovision-finalen med låten «Lenge leve livet».

    På Instagram spør Dollie-medlem Ingrid Bjørnov om andre også har hatt filler i håret! Benedikte Adrian var den andre i duoen, som kom på 17. plass i finalen.

    Dollie de Luxe ble nummer 17 av 19 i den internasjonale Melodi Grand Prix-finalen i 1984.