Hopp til innhold

Verandapåske!

Dersom du trur at alle reiser til fjells i påska så tek du feil! Det er nemleg berre eit fåtal av oss som rømer dit for å nyte siste snølaget og bli ekstra brune.

Orgelet i Domkyrkja i Bergen
Foto: NRK
Domprost i Bergen Ørnulf Elseth
Foto: NRK

Påske er først og fremst éi av tre store høgtider i kyrkja. Det seier domprost i Bergen, Ørnulf Elseth. Påskeveka er den stille veka, men for meg er dette vanskelig å forstå. For der føregår både konsertar og korsvandring - i alle fall i Bergen.

Godt skiføre i byen

Smøretips - fiskeolje og regn.
Foto: NRK

Ein skulle tru at vi må til fjells for å finne godt skiføre på denne tida av året. Men på Zachariasbryggen vil dei arrangere skirenn om regnet auser ned. Det skjer 1. Påskedag, men vi fekk teste både smurning og løype. At det var god gli var det ingen tvil om. Vått var det i alle fall. Det var det óg for desse modige ungdomane som hoppa i sjøen.

Vågal ungdom
Foto: NRK

Krim høyrer med

Å få eit svar frå Varg Veum - Bergen sin store krimhelt - er ikkje enkelt. Men Gunnar Staalesen kunne fortelje at den boka han er mest stolt av startar med å avsløre eit mord alt på første sida.

Gunnar Staalesen,Varg Veum og Birger Meland
Foto: NRK

Om valget er vanskelig

Og Sylvi Gjervik på Nordli Bokhandel var meir enn villig å gje meg tips om gode krimbøker.

Sylvia Gjervik,Nordli bokhandel
Foto: NRK

Véravhengig underhaldning

Dei som har arrangement innomhus ynskjer seg dårleg ver. Dette aukar besøket, mellom anna hos Bergen kino, seier Hans Øksenvåg. Det må sjølvsagt vere krimfilm i påska. Filmen han har mest tru på og som har premiére torsdag, er "Skjult". Det er nok ein god del som får ei grøssande oppleving i ein mørklagt kinosal.

Verandapåske

Verandapåske på meg.
Foto: NRK

Sjølv skal eg ha «verandapåske». For det skal lagast Norge Rundt til Langfredag óg. Men då er det endra sendetid. Programmet starter ikkje før etter påskenøttene - kl 19.45. Om du ikkje får med deg sendinga så kan du laste oss ned podkast. Der finn du óg mange andre gobitar. Mellom anna ein hund som spelar fotball. God fornøyelse og god helg. Vi sjåast neste fredag for det er ALDRI ein fredag utan Norge Rundt !

Kulturstrøm

  • Norsk politi er på plass i Malmö – kjem frå Oslo Politidistrikt

    Eurovision-veka i Malmö er i gang, og norsk politi er på plass.

    Politidirektoratet vil ikkje seie kor mange frå norsk politi som skal hjelpe svensk politi.

    – Vi går ikkje ut med det eksakte talet på personar som skal delta, men kan stadfeste at personellet kjem frå Oslo Politidistrikt som har god kompetanse på denne typen oppdrag, skriv seksjonssjef Torgeir Haugen i ein e-post til NRK.

    I Sverige er arrangementet sett på som ein «nationell särskild händelse», som betyr eit stort politioppbod frå heile Sverige og nabolanda.

    Det er vente store demonstrasjonar i byen denne veka.

  • Nintendo varsler ny konsoll i år

    Det japanske spillselskapet Nintendo varsler at arvtakeren til deres spillkonsoll Switch vil bli presentert innen utgangen av selskapets regnskapsår, melder nyhetsbyrået AFP.

    Nintendo Switch er selskapets mestselgende konsoll noensinne. I desember 2023 var det solgt 139 millioner eksemplarer på verdensbasis.