Hopp til innhold

Venstre-Trine blir hylla for teaterbesøk

Trine Skei Grande får ros for å ha droppa budsjettforhandlingane for å gå på teater med sin fire år gamle nevø. – Viser korleis Trine er, seier Knut Arild Hareide.

Trine Skei Grande

– Det er slik i livet at ein skal halde det ein lovar, både til store og til små, sa Trine Skei Grande for å forklara kvifor ho la budsjettpapira til side og gjekk på teater med nevøen.

Foto: Torstein Bøe / NTB Scanpix

Saka om at Trine Skei Grande gjekk på teater under den intense innspurten i budsjettforhandlingane, har vekt stor merksemd.

Venstre-leiaren hadde nemleg ein viktig avtale: ho hadde lova å sjå "Jul i Blåfjell" med sin fire år gamle nevø.

– Dette er veldig rart, og eg trur ikkje noko liknande ville ha skjedd i Tyskland, sa den tyske journalisten Sigrid Harms i Deutsche Presse Agentur til NRK.

No vert Trine Skei Grande hylla av partikollegaane sine.

– Det første Trine sa då me starta forhandlingane var "eg er budd på å stilla opp 24 timar i døgnet dei næraste dagane, men med eitt vesentleg unntak onsdag klokka 18:00. Då skal Linus og eg på teater, fortel KRF-leiar Knut Arild Hareide.

Han vart ikkje snurt då sentrumskamerat Venstre droppa politikk til fordel for barneteater.

– Dette viser korleis Trine er. Ho går fullt og heilt inn i politikken for å gjera ein positiv forskjell med sin smittande varme. Og ovanfor sine næraste held ho alltid det ho lovar, seier KRF-leiaren.

Også opposisjonspartia støttar Trine sine prioriteringar.

– Sjølvsagt kan ho gå på teater med nevøen sin! Ein skal halda avtalar, og særleg dei avtalane ein gjer med barn, seier SV-leiar Audun Lysbakken.

– Det er bra at politikarar i Noreg kan kombinera jobb og privatliv. Dette er eit døme på at politikarar har eit privatliv å ta vare på utanfor politikken, seier AP-leiar Jonas Gahr Støre til NRK.

I kveld vart det klart at regjeringspartia og støttepartia ikkje vil klara å bli ferdige innan fristen klokka 12 på fredag. Forhandlingane om statsbudsjettet blir derfor utsett til søndag.

Det veit opposisjonen å utnytta, Jonas Gahr Støre kommenterer tørt til NRK:

– Eg trur det er større utfordringar for dette budsjettet enn to timar med "Jul i Blåfjell".

Kulturstrøm

  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.

  • Taylor Swift slår sin egen vinylsalg-rekord

    Taylor Swift solgte 700.000 eksemplarer av «Tortured Poets»-platen på bare tre dager fra fredag og ut helgen, melder Billboard.

    Det er ny rekord. Den gamle rekorden innehadde Swifts plate «1989 (Taylor's Version)», som ble sluppet i oktober i fjor og solgte 693.000 eksemplarer på sin første uke.

    (NTB)