Hopp til innhold

Varslar narko-oppgjer på twitter

Medan meksikanske journalistar vert drepne, eller pressa til sjølvsensur av narkokartell, vert sosiale medium brukt som varsling for narko-oppgjer.

Journalist på jobb i Mexico

Mange journalistar vågar ikkje lenger rapportere frå narkotika-relaterte saker.

Foto: Salvador Gomez / Afp

Tusenvis av meksikanarar bruker sosiale medium for å varsle om rørslene til rørslene til narkotikamafiaen.

– Før refererte narkobloggen til avisene, no refererer avisene til narkobloggen, fortel den meksikanske journalisten Ismain Mandujano.

Narkotikakrigen i Mexico har ført til stengde mediehus og sjølvsensur, men no har narkotikamafiaen fått nye fiendar, nemleg twitrarar og bloggarar.

Rapporterer på Twitter

Tidlegare i år starta nokre studentar opp narkobloggen Blog del Narco , som rapporterer om Narkokrigen- fra begge sider. Her kan ein anonymt leggje ut informasjon, bilete og videosnuttar.

For medan journalister vert drepne eller pressa til sjølvsensur, har rapportering om narkotraffikken på sosiale medier blømt opp.

Ei stadig meir offensiv og lovlaus krigføring har ført til fleire og fleire sivile offer, og mange meksikanarar lever i konstant frykt. Narkokrigen har kosta over 28.000 menneskeliv dei siste fire åra.

Varslingsteneste for skotvekslingar

Media protesterer mot vald mot journalistar i Mexico

I august protesterte folk frå mediebransjen mot vald mot journalistar, som er eit stort problem i Mexico.

Foto: Marco Ugarte / Ap

Mange meksikanarar lever med daglege skotsalvar i nærmiljøet. Dei modigaste filmar skyteepisodane bak ei gardin, og legg dei ut på nettet.

Og medan vi her heime sjekkar gradestokken, sjekkar meksikanarane twitter og facebook før dei går ut døra.

– Dei sosiale media har vorte meksikanarane sitt varslingssystem for å unngå å hamne midt oppi skotvekslingar, eller snuble over lik, seier Ismain Mandujano.

I hamnebyen Tampico twittrar den lokale servicetenesta "infotampico" til dømes om dei døde kroppane som heng frå brua, og spør om nokon veit noko om denne hendinga.

Kan ikkje erstatte journalistikk

Problemet med desse tenestene er at ein kan ikkje vite sikkert kva for nokre som er truverdige og ikkje.

– Det er vanskeleg å vite kva ein skal stole på og ikkje. Men det er svært mange som bruker dette for å orientere seg, Roy Krøvel, foreleser ved Journalisthøyskolen, og Mexicokjenner.

Trass i at desse narkobloggane på mange måtar er eit nyttig verktøy, kan dei ikkje ta over rolla til media i Mexico, meiner Krøvel.

– For å få systematisk overblikk kan dei ikkje erstatte journalistikken, seier Krøvel.

Narkokartella bruker også nettet

Men sosiale medium og narkobloggar vert også brukt av mafiaen sjølv. Narkotika-kartella som er kjende for leggje igjen beskjedar i form av blodig skrift på veggen, eller hovudlause kroppar.

No har dei i tillegg teke i bruk groteske videobloggar og trugslar på sosiale medium for å spreie frykt i samfunnet.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.


Kulturstrøm

  • Girl in Red med historisk milepæl

    Ho er den første norske kvinnelege artisten som har fått éin milliard strøymingar på ein song på strøymetenesta Spotify.

    Det er låten «we fell in love in october» som har bikka éin milliard, ifølgje VG. Låten blei gjeve ut i 2018.

    Marie Ulven Ringheim, som ho eigentleg heiter, seier til avisa at ho synest det er veldig gøy at ei låt som ho har skrive, produsert, miksa og mastra har resonnert så mykje.

    Girl in Red
    Foto: ANNA KURTH / AFP
  • «Victoria må dø» vant publikumspris

    Den norske filmen «Victoria må dø» vant publikumsprisen under årets Barnefilmfestival i Kristiansand.

    «Mounted Games» av Karen Houge vant årets pitchekonkurranse og «Smerteterskel» stakk av med prisen for beste kortfilm.

    Festivalsjef Cathrine Sordal forteller i en pressemelding at det har blitt vist 83 filmer fra 42 land under årets festival.

    Barnefilmfestivalen har i år delt ut 10 ulike filmpriser. Her kan du lese om alle vinnerne.

  • Aaron Sorkin skriv «The Social Network»-oppfølgar

    Aaron Sorkin held på med eit manus til det han kallar «ein slags The Social Network-oppfølgar», fordi han meiner Facebook har skulda for storminga av Kongressen i USA 6. januar 2021.

    Det sa Sorkin under ei direktesending av podkasten «The Town». Han vil derimot ikkje seia kvifor han meiner Facebook står bak storminga.

    Sorkin fekk ein Oscar for manuset til dramafilmen The Social Network frå 2010, regissert av David Fincher. Filmen tek for seg oppstarten av Facebook.

    Sorkin har tidlegare sagt at han ønsker å skriva ein oppfølgar som utforskar «den mørke sida» av Facebook, særleg dersom Fincher vil regissere.

    Aaron Sorkin
    Foto: GARY HERSHORN / Reuters