Hopp til innhold

- Drep kvinner like godt som menn

179 kvinner er hittil i år drepne i den blodige krigen mellom rivaliserande narkotikabandar i Ciudad Juarez, den mest valdelege byen i Mexico.

Ei drepen kvinne på gata i Cuidad Juarez

Politimenn undersøkjer liket av ei drepen kvinne på gata i Ciudad Juarez.

Foto: Jesus Alcazar / Afp

Ciudad Juarez er den mest valdelege byen i Mexico.

Politimann på vakt i Cuidad Juarez, den mest valdelege byen i Mexico.

Foto: STRINGER/MEXICO / Reuters

Tidlegare var narkotikasmugling frå Mexico til USA ei rein mannfolk-greie. Det var macho-menn i alle greiner av trafikken i denne byen rett over grensa frå El Paso i Texas.

Høg arbeidsløyse

Høg arbeidsløyse og store sosiale problem i denne grensebyen har ført stadig fleire born og kvinner inn i klørne til dei mektige narkotikakartella som opererer i området.

For berre nokre få år sidan ville det å drepe ei kvinne ha vore utenkjeleg, også for narkotikabandane. No skjer det nesten dagleg.

I juni vart to 15 år gamle jenter skotne ned og drepne på opa gate i eit slumområde Ciduad Juarez. I august vart tre tenåringsjenter skotne og drepne under ein slags fest der det var mykje narkotika i omløp.

LES OGSÅ: Ledende narkobaron drept i Mexico

LES OGSÅ: Fant åtte hoder uten kropp

Heller ikkje i gravferder er ein trygg for angrep.

Angrep på gravferdsfølgje er ikkje uvanleg i Ciudad Juarez.

Foto: STRINGER/MEXICO / Reuters

- Dei drep kvinner like godt som menn. Desse drapa blir ikkje etterforska, og dei veit at dei kjem unna med deg, seier ein lokal journalist.

Kvinnene sitt inntog i narkotikatrafikken har gitt nye utfordringar for president Felipe Calderon, som har sett kampen mot narkotikasmugling som ein av sine viktigaste kampsaker.

28.000 drepne

Det er vanskeleg i ein situasjon der det er så og seie umogleg for dei fattige å finne ærleg arbeid.

Over 28.000 mennske er drepne i narkorelatert vald i Mexico sidan Calderon starta kampen sin mot narkotikakartella i 2006, og det ser ikkje ut som at valdsbruken er på retur. Snarare tvert imot.

Ei bestemor gret over det seks månader gamle barnebarnet sitt.

Ei bestemor gret over det seks månader gamle barnebarnet sitt, eit nytt offer i narkotikakrigen.

Foto: ALEJANDRO BRINGAS / Reuters

Tidlegare i sommar vart ein seks månader gammal gut drepen då leigemordarar gjekk til angrep på huset til familien. Målet for angrepet var faren, som var involvert i narkotikatrafikken.

Berre i Ciudad Juarez er 6400 menneske drepne i dei siste to og eit halvt åra. Det er i snitt meir enn sju kvar einaste dag.

Statsadvokat Patricia Gonzalez seier at 90 prosent av drapa på kvinner i delstaten Chihuahua har samband med organisert kriminalitet.

Det startar ofte med at unge jenter blir kjærastar med narkotikabandene sine leigemordarar, og dette fører ofte til at dei blir rekrutterte til å smugle narkotika til USA. For enno er det slik at det er mindre sjanse for at ei jente blir sjekka enn ein mann.

- Når kjærastane skal ut på eit drapsoppdrag inviterer dei ofte jentene med seg som om dei skulle ein tur på kjøpesenteret eller på kino.

Kvinneleg narkotikasmuglar

LES OGSÅ: Den vanskelige narkokrigen i Mexico

LES OGSÅ: Fant 51 lik i massegraver i Mexico

- Som ein tur på kino

- Når kjærastane skal ut på eit drapsoppdrag inviterer dei ofte jentene med seg som om dei skulle ein tur på kjøpesenteret eller på kino. Det har blitt fullstendig normalt å arbeide for narkotikakartella, seier ei ung jente som sjølv er involvert i narkotikatrafikken.

Narkotikatrafikken har fullstendig øydelagd det lovlege næringslivet i Ciudad Juarez. Tidlegare hadde byen ein blomstrande tekstilindustri som produserte klede til den amerikanske marknaden. Dette var i stor grad arbeidsplassar for kvinner.

No er 75.000 av desse arbeidsplassane borte, og arbeidsløysa gjer det lett for narkotikahandlarane å rekruttere både kvinner og menn.

Meksikanske aviser har den siste tida fortalt fleire historier om kvinnelege leigemordarar i narkotikakartella, men politiet festar ikkje lit til desse historiene.

Aide Arellano er sosialarbeidar i politiet i Ciudad Juarez. Han meiner dette går føre seg i liten grad, men at det ikkje er uvanleg at kvinnene gir ordre til leigemordarane om kven dei skal ta livet av.

To nye like er funne på gata i Ciudad Juarez.

Politimenn undersøkjer to nye like som er funne på gata i Cuidad Juarez. To nye offer for narkotikakrigen i byen.

Foto: STR / Afp

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

LES OGSÅ: – Ingen narkoterrorisme i Mexico

LES OGSÅ: Narkobande drepte 17 i Mexico

SISTE NYTT

Siste nytt