Hopp til innhold

– Twitter viktig for ytringsfridomen

Sosiale medium som Twitter er livsviktig for ytringsfridomen i Kina. Det meiner ein av dei fremste ekspertane i verda på sosiale medium.

Demonstrer for Liu Xiaobo i Hong Kong

Her demonstrerer menneskerettsforkjemparar i Hong Kong for lauslatinga av fredsprisvinnar Liu Xiaobo. Fredsprisvinnaren og andre opposisjonelle brukar sosiale medium aktivt.

Foto: MIKE CLARKE / Afp

I går heldt Greg Walton føredrag om sensur og ytringsfridom i Kina hjå Fritt Ord i Oslo. Han er er ekspert på informasjonsteknologi og sensur.

Det er snart tre veker sidan det vart klart at årets fredspris gjekk til den kinesiske dissidenten Liu Xiaobo . På bloggen til Walton kan ein lese at fredsprisvinnaren har kalla internett guds gåve til Kina. Det er Walton berre delvis samd i.

– Det er interessant at han nyttar så ladd språk. Ein kan sjå at han er kjenslemessig knytt til datamaskina og nettverket, fordi det lèt han kommunisere med kontaktane sine, seier Greg Walton.

Makt til styremaktene

Greg Walton

Greg Walton er ekspert på sosiale medium og sensur.

Foto: Ann-Iren Finstad / NRK

Men Walton er oppteken av at internett samstundes gjev makt til dei kinesiske styresmaktene.

– Kva for eit Kina. Kven sitt Kina? Er det guds gåve til det autoritære samfunnet, og guds gåve til partiet? Internett gjev også styresmaktene moglegheit til overvaking på internett.

Greg Walton kome seg forbi brannmurar til blokkerte nettsider i både Kina, Iran og andre regime. Men han fryktar at utviklinga kjem til å by på store problem for dei som er opptekne av ytringsfridom. For med teknologien følgjer også moglegheitene for at styresmaktene kan spore nettbrukarane.

– Eg trur dei ser på internett som ei moglegheit til å spore folk sine rørsler, på ein skala vi enno ikkje har sett maken til.

Andre spreiingsmekanismar

Ifølgje Walton er det berre 1-2 prosent av innbyggjarane i Kina som bruker medium som Twitter. Dei fungerar som oponionsleiarar, men vert grundig følgt av styresmaktene.

– Synspunkta frå kinesarar som sirkulerer på Twitter, når ikkje folk i Kina direkte. Men dei vert formidla vidare munnleg, eller plukka opp på Twitter og vidareformidla på andre forum. Nokre innlegg vert sletta, medan andre spreier seg, det er ei form for samizdat .

Slik sirkulerer meiningane ikkje direkte på Twitter, men vert spreidde gjennom andre mekanismar.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober