Hopp til innhold

Usensurert kinesisk Google

Sidan april har Google late vere å sensurere den kinesiske versjonen sin.

Kina Google

Kina har framleis eit kinesisk hovudkvarter i Beijing, men søkjeresultata går gjennom Hong Kong.

Foto: Gemunu Amarasinghe / AP

Trass dette er forholdet mellom internettgigangten Google og dei kinesiske styresmaktene tilsynelatande roleg, fortalde administrerende direktør i internettselskapet Google, Eric Schmidt onsdag.

– Situasjonen ser ut til å vere stabil, sa Schmidt, men la til at ein ikkje kan vite kor lenge det varer.

Eric Schmidt

Google-sjef Eric Schmidt.

Foto: John Raoux / AP

Google sitt forhold til kinesiske styresmakter har vore anstrengt etter at Google i januar truga med å trekkjer seg ut av Kina etter fleire systematiserte hacker-angrep . Angrep som mellom anna var retta mot e-post-kontoane til kinesiske menneskerettsaktivistar.

Som eit resultat av dette valde Google å avslutte samarbeidet med dei kinesiske styresmaktene, om å sensurere søkjeresultata for kinesiske Google . Sidan førre månad har difor Google vidaredirigert kinesiske brukarar til ei usensorert side i Hong Kong.

– Frå Google sitt perspektiv har vi teke vår avgjerd, og vi vil halde fram med å tene kinesiske innbyggjarar. Vi ynskjer å halde fram med verksemda vår i Kina, sa Eric Schmidt.

Sjølv om Hong Kong er ein del av Kina, er reglane for nettsensur annleis der enn i fastlands-Kina.

– Ved å flytte søkjeteneesta vår til Hong Kong vart det mogleg for oss å opererte lovleg i Kina under eit anna sett reglar enn dei vi hadde i Beijing.

Kulturstrøm

  • Gérard Depardieu stilles for retten i overgrepssak i oktober

    Skuespilleren Gérard Depardieu anklages for seksuelle overgrep og stilles for retten i oktober, opplyser fransk påtalemyndighet.

    Depardieu ble mandag løslatt etter å ha blitt avhørt om angivelige seksuelle overgrep, opplyser skuespillerens advokat. Skuespilleren nekter selv for å ha gjort noe galt.

  • ABBA-Benny lagar jinglar til svensk P2

    ABBA-veteranen Benny Andersson har komponert lydlogoar til den svenske radiokanalen P2, melder Sveriges Radio.

    – Eg har laga 37 forskjellige forslag for å sjå om hansken passa, seier komponisten og musikaren til kanalen.

    Jinglane er spelt inn saman med Sveriges Radios Symfoniorkester, og Andersson er sjølv med på piano.

    Dei nye lydsnuttane blei tekne i bruk måndag.

    Benny Andersson
    Foto: Alberto Pezzali / AP