Hopp til innhold

Unge uroa for personopplysningane sine

Unge er urolege for at det dei deler på nett skal komme i feil hender, men likevel les dei ikkje personvernerklæringane når dei brukar appar og sosiale medium. Det uroar Datatilsynet.

Personvernerklæring på Facebook

SJEKKAR SJELDAN: Ei undersøking viser at unge sjeldan sjekkar personvernerklæringane til appane dei brukar.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Bjørn Erik Thon

VANSKELEG: Bjørn Erik Thon er direktør i Datatilsynet, og han meiner personvernerklæringar er for vanskeleg tilgjengeleg og har for vanskeleg språk.

Foto: NRK

– Når ein byrjar å bruke ei teneste, ein app, eller kjøper eit eller anna, så må ein vite kva slags personopplysningar som vert samla inn, og kva opplysningane blir brukt til, seier Bjørn Erik Thon som er direktør i Datatilsynet.

– Det kan hende ein brukar tenester ein eigentleg ikkje ville brukt viss ein hadde visst kva dei samla inn, og kva opplysningane blei brukt til, seier Thon.

Etablerer eit mønster

Ifølge ei undersøking gjort på oppdrag for Medietilsynet, så er 8 av 10 unge, som er mellom 15 og 18 år, opptatte av om appar sporar kvar dei er og lagrar informasjon om dei. Likevel svarar 6 av 10 at dei endar dei opp med å bruke appane likevel.

Torgeir Waterhouse

BØR VITE: Torgeir Waterhouse er direktør i IKT Noreg, og han meiner det er viktig å ha kontroll på kva personopplysningar ein deler.

Foto: Pressefoto / IKT Norge

Av dei spurte i undersøkinga er det berre 4 prosent som les personvernerklæringa kvar einaste gong. 33 prosent les den av og til, og 63 prosent seier dei ikkje les den.

– Det er eit problem når ein brukar ei teneste, og ikkje har oversikt over kva som skjer med innsamla data, seier Torgeir Waterhouse som er direktør i IKT Noreg.

– Det er med å etablere eit mønster som truleg vil gjenta seg seinare, at ein venner seg til å ikkje ta omsyn til det, seier Waterhouse.

For vanskeleg

Johanne Helle

LES IKKJE: Johanne Helle (18) les ikkje personvernerklæringar.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

– Som regel les eg ikkje personvernerklæringar. Eg berre kryssar av at eg har gjort det, for det er så langt å lese, seier Johanne Helle (18).

Det er noko Ingrid Øverli (18) seier seg einig i, men ho meiner ansvaret om å vite om kva ein deler av informasjon også ligg på forbrukaren.

Ingrid Øverli

TYDELEG: Ingrid Øverli (18) meiner personvernerklæringar kunne vore meir tydelege.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

– Dei kunne kanskje valt ut og hatt tydelegare punkt med det viktigaste, sånn at det ikkje er ein lang tekst med masse informasjon som ikkje er relevant, seier Øverli.

Thon meiner personvernerklæringar burde vera klarare og meir tydeleg formidla, på eit språk også unge forstår.

Han meiner tenester som rettar seg mot unge har ein jobb å gjere når det gjeld å formidle kva opplysningane dei samlar inn blir brukt til.

– Også om det overførast til utlandet, om dei sel eller deler det med andre, og andre vesentlege opplysningar, seier Thon.

Også forbrukar sitt ansvar

I alvorlege tilfelle der tenester ikkje gir den informasjonen ein skal til forbrukarane, så kan Datatilsynet pålegge lovbrotsgebyr.

Waterhouse meiner det er betringspotensial for tenesteleverandørar når det gjeld å gjere informasjon om datainnsamling tilgjengeleg og forståeleg, men seier det er viktig at kvar enkelt set seg inn i kva tenester gjer med data dei samlar inn.

– Foreldre har eit stort ansvar, og skulen har eit ansvar og er ein arena. Myndigheitene elles, som for eksempel Datatilsynet, må også jobbe meir og betre med informasjon enn det som ein gjer i dag, seier Waterhouse.

Vil gjere det enkelt å bruke

Google har dei siste åra har jobba kontinuerleg med å oppdatere deira personvern- og sikkerheitsinnstillingar.

– Me ynskjer å gjere dei enkle å bruke, og har oppdatert våre informasjonssider med videoar og grafikk som gjer det tydeleg kva data forbrukaren deler, seier Helle Skjervold i Google Noreg.

– Når det gjeld app-kjøp spesifikt, må alle appar gjere det tydeleg på korleis data vil bli brukt, og krevje eit aktivt samtykke frå brukaren på ein tydeleg og brukarvenleg måte, seier ho.

Kulturstrøm

  • Låter fra Universal Music på vei tilbake til TikTok

    Musikk fra Universal Music vil igjen bli tilgjengelig på videoplattformen TikTok, melder partene i en pressemelding.

    Det skjer etter at partene har blitt enige om en ny lisensavtale.

    Universal Musics musikk har vært borte fra TikTok siden 1. februar i år.

    Universal Music mente den gang at TikTok forsøkte å bygge en musikkbasert virksomhet uten rettferdig betaling for musikken.

  • Gitarlegenden Duane Eddy er død

    Eddy døde av kreft på sykehuset Williamson Health, opplyser kona Deed Abbate, ifølge nyhetsbyrået AP.

    Duane Eddy var født i delstaten New York, men bodde i Arizona da han fikk sitt store gjennombrudd med låten «Rebel-'Rouser» i 1958. Han ble også kjent for blant annet «Because They're Young» og sin versjon av Henry Mancinis «Peter Gunn».

    Eddy betegnes som en av rockehistoriens mest innflytelsesrike instrumentalister og var en stor inspirasjonskilde for artister som George Harrison, Bruce Springsteen og John Fogerty, skriver Guitar World.

    (NTB)

    Duane Eddy under Stagecoach Music Festival i Indio i California i 2014.
    Foto: AP
  • Fausa og Antonsen til scenen sammen

    Atle Antonsen, Trond Fausa og Vidar Magnussen er blant skuespillerne som er klare for komedien «Peter Pan går til helvete» på Chateau Neuf i januar 2025.

    Ifølge en pressemelding blir oppsetningen den første norske versjonen av «Peter Pan Goes Wrong», som er spilt på Broadway og West End tidligere.

    Kim Haugen skal regissere og Bjarte Hjelmeland er produsent, og også Siw Anita Andersen, Nils-Ingar Aadne, Kristine Grændsen, Jan Martin Johnsen, Modou Bah og Tiril Heide-Steen står på rollelisten.

    Lena Kristin Ellingsen og Trond Fausa Aurvag på «Oppenheimer»-premiere i London i 2023.
    Foto: Vianney Le Caer / Invision / AP