– I vårt vesle hus har det i det siste gått opp og ned, skriv ekteparet og medieprofilane Tuva Fellman og Ronny Brede Aase i eit innlegg på Instagram.
– Opp, fordi me ventar spent på vårt andre barn. Ned, fordi Tuva har fått påvist brystkreft i løpet av svangerskapet og er i behandling.
VG omtala saka først.
I august skreiv avisa at Fellman fekk påvist forstadium til brystkreft i mai 2021. Ho måtte som følge fjerna det eine brystet.
Mykje på ei gong
I innlegget skriv ekteparet at det er mykje som skjer på ein gong.
– Men me har heldigvis kvarandre, nydelege folk rundt oss og eit heilt fantastisk helsevesen.
Innlegget ekteparet la ut på Instagram onsdag kveld.
Foto: Skjermdump / InstagramVidare legg dei til at det både er vanskeleg, rart og frigjerande å dela informasjonen.
– Livet framover blir ei surrealistisk blanding av kvardag, småbarnsliv og behandling. Og det skal me, på ein eller anna måte, få til, skriv dei avslutningsvis.
Fellman er mellom anna kjend som programleiar i TV-serien Naked Attraction og Love IRL på TVNorge, og har tidlegare jobba i NRK P3. Ronny Brede Aase har tidlegare vore programleiar i P3morgen på NRK P3 og i NRK-serien «Eit feitt liv».