Hopp til innhold

Trur TikTok kan bli avgjerande for valet

Nokre parti kastar seg over TikTok i valkampen, andre kallar det risikabelt. – Partia som ikkje er der kan miste mange unge veljarar, seier Utsyn.

Politikere på Tiktok

Forskar trur vi kan få eit «TikTok-val».

Foto: SKJERMDUMP

– Eg har tenkt å vere på TikTok i alle fall fram til kommunevalet.

Det sa Erna Solberg i den første TikTok-videoen sin tidlegare i sommar. Sidan har ho posta jamt og trutt om politikken til Høgre.

– Fordi altfor få ungdommar bruker stemmeretten sin, grunngir ho på kanalen.

Erna Solbergs Tiktok-konto

Erna svarar på viktige og mindre viktige spørsmål på TikTok-kontoen sin.

Foto: SKJERMDUMP

Og Erna har rett.

Ved førre kommuneval gav berre halvparten mellom 18 og 30 år si stemme.

TikTok er ein enkel måte å nå dei unge heimesitjarane på, meiner Høgre.

– Vi sender eit signal om at vi tek den unge veljargruppa på alvor, seier Nikolai Langfeldt Carlsen, som er digital sjef i Høgre.

SV og MDG er også aktive på appen, i tillegg til lokalpolitikarar og ungdomslag frå fleire andre parti.

SVs Tiktok-konto

SV er eit av partia med ein aktiv TikTok-konto.

Foto: SKJERMDUMP

– Problematisk

Men ikkje alle har slengt seg på bølga.

Tidlegare i år føreslo Venstre for dei andre partia at alle skulle droppe appen heilt i valkampen.

– Det vart jo ikkje slam dunk for forslaget vårt, for å seie det sånn, seier Ingvild Wetrhus Thorsvik.

Ho er stortingsrepresentant for Venstre og meiner TikTok i valkampen sender eit feil signal til unge:

– Vi ønskjer ikkje å bidra til at veljarar må søke til TikTok for informasjon. Det er ein app som har vesentlege tryggingsutfordringar, og som vi veit svært lite om, seier ho.

Stortingsrepresentant (V) Ingvild Wetrhus Thorsvik

Ingvild Wetrhus Thorsvik (V) vil ikkje oppmode unge til å bruke TikTok.

Foto: Baard Salvesen

Venstre har rett i at TikTok er ein omstridd app vi veit lite om, seier Ragnhild Tvergrov Skare.

Ho er informasjonskoordinator for Utsyn, senter for tryggleik og totalforsvar.

Skare kallar TikTok «problematisk».

– Han samlar inn enorme mengder data, og vi veit ikkje kven som har tilgang på dataa. TikTok har dessverre ikkje ein god track record når det gjeld å ta omsyn til val, seier ho.

Dessutan er appen eigd av eit kinesisk selskap – og Kina er eit land vi ikkje har tryggingssamarbeid med.

Britain TikTok

Det er delte meiningar om TikTok er trygt å bruke i ein valkamp.

Foto: Kiichiro Sato / AP

Men dette bekymrar ikkje den digitale sjefen i Høgre.

– Erna har ein eigen TikTok-telefon som ikkje er knytt til systema til Stortinget. Mobilen er heller aldri kopla på wifien til Stortinget og er slått av når han ikkje er i bruk.

– De sender ikkje litt feil signal med å bruke TikTok-appen?

– Ikkje slik vi gjer det i dag.

Kan bli avgjerande

TikTok eller ikkje TikTok. Kor mykje kan det ha å seie?

Mykje, trur Ragnhild Tvergrov Skare frå Utsyn.

– Partia som ikkje er der kan oppleve å miste mange unge veljarar, seier ho, og viser til valet i Finland tidlegare i år:

– Der sa rundt halvparten av unge som hadde TikTok og stemte under valet, at TikTok påverka kva dei valde å stemme.

Ragnhild Tvergrov Skare

Ragnhild Tvergrov Skare trur TikTok kan bli avgjerande i kommunevalet.

Foto: PRIVAT

I fjor haust vart to parti som ikkje fanst før valkampen valt inn i det latviske parlamentet. Det skjedde på bakgrunn av valkampen dei hadde på TikTok, forklarer Skare.

Det kan bli eit «TikTok-val» her heime òg, trur ho.

Og det er Venstre smerteleg klar over.

– Det skapar ein skeivskap i valkampen. Vi vil ikkje kunne nå dei unge veljarane på same måte som dei partia som nyttar seg av TikTok, seier Wetrhus Thorsvik.

Ho kallar det ei «prinsippavgjerd» at Venstre droppar TikTok.

Valg finland.

TikTok var viktig for unge finske veljarar i årets valkamp.

Foto: HEIKKI SAUKKOMAA / AFP

Fritt fram for lokalpolitikarar

Men fleire av partia som offisielt seier nei til TikTok, er framleis å finne på appen i ei eller anna form.

Til og med Unge Venstre har lokallag på TikTok.

Arbeidarpartiet har ingen offisiell konto og har tilrådd politikarane sine å droppe TikTok.

– Det handlar om tryggleik, seier partisekretær Kjersti Stenseng.

Likevel er både lokallag, ungdomslag og enkeltpolitikarar til stades på appen.

– Dei får ta sine eigne vurderingar og prioriteringar. For AUF sin del er det ein fin kanal å nå mange unge, seier Stenseng.

Ap-tiktok. Sverre Uhlving i Stavanger Ap og Astrid Hoem fra AUF

Sverre Uhlving på TikTok-kontoen til Stavanger Arbeiderparti og AUF-leiar Astrid Hoem på sin eigen konto.

Foto: SKJERMDUMP

Viss du vil vite meir om bruken av TikTok i valkampen, kan du høyre på Arena i NRK Radio.

Kulturstrøm

  • Tupac-mistenkt siktet for drap

    Politiet i Las Vegas har arrestert en mann mistenkt i drapssaken etter at Tupac ble skutt og drept i 1996, melder nyhetsbyrået Associated Press. Han er siktet for drapet.

    Mannen har selv innrømmet i intervjuer og i en egen selvbiografi fra 2019 at han var i bilen da skuddvekslingen skjedde, skriver NTB.

    Tupac var bare 25 år da han døde.

    Tupac Shakur var også kjent som 2Pac og etter hvert Makaveli – og solgte over 80 millioner album på den tida da folk kjøpte fysiske plater.

    Han var involvert i flere skyteepisoder og var en del av konflikten mellom rapperne på øst- og vestkysten av USA.

    Tupac
    Foto: AP / NTB