Espen Haavardsholm
Tjue
Oktober 2006
Av Marta Norheim
I romanen «Gutten på passbildet» som kom i 2004, tek Haavardsholm oss med inn i sin eigen barndom. Vi får også ta del i den vaksne forfattarens ettertankar om tidlege år, og over det å gjere seg sjøl til ein romanfigur, - rett nok under det oppdikta namnet Nils Haa, men med autentiske fotografi av forfattaren sjøl.
I årets roman, «Tjue», forlet Nils tenåra og snublar inn i vaksenverda. Men der «Gutten på passbildet» var dristig i forma og prega av eit sterkt nærver i teksten, verkar «Tjue» temmeleg blass og fjern. Ikkje dårleg, men klart svakare enn barndomsskildringa. Kva har skjedd?
Biografi eller fiksjon
For det første har denne romanen berre ein forteljar og dermed manglar historia det dobbeltblikket bok ein hadde. Spenningsnivået blir lågare og det verkar som om mindre står på spel, ei kjensle som blir forsterka av at forfattaren stadig syndar mot regelen om å invitere lesaren inn i situasjonar. Når Nils fleire gonger påstår at det må vere noko "alvorlig gærent i huet" hans, men ikkje let oss få vite korleis dette artar seg, ja så blir det berre ein påstand, ein av mange.
Det mest problematiske ved romanen ligg likevel i skjeringspunktet mellom biografi og fiksjon. At vener og familie har fiktive namn er heilt greitt. Verre blir det når nye kjenningar får oppdikta identitet, når det er lett å kjenne att Jan Erik Vold, Dag Solstad og dei andre frå Profilkrinsen. For no er vi jo inne i litteraturhistoria og då verkar dette berre sært, ikkje minst sidan eldre forfattarar som Mehren og Bjørneboe får heite nettopp det.
Betre blir det ikkje av at Haavardsholm her blir ein humrande 60-åring som fortel anekdotar om Profilkrinsen i ein stil som er vesentleg mindre ransakande enn resten av boka. Dersom forfattaren skal følgje dette kobbelet vidare, må tonen bli meir direkte enn dette her, vi snakkar om litterære maktmenneske som la sterke føringar på eit 70-tal vi ikkje treng fleire myter om.
Kulturnytt, NRK P2, 11. september 2006