Og dei møter i denne utgåva av Radio Røynda mennene bak songen; Olav Stedje og Svein Dag Hauge.
Skulle eigentleg ikkje vera med
Hauge fortel korleis songen vart til, og avslører at den eigentleg ikkje skulle vera med på Stedje si plate.
Olav Stedje fikk Spellemannprisen 1982 for årets pop-plate. Foto: Erik Thorberg / NTB / SCANPIX
Det var altså ein tilfeldigheit at den kom ut. I dag kan ikkje Stedje spele konsert, utan å ha den på spelelista.
Ny versjon
Du får også høyra songen, men i ein heilt ny versjon, for Olav Stedje får her hjelp av populærorkesteret Finn-Erix til å spela "Vi vandrar saman".
Olav Stedje møter du også i Radio Røynda på fjernsyn, førstkommande tysdag på NRK2. Meir om dette her: Intelligent liv på baksida av Vestlandet?
Barte-konkurranse
Og her kan du prøve deg i Vetle-Ivar sin "Barten til Olav Stedje-konkuranse": Finn Olav Stedjes bart
Norgesglasset NRK P1 07.04.05