Del 1: Julebord
I det siste har vi høyrt mykje om folk som ikkje kan oppføre seg på julebord. Dette har inspirert Vetle-Ivar.
Del 2: Julespelet
Vetle-Ivar og redaktør Tokvam mimrar om den gongen dei var med på julespel på skulen.
Del 3: Aasenjul
Vetle-Ivar (foran) og redaktør Tokvam.
Juletrefoten er enno ikkje komen til rette og Vetle-Ivar har heller ikkje bestemt kor han skal feire jul.
Del 4: Papegøyen
Juleførebuingane går sin gang i Radio Røynda. Foten til juletreet har ikkje dukka opp, men i dag finn Vetle-Ivar noko anna, som får gode juleminne til å strøyme på.
Del 5: Julehefter
Julehefter høyrer jula til. Slik er det også i bladstova til Radio Røynda, der Vetle-Ivar og redaktør Tokvam styrer på med sitt.
Del 6: Juletreet
Vetle-Ivar går alltid med nevane i lomma. I dagens utgåve av Radio Røynda sin julekalender får du svaret på kvifor.
Del 7: Juleavslutning
For siste gong skal vi tilbake til bladstova i Radio Røynda. Spørsmålet no er om dei greier å finna juletrefoten, og ikkje minst, om Vetle-Ivar har ein plass å feire jul.
Radio Røynda blir laga av Finn Tokvam og Vetle-Ivar. Med god hjelp frå populærorkesteret Finn-Erix og Halvor Folgerø. Dei ynskjer alle ei god jul, og vil takke Ivar Aasen. Takk Ivar Aasen.
Norgesglasset NRK P1