Den nye generasjonen
Knoll og Tott er størst, Stomperud er stor. Men bak desse klassikarane tyt det fram den eine norske serieskaparen etter den andre. Frode Øverli har med Pondus synt at det går an å skapa figurar og karakterar i Noreg som sel som marsipan i desember.
Mads Eriksen er på juleheftebanen for fyrste gong.
Dette året er såleis både Karine Haaland og Mads Eriksen (M) på juleheftebanen for fyrste gong, medan folk som Lars Lauvik (Eon) Torbjørn Lien (Kollektivet) Tomas Drefvelin (Rex Rudi) og Lise Myhre (Nemi) alt har vore med nokre år no. Til saman slår desse nye norske serieskaparane dei utanlandske klassikarane ned i sokkane, men dette betyr ikkje automatisk at dei sel meir. Tradisjon er tradisjon.
Stomeperud på nye hender
Tradisjon er berre fornamnet på nr 91. Stomperud. Eigentleg er fyren svensk og heiter Karlson, men Ernst G. Mortensen fekk han til Noreg og gav han namnet Stomperud. Han såg sitt norske lys i april 1937 og alt i 1938 kom det fyrste juleheftet.
Pondus sel som marispan i desember.
Dei siste åra er det Leif Isaksen som har laga Stomperud, men denne jula let han pennen gå vidare til Håkon Aasnes. Skiftet skjer midt i heftet, utan nokon form hurlumhei. Men det er eit heilt tydeleg stilbrot. Med Aasnes sin Stomperud er ein attende til meir detaljerte panoramaruter. Men i tid står Stomperud fast eit slags femtital, utan noko som helst innslag av moderne krigsmateriell.
Landets mest hardtarbeidande
Håkon Aasnes frå Aurskog er utan tvil landet mest driftige juleheftemakar. For utan at han dette året har halve Stomperud-heftet, er han ansvarleg for heile Smørbukk. Han har teikna hovudhistoria i Tuss og Troll og heile historia om Gråtass. Og han har teikna stomperud-julekryssordblad.
Lars Lauviks Eon.
Når me ringjer han er det for å forstyrra han i arbeidet med neste års julehefte. Han er alt halvvegs i Stomperuds julehefte 2006!
Blondie fyller år
Blondie er 75 år i år, og dette vert markert med talet 75 på framsida av årets julehefte. Men meir får me ikkje vita om Blondie og ikkje får me historiske striper som jo burde følgt ei jubileumsmarkering.
Serien har jo ein fascinerande start med at Dagobert Sørensen (Dagwood Bumstead) fell in love med Blondie Boopadoop. Umogeleg kjærleik det heile, sidan Dagwood er ein styrtrik millionærson, medan Blondie er uansvarleg og lite pengesterk. Men etter både sveltestreik (Dagobert) og heiarop (lesarane) gir familien seg og brudlaupet finn stad. Men harmonien er ikkje større enn at faren til Dagobert gjer han arvelaus på bryllaupsdagen! Og resten er historie (kontorjobb, sofasliting, alt for tidlege morgonar og gigantiske smørbrød!).
Norgesglasspanelet
Torbjørn Liens Kollektivet.
Til å vurdera og guida oss gjennom årets julehefte-jungelen har Norgesglasset som vanleg engasjert Arild Wærness, mannen som lever og ånder for teikneserieformidling og som har stått i spissen for den store teikneseriefestivalen Raptus. I år har han med seg to andre teikneseriefantastar nemleg Knut Knutsen frå Florø og Frank Flesland frå Bergen.
Her er deira ti på topp over samtlege julehefte 2005:
1. Eon: Engler i sneen av Lars Lauvik
2. Aukrusts jul: Flåklypa av Haakon W. Isachsen og Svein Samuelsen
3. Carl Barks jul: jul i Pengelens
4. Tuss og troll: Solveig Muren Sanden og Haakon Aasnes (Norsk Barneblad)
5. Jul så det holder av Karine Haaland.
6. Knoll og Tott
7. Kollektivet: Stille natt… av Torbjørn Lien
8. Nr. 91 Stomperud av Leif Isaksen og Håkon Aasnes
9. Nissens jul (aktivitetshefte)
10.Gubben og katten av Søren Axén (for dei minste)
Norgesglasset NRK P1