Onsdag kunne NRK fortelje at Sophie Elise har vore avhengig av legemiddelet Xanax i fleire år.
Lysta på det beroligande stoffet var så sterk at ho etter kvart begynte å kjøpe det på gata i Oslo. Etter kvart vart dosane så store at dei samsvarte med 120 mg valium.
Nok til å ta knekken på ein vaksen kar.
Til slutt bestemte ho seg for å leggje seg inn på rehabilitering.
I ettertid har innboksen hennar rent inn med meldingar frå folk med rusproblem, og som nå vurderer å oppsøke hjelp. Slik som ho gjorde.
– Eg har fått fleire meldingar frå folk som har turt å ta «det fyrste steget». Det vil seie å innrømme overfor seg sjølv og nokon ein stoler på, at ein har eit problem, seier Sophie Elise i ein e-post til NRK.
Få som står fram
Arild Knutsen, styreleiar i Foreningen for human narkotikapolitikk, meiner det er svært positivt at ein så offentleg person som Sophie Elise tør å vere open.
– At Sophie Elise står fram er beundringsverdig. Det kan føre til mindre negative haldningar mot folk som blir avhengig av rusmiddel og medikament, seier han.
Han peikar på at dei fleste førestiller seg rusavhengige som slitne og nedbrekte menneske med sprøyte i handa. Slik er det ikkje.
– Det er berre eit fåtal som er tunge brukarar. Dei aller fleste står aldri fram om avhengigheita si på grunn av fordommane vi har mot rusavhengige, fortset han.
Aleine og einsam
Slik var det også for Sophie Elise. Influensaren laug til familie og venar fordi ho skamma seg over det ho gjorde.
Ho måtte, som mange andre, handtere problema heilt aleine.
– Du har ingen å ringe heller, sjølv om du eigentleg har folk du kunne ha ringt, utdjupar ho i Lindmo.
Målet med å fortelje sanninga var å oppfordre andre med avhengigheit til å be om hjelp.
Sanksjonar og straff
Det er noko Arild Knutsen veit alt om.
– Unge folk opplever at dei ikkje har nokon plass å vende seg til. Dei fleste blir møtt med skuffelse, dømming, sanksjonar og straff, seier Knutsen.
Derfor meiner han at det er viktig at styresmaktene legg til rette for at unge kan snakke med nokon, og få gode råd utan å bli straffa for det.
– Altfor mange opplever å bli fråteken førarkort, arbeid- og utdanning, og moglegheita til å reise verda rundt, om dei oppsøker hjelp, opplyser han.
Må vere der for dei sårbare
Debatten rundt den nye rusreforma har også ført til mindre stigma, ifølgje Knutsen.
– Talet på narkotikasaker stuper drastisk. Det betyr at politiet har gått to skritt tilbake.
Oppgåva til samfunnet er å setje inn helsearbeidarar slik at ein kan ta to skritt fram, meiner han:
– Vi må vere der for dei sårbare gruppene, avsluttar Knutsen.