Hopp til innhold

Sophie Elise avslører pillemisbruk – la seg inn på rehab

Plutseleg vart Sophie Elise borte frå sosiale medium. Nå avslører ho kvifor. I august la ho seg inn på rehabilitering for rusavhengigheit.

Ei jente med blondt hår ser mot kamera og smiler

Sophie Elise vil vere ærleg om kvifor ho forsvann frå sosiale medium

Foto: Petter Nielsen / NRK

«Eg valde sjølv å leggje meg inn, etter å ha brukt godt over eit år på å lyge til alle rundt meg om at eg hadde slutta på beroligande tablettar. For det var altså problemet mitt – piller».

Slik startar den nye NRK-podkasten «Sophie og Fetisha» til Sophie Elise Isachsen og Fetisha Williams der Sophie Elise for fyrste gong opnar opp om å ha eit rusproblem.

Vil vere ærleg

Med sine 574 000 følgjarar på Instagram er ho Noregs mest kjente influensar. Alt ho gjer og tar i fører til presseoppslag og engasjement i sosiale medium.

Det skjedde også i slutten av august da ho fortalde følgjarane sine at ho kom til å ta ein pause frå rampelyset.

Ingen andre enn hennar nærmaste fekk vite kva som eigentleg skjedde.

Men nå har influensaren bestemt seg for å dele det med resten av Noreg.

– Det hadde vore mykje enklare, og meir behageleg for meg å ikkje vere open om det. Men sidan det er så få som er ærlege føler eg nesten det er min plikt å vere det, seier ho til NRK.

Fetisha og Sophie Elise snakker om hvordan Sophie Elise har hatt det i det siste året.

Fetisha og Sophie Elise snakker om hvordan Sophie Elise har hatt det i det siste året.

Håpar på å ikkje falle tilbake

Dei siste fem vekene har Sophie Elise vore innlagt på rehabilitering for rusbehandling i Gjerdrum, eit lite stykke utanfor Oslo.

– Eg har lært mykje i behandling, eg har endra meg, og det hadde vore rart å hoppe tilbake som om ingenting har skjedd, fortel ho til NRK.

Ein annan grunn til at ho har vald å vere open er fordi ho da blir heldt ansvarleg for det ho har gjort.

– Og det gjer at det kjem til å bli vanskelegare å falle tilbake, legg ho til.

Frå sovemedisin til Xanax

I podkasten kjem det fram at influensaren fyrst begynte å bruke sovemedisin fordi ho ikkje fekk sove.

Etter å ha vore ein offentleg person sidan tenåra vart det stadig vanskelegare å skilje mellom merkevara Sophie Elise og mennesket Sophie. Det førte til søvnlause netter.

Dosane eg gjekk på vart sterkare og sterkare, og til slutt enda eg på dei berømte pillene, dei eg berre hadde høyrd om på «Real Housewives» og i rap-låtar: Xanax

Sophie Elise i podkasten «Sophie og Fetisha»

I Noreg går Xanax under namnet Xanor. Det blir vanlegvis brukt som beroligande mot alvorleg angst og panikkanfall.

Xanax kan i verste fall vere dødeleg om inntaket blir for stort, eller om det er blanda med verkestoffet fentanyl – noko som er ein reell risiko om ein kjøper stoffet på gata.

At det er farleg fekk Sophie Elise erfare. På rehabilitering fekk ho nesten hjartestans og klar beskjed om at dei dosane ho opererte med kunne ha enda livet hennar.

Pillene dominerte livet

I podkasten fortel influensaren om korleis pillene styrte livet hennar. Om dei brutale abstinensane. Om løgnene som måtte til for å skjule avhengigheita frå familie og venar.

Til slutt bestemte ho seg for å oppsøke hjelp.

– Å snakke om innlegging er framleis tabu slik eg oppfattar det. Det sat i alle fall langt inne å dele for meg, når eg tenkte på det i starten, seier harstadværingen om kvifor ho vil ut med sanninga.

– Det er ein klisjé, men om dette kan hjelpe ein person til å søke hjelp så er det verdt det.

To gode venninner ser i kamera og smiler

Fetisha Williams og Sophie Elise er gode vennar og støttar kvarandre, og så i vanskelege periodar.

Foto: Petter Nielsen / NRK

Bruken av sovemedisin dobla

Ifølgje Folkehelseinstituttet har bruken av sovemedisin nesten dobla seg blant dei mellom 20 og 24 år dei siste ti åra. Også talet på pasientar med opioid-diagnose auka med 65 prosent frå 2010 til 2020.

Psykiater, forfattar og professor Finn Skårderud meiner at den aukande bruken av beroligande blant unge kan skuldast at vi lever i eit samfunn med få rom for å slappe av.

– Vi lever i ein akselererande kultur. Unge menneske opplever stress, og føler dei må prestere på alle arenaer.

– Ungdomstida er ikkje lenger ei kvilefase som ein tenkte i gamle dagar. Det har blitt ei jobbetid der ein skal utvikle seg, bygge ein identitet og bli vellukka, seier Skårderud.

Vil fjerne ubehag

Ifølgje Skårderud har vi skapt eit samfunn der vi ønsker å ta bort ubehag vi kjenner på, om så mentalt eller fysisk. Medisin kan derfor virke som ei lett løysing.

– Som Per Fugelli sa: «Medisin er grådig». Tanken om at medisin fjernar ubehag et seg inn i liva våre.

– Det er skumle trekk i samfunnet vårt.

Finn Skårderud

Finn Skårderud meiner det er viktig å snakke om emne som er vanskelege.

Foto: Berit Roald / SCANPIX

Positivt å vere open

Han meiner det er positivt at kjente profilar tør å snakke om avhengigheit.

– Vi må begynne å opne opp desse emna. At kvardagslivet vårt blir medisinert. Medisin som fag gir oss ikkje svar på korleis ein skal handtere livet.

Han har forståing for dei som har behov for reseptbelagde medisinar, men vil også understreke at samfunnet som heilskap må bli ærlegare.

– Vi må vere ærlege på at det er humpar og motbakkar i livet. Og at ein må tole å kjenne på ting som er vanskelege.

Redd for å miste jobben

Influensaren innrømmer at ho er bekymra for eventuelle reaksjonar:

– Det er klart eg er redd for at folk ikkje skal gidde å jobbe med meg lengre, fordi eg har vore på rehab. Sjølv om eg veit at det er bra at eg tok tak i problema mine, ønsker folk helst å jobbe med nokon som er kommersiell og ikkje «kontroversiell».

– Kva svarer du dei som tenker at dette er eit PR-stunt?

– Eit kvart oppegåande menneske forstår at du ikkje kan leggje deg inn på offentleg behandling, på statens rekning, fordi det er eit «PR-stunt», svarer Sophie Elise.

Sophie Elise i forbindelse med podkasten Sophie og Fetisha

Sophie Elise fortel ærleg om den siste tida i podkasten «Sophie og Fetisha».

Foto: Petter Nielsen / NRK

Ærlege samtaler

På spørsmål om ho synest influensarar bør ta eit større ansvar for å setje fokus på vanskelege ting på plattformer som ofte er prega av glansfylte fasadebilde, seier ho:

– Det er eg ikkje heilt einig i. Det er mange som forsøker å ta opp alvorlege tema.

– Men det viktigaste er korleis ein snakkar med dei rundt seg, at ein er open med vennar og familie, og faktisk har ærlege og ordentlege samtaler.

Hør podkasten «Sophie og Fetisha» ved å trykke på lenka under:

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.