Hopp til innhold

Tabbe i fjor, trend i år

Ifølgje motevarselet for 2016 er nettingtoppen det hippaste du kan kle deg i. Her er sju motetabbar som plutseleg blei populære.

Alexander Wang vår/sommar 2016

Nettingtoppen, som mange kanskje hugsar frå 90-talet, er tilbake på catwalken. Designar Alexander Wang meiner det er slik du skal kle deg neste vår.

Foto: Jason DeCrow / Ap

«I år er alt lov», har du kanskje høyrt moteekspertane seie. Nei, som regel er ikkje alt like mykje lov i moten. Det finst til ein kvar tid ei uoffisiell liste over plagg du absolutt bør kle deg i, og motar du ikkje bør røre. Men tidene endrar seg, og plutseleg kan du sjå at fjorårets styggaste plagg er i årets Vogue. Vegen er kort frå tabbe til trend:

1. Nettingtoppen

Under New York Fashion Week (som held på fram til 17. september) dukka den gamle kjenningen opp att på catwalken. Godt kjent frå tidlegare sesongar, spesielt 90-talet, med assosiasjonar til arbeidstøy og Spice Girls. No, etter nokre sesongar med dårleg rykte og harrystempel, seglar den opp som ein av neste vårs store vinnarar. Skulda kan du leggje på designaren Alexander Wang, som i år hadde tiårsjubileum på moteveka i New York.

Dior haute couture 2014

Raudt og rosa, plutseleg lov igjen! Fargekombinasjonen gjorde comeback under Diors couture-visning i 2014. Og når Dior seier det skal vere slik, følgjer dei andre etter.

Foto: Francois Mori / Ap

2. Raudt og rosa

​Fargekombinasjonar som er altfor like kvarandre, har tradisjonelt sett vore rekna som tydelege motetabbar. Blått og svart, rosa og raudt. Men sistnemnde kombinasjon kom tilbake på visningane for hausten 2014. I 2015 er dette framleis «innanfor», men no med ei lita justering: rosa med oransje.

LES OGSÅ: «Det er på tide å ta tilbake sakte-moten»

3. Piqueskjorta

Poloskjorte, Jil Sander vår/sommar 2015

Pique/poloskjorta er tilbake. Her frå Jil Sanders sommarkolleksjon 2015.

Foto: TIZIANA FABI / Afp

Før: Kundebehandlar i IT-firma eller turist. Hausten 2015: Motebloggar eller modell.

Piqueskjorta var kanskje det streitaste plagget du kunne kle deg i, men har no fått nye ambassadørar. Ho blei først kjent som eit tennisplagg. René Lacoste, som vann Grand Slam-turneringa sju gongar, lanserte piqueskjorta som eit nytt, behageleg sportsplagg. Seinare byrja golf- og polospelarar å bruke skjorta, og ho blir difor også kalla poloskjorte.

Men når designarar som Jil Sander og Chanel tok tak i skjorta i 2014, var det i ei litt meir elegant og luksuriøs utgåve.

4. Pologenseren

Tom Cruise i pologensar

Det er godt mogleg Tom Cruise i 2013 var litt for tidleg ute med pologenseren til at det blei rekna som trendy. Hadde han gått med den i dag, derimot ...

Foto: Todd Williamson / Ap

Ein slektning av poloskjorta, som også er invitert inn i det gode selskap i haust. Veldig populær i London på 60- og 70-talet, deretter ein liten nedtur, før den dukka opp att på 90-talet i svart og kvitt. No, etter nok ei lang ørkentid, er pologenseren moteriktig igjen. Lars Vaular stod nyleg fram i D2 og snakka ut om sitt forhold til genseren.

5. Trailercaps

Sufjan Stevens

Den amerikanske indieartisten Sufjan Stevens er ein av trailercapsens tilhengjarar. Her i ein litt meir nedtona variant.

Foto: Aaron Lavinsky / Ap

Det ligg i namnet kva denne capsen først og fremst har blitt brukt til. Men på starten av 2000-talet vart trailercapsen omfamna av hipsterane, kjedebutikkane American Apparel og Urban Outfitters. I seinare tid har båtpussingcapsen, ein litt enklare variant, tatt over, som ein del av normcore-stilen. Dei blir gjerne selt for stive summar.

6. Sokkar i sandalane

Sokkar i sandalane, Prada 2015 vår/sommar

Prada gjorde det utenkjelege for eit motehus: Lot modellane gå med sokkar i sandalane. Vår/sommar 2015.

Foto: ALESSANDRO GAROFALO / Reuters

Av og til blir ein trend til nettopp ved at nokon gjer ein motetabbe. I 2014 presenterte det italienske motehuset Prada modellar med sokkar i sandalane. Rett nok ikkje dei kritkvite tennissokkane vi tidlegare har sett her til lands, men blomstermønstra. Smakfullt eller harry? Det kjem an på datoen.

7. Normcore

Ei heil stilretning basert på alt du IKKJE skulle kle deg i. Med ironisk distanse, sjølvsagt, og drive fram av gatemote og trendblad som Dazed and Confused og Vice.

Normcoren har tatt til seg plagg frå 80- og 90-talet, og ein ny generasjon oppdagar Birkenstocks, kraftige kvite joggesko, «mum pants» (les: dongeribukser med høgt liv og dårleg passform) og Seinfeld-stilen. Men no er normcore allereie over, hevdar mange ... Tilbake til motetabbe?

Seinfeld

Seinfeld, populært på 90-talet. No er det gått lang nok tid til at denne antimoten er ... på moten.

Foto: FILES / Afp

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters