Hopp til innhold

Suksess til besvær

Innkjøpsordninga for ny litteratur på norsk er så vellykka at suksessen er i ferd med å undergrave heile systemet. Noko må gjerast, men ein blå kulturrådsrevolusjon er ikkje vegen å gå.

Hamar bibliotek 12

Talet på bibliotekfilialar går drastisk ned, talet på bøker som kjem i kassevis til dei gjenverande filialane går drastisk opp. Noko må gjerast, men kva?

Foto: Kjetil F. Skaug / NRK

Noreg har ein unik måte å stø litteraturen på. Neste år feirar ordninga 50 år, og det er no sett i gang evaluering med tanke på endringar i jubileumsåret.

Her kan mykje skje, men lat oss først gå tilbake til start: Det starta i 1965. Den nye, norske litteraturen var spinkel og forlaga var varsame med å satse på usikre namn. Noko måtte gjerast. Innkjøpsordninga kom som ei støtte til forlag og til forfattarar, slik at det skulle vere råd å satse på nye talent og på litterære eksperiment.

Det geniale i ordninga ligg i at ein ikkje sender milde gåver til forlag og forfattarar, men i staden kjøper varene deira for deretter å sende dei til biblioteka som får nye bøker i hyllene.

Etter den spede starten finst det no heile seks ulike kategoriar, det er sakprosa og skjønnlitteratur for barn og vaksne, det er omsett sakprosa og det er teikneseriar. Totalt blir det kjøpt inn 600 titlar kvart år, til saman om lag ein halv million bøker.

Ikkje alle er glade

Og då burde jo alle vere glade. Forfattaren er glad, for ho får gje ut boka si, forlaget er glade, for dei kan publisere bøker med mindre risiko. Biblioteka er glade, for dei får mange gratis bøker, og lesarane er glade, fordi dei har massevis av titlar å velje mellom.

Eg har sjølv skrive sakprosabøker som har blitt innkjøpt av Kulturrådet og då det skjedde var både forlaget og eg glade. Og når eg er på bibliotek og ser bøkene mine stå der, blir eg også glad, heilt til eg kjem på at når dei står i hylla, så er dei ikkje lånt av nokon. Eg håpar verkeleg dei ikkje står der heile tida, for eg har jo lyst til at folk skal lese det eg har skrive. Men bibliotekfolk melder med ujamne mellomrom at dei får så mykje bøker at dei slit med lagringsplass, og med å administrere det heile.

Det er altså ikkje sant at alle er glade. Talet på bibliotekfilialar går drastisk ned, talet på bøker som kjem i kassevis til dei gjenverande filialane går drastisk opp. Noko må gjerast, men kva?

Kommersiell eller kulturell opprydding?

Det finst to enkle måtar å rydde opp på.

Den aller enklaste måten er å slakte heile ordninga, og la biblioteka bli styrt etter tilbod og etterspørsel. Så kan biblioteka kjøpe inn mange eksemplar av dei bøkene dei veit at mange vil ha, og droppe resten. Dersom ein ser på bestseljarstatistikkane i avisene, vil det bety solide sett med Jo Nesbø og Cecilia Samartin. Så slapp folk å stå på lange ventelister og bibliotekarane slapp å rive seg i håret over kvar dei skal få plass til alle diktsamlingane og debutantane, kort sagt, alt hyllefyllet, det som ingen eller veldig få vil ha.

Den andre metoden stikk motsett: Det er å berre kjøpe inn bøker som ikkje greier seg kommersielt. Dropp krim, dropp underhaldningslitteratur, sats på det eksperimentelle, det rare, dei namna som enno ikkje har blitt store. Krim var ikkje del av innkjøpsordninga frå starten, han kom inn på 80-talet, og det er ein sjanger som veks overmåte raskt, talet på norske krimtitlar har dobla seg i løpet av 2000-talet. Så sparer staten pengar, og biblioteka får betre plass til bøker. Kanskje det blir betre plass til dei som likevel kjem på biblioteket, også.

Justeringar heller enn revolusjon

På framstegspartispråk kan desse to alternativa formulerast slik: Skal folket få lov til å bestemme sjølv kva dei vil lese, eller skal nokon kulturelle besserwissarar presse på dei såkalla høgverdig litteratur som dei slett ikkje har lyst på?

Køar er ein uting, og overfylte magasin er ein uting. Men innkjøpsordninga er framleis den beste ideen som finst. Her gjeld det å ha tunga beint i munnen og prøve å fikse på ulempene utan å rasere heile ordninga. Små, lure justeringar kan føre til vesentlege forbetringar. Ein blå kulturrådsrevolusjon er definitivt feil medisin. Men altså: det vert så reint for mykje av det gode. Så igjen: Kva må gjerast?

For mange bøker

Som storlesar gjennom mange år, vågar eg ein påstand: Det kjem ut for mange skjønnlitterære bøker i Noreg, og ein av grunnane er truleg at innkjøpsordninga gjer det mindre risikabelt enn det elles hadde vore å gje ut noko som floppar.

Ein del av løysinga ligg hjå Kulturrådet: dei har nemleg vurderingsutval som sjekkar kvaliteten på det dei kjøper inn. Viss kvaliteten er for dårleg, må forlaget betale tilbake det Kulturrådet har lagt ut, mens bøkene blir verande i biblioteket.

Kva med å la vurderingsutvala bli strengare? Ikkje på den måten at dei kuttar ut heile sjangrar som til dømes krim, det ville berre føre til slitsomme diskusjonar om kvar grensene går mellom krim og skjønnlitteratur som inkluderer eit mord eller tre. Heller ikkje på den måten at dei tenkjer kva mange vil låne: Det originale og sære må ha sin plass, elles stangerer både litteraturen og lesinga. Men det går an å rett og slett vere strengare med dei bøkene som er heilt greie. Nummer to og nummer tre-bøker som ikkje er særleg nyskapande verken i tema, stemme eller skrivemåte.

Det ville nok vere eit argument forlaga forstod.

Kva med å gje «hyllefyllet» ein sjanse?

Men først og sist: dette handlar ikkje om å spare statlege kroner, fem millionar er ingenting på eit kulturbudsjett, innkjøpsordninga er ein utruleg billeg måte for eit lite land å sikre seg ein rik og levande litteratur.

E-boka er sjølvsagt også ein joker her, om ein tenkjer på plass problema, men det å gå på eit bibliotek og bla litt i ei bok her eller der, stoppe ved ein interessant bokrygg eller ein merkeleg tittel, det er av dei gode tinga i livet som framleis er gratis. Og viss alle lånte ei heilt ukjent og kanskje rar bok med seg heim i tillegg til det dei veit at dei vil ha, så er eg sikker på at ikkje berre lesaren men også litteraturen ville hatt godt av det. Kan hende ein no og då får med seg ei bok ein absolutt ikkje orkar å lese.

Det er ein risiko det bør gå an å leve med.

Les også:

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober