Hans Sande
Sprekk
Gyldendal 2001
Rapport frå ein benk ved Akerselva
På ein benk ved Akerselva sit ein mann kvar dag. Om natta ligg han flatt ut, med Aftenposten til dyne. I romanen "Sprekk" av Hans Sande fortel han historia si, og det er litt av ei historie, som han porsjonerer ut i små bitar mellom alt det andre han har å fortelje. Til slutt sit vi att med ei beretning som er rå, vakker, tragisk- og overraskande. Det ville vere heilt feil å røpe lagnaden til denne mannen på benken.
Blødmar og høg poesi
"Spør ikkje kven horene smiler til. Horene smiler til meg." Slik opnar boka, Sande tek tonen temmeleg høgt og held han der heile tida; her er skjulte sitat, høg poesi og blødmer rista saman til ei sjeldan blanding.
Bør lesast!
Foto: Gyldendal
Sande er ein forfattar som har fleire uvanleg gode bøker på merittlista si, eit tidlegare høgdepunkt var "Det hjertet som vi har. Som og er kjøtt". Der er språket klønete og klumpete, noko som passa perfekt akkurat i den boka. Sande skriv bøker som ikkje liknar på kvarandre, og ikkje på andre bøker heller.
Marta Norheim