NRK Meny
Normal

Hugsar all lyd og musikk han høyrer

Han har blitt spela over 50 millionar gonger på Spotify, turnert heile verda og gitt ut 11 album på tre år. Møt norske Savant som hugsar alle songane han har høyrt.

Aleksander Vinter huskar alle sangane og lydane han hører og ser musikk som bilder. Han har blitt spela 50 millioner gonger på Spotify og er i ferd med å slå gjennom internasjonal. Det er spesielt med Aleksander vinter.

Savant, eller Aleksander Vinter har evner som få andre artistar har. Han huskar alle songane og lydane han høyrer og har eit perfekt gehør: Han kan spele alt han høyrer med ein gong utan noter. Når han set seg bak dataen så kan han lage ferdig ein song på 30 minutt. Han er ikkje kjent i Norge, men er i ferd med å bryte gjennom internasjonalt.

Sjå Savant på konsert i USA:

(Saka fortset under videoen)

Internasjonalt gjennombrot

– Eg føler ikkje har gjort noko enno, men kom til meg etter eg har gitt ut 100 album, seier han og bryt ut i eit stort glis.

Sist laurdag slapp han sitt 11. album på tre år, «Zion». Albumet gjekk rett inn som det nest mest selde dance-albumet i verda på musikknedlastnings-tenesta iTunes. Han slo då mykje meir kjente artistar som Avicii, Skrillex og Deadmau5.

Han har no heldt konsert for fleire hundre tusen menneske og turnarar opp mot ni månader i året. Videoane hans er vist til saman ni millionar gonger på Youtube. Og han har hatt dei mest selde dance-albuma på iTunes fleire gonger før.

Autisme og ADHD

Vinter lagar musikken sin når han sit heilt åleine bak dataen i studioet sitt. Han likar å sitte isolert i dagevis og berre lage musikk. Døgnet rundt. Han syng, spelar gitar, bass, tromme, og gjer alt sjølv.

Han er veldig detaljorientert og alt han høyrer klistrar seg til minnet. Dette er ein konsekvens av unikt talent og Aspbergers syndrom:

– Det at eg har autisme og ADHD berre fôrar musikken, slik har det alltid vore. Eg huskar lyd som bilde som eg brukar til å måle med. Alt eg høyrer hamnar i ei stor skål inne i hovudet mitt som eg kan hente ut ferdige element frå. Når eg lagar musikk så er det litt som eg snurrar ein rulett, fortel Vinter.

Musikken hans er umogleg å plassere i ein sjanger, fordi den er svært variert. Han spelar alt frå avansert klassisk pianomusikk som han kan blande med dubstep. Eller metall.

Her tar Savant eit Michael Jackson-grep i skrittet framfor fleire tusen på festival i USA:

(Saka fortset under videoen)

Frå NAV til Los Angeles

Savant har hatt ein enorm suksess i det siste. Men, det har ikkje alltid vore slik. Då han skulle på opptaksprøve for musikklinja på vidaregåande så forstod lærarane at her var det noko utanom det vanlege: Dei batt bind for auga hans, men han spela piano like godt.

Dei kunne nynne kva melodi dei ville, og Aleksander spela dei med ein gong på pianoet, heilt perfekt og med bind for auga, fortel han sjølv.

Men, han kom ikkje inn på musikklinja på grunn av dårlege karakterar.

– Eg hadde maks ADHD og fekk 3,5 i snittkarakter. Så det blei medielinja på meg, forklarar han.

Etter ei musikkarriere som ikkje tok av, hamna han på NAV. Men heile tida har han drive med musikk, døgnet rundt.

Manager Joshua Hernandez har vore svært viktig for suksessen. Hernandez såg Vinter og dei unike evnene og har no fått til ei internasjonal karriere for Savant. Manager Hernandez var talentspeidaren som tidlegare blant anna oppdaga artisten Deadmau5. No bur og jobbar Vinter i Los Angeles.

Savant

SAVANT: Aleksander Vinter med varemerke-maske under konsert.

Foto: Jordan Ziolkowski

Gnistrande evner

Musikkjournalist i P3, Ruben Gran, intervjua og møtte Aleksander Vinter før han slo igjennom. Då kalla han seg Vinter in Hollywood. Gran beskriv evnene til 28-åringen frå Holmestrand slik:

– Evnene er litt som hans person, gnistrande. Han har mykje musikk i seg og han slår meg nesten som overmusikalsk, ikkje minst med tanke på den enorme mengda musikk han lagar. Ein kan stille spørsmål om kvaliteten blir halde oppe med så stor produksjon. Men han lever og åndar for musikk, og får den ut. Eg har møtt artistar med spesielle evner tidlegare, men aldri nokon som lagar så mykje musikk.

Legg ut musikken gratis

Vinter meiner internett og dei nye måtane og nå folk på forandrar det meste:

– Det er ingen ting eit plateselskap kan gjere for meg som ikkje manageren min Joshua eller eg kan klare sjølv. Eg legg ut musikken min gratis på Youtube og Soundcloud fordi eg vil nå flest mogleg. Dei unge lastar ned ulovleg om dei vil, seier Savant og fortset:

– Eg har hatt fans som har kome til meg og sagt at dei angra på at dei har lasta ned musikken min og at dei etterpå kjøpte all musikken min. I dag er det slik at folk betalar om dei vil. Eg vil at flest mogleg skal høyre musikken min. Fansen min er veldig bevisste på at om dei ikkje støttar musikken min, så kan ikkje eg fortsette med dette, seier multitalentet.

Trass i at musikken er der ute gratis, så sel han plater. I januar kjem han med nok eit nytt album og snart ventar ein ny turne for Savant