Hopp til innhold

Sommer i P2

Tidlegare kulturminister Valgerd Svarstad Haugland er gjest i radioprogrammet «Sommer i P2». Ho spør seg sjølv kva som har forma henne til ein sterk meiningsberar, og spelar mellom anna av Bobbysocks «La det swinge», som ho fekk kritikk for framføringa av i 2001.

- Ei kvinne ba om møte med meg. Ho hadde hatt vonde opplevingar av seksuell karakter. Tidlegare KrF-leiar Valgerd Svarstad Haugland fortel om den sommaren ho valde å stå på kvinnas side og etter kvart mista tilliten i partiet og gjekk av. Og ho spør seg sjølv om kva som har forma henne til ei sterk meiningsberar.

Kulturstrøm

  • ABBA-Benny lagar jinglar til svensk P2

    ABBA-veteranen Benny Andersson har komponert lydlogoar til den svenske radiokanalen P2, melder Sveriges Radio.

    – Eg har laga 37 forskjellige forslag for å sjå om hansken passa, seier komponisten og musikaren til kanalen.

    Jinglane er spelt inn saman med Sveriges Radios Symfoniorkester, og Andersson er sjølv med på piano.

    Dei nye lydsnuttane blei tekne i bruk måndag.

    Benny Andersson
    Foto: Alberto Pezzali / AP
  • Nye rekordar for Swift

    Aldri før har eit album blitt strøyma så mykje på ei veke som Taylor Swifts «The Tortured Poets Department». Utgjevinga gjekk rett til topps på Billboard-lista.

    Musikkmagasinet sjølv omtaler det som «ein historisk debut på nummer 1».

    Albumet med 16 låtar blei gitt ut 19. april. To timar seinare overraska Swift fansen ved å sleppe 15 låtar til, og kunngjorde at det var eit dobbeltalbum.

    I veka fram til og med 25. april blei det selt 2,61 millionar såkalla albumekvivalentar. Av dette var 1,91 millionar tradisjonelt albumsal, inkludert digitale nedlastingar, CD-ar, kassettar og heile 859.000 vinylplater.

    Dette er det høgaste talet vinylkopiar av eit album som er selt på ei veke i moderne tid, opplyste Billboard.

    (NTB)

    Taylor Swift