Hopp til innhold

Som barn i sandkassa

- Nokre gongar ser eg ungar i ei sandkasse som leikar og kastar sand på kvarandre, fortel kommunikasjonsekspert og forfattar Live Bressendorf Lindseth.

Fjernsynsdebatt
Foto: Hommedal, Marit / SCANPIX

 - Enkelte gestikulerer med knyttenevane, då kan du sjølv tenkje deg kva dei eigentleg har lyst til å gjere.

Det er snart val, og kvar einaste dag kan vi følje politikarane i diverse duellar og debattar. Politikarane sin jobb no framover er å få di stemme.

Dei har (ofte) kontroll over kva dei seier, men har dei eigentleg kontroll over kva dei gjer?

Blunking

- Ein amerikansk psykolog gjorde ei undersøking blant politikarar i forhald til det som har med blunking å gjere. Eit menneskje som blunkar mykje vil ofte bli tolka som usikker, engsteleg osv. Og det han fann ut var at dei politikarane som blunka mest under TV-sendingane tapte valet, fortel Live Bressendorf Lindseth.

Gøy å sjå

Carl I. Hagen

Denne mannen kan å bruke armane når han snakkar, men er det alltid positivt, og ikkje minst bevisst?

Foto: Junge, Heiko / SCANPIX

Live fortel at ho likar å sjå på politikarane når dei verkeleg er ueinige med kvarandre.

- Politikarane vel nesten å oversjå den dei er ueinige med.

For oss som ser på debatten kan dette verke uheldig fortel Live.

- Det er fort gjort å tenkje at desse umogeleg kan samarbeide når dei ikkje klarar å snakke saman på ein ordentleg måte.

Sender signal

- Kroppsspråket vårt, særleg ansiktsmimikken vår, er dualistisk. I den forstand at vi kan sende ekte og falske signal på ein gong. Vi kan godt lære oss uttrykk med ansiktet, smile på ein spesiell måte, men på same tid vil kjenslene kanalisere det som verkeleg skjer ut gjennom ansiktsmimikken, og med det får ein eit dobbelt bodskap, fortel Live.

Og det gjer ein TV-sjåar usikker. 

HØYR INNSLAGET: Politikarar og kroppsspråk

Kulturstrøm

  • Girl in Red med historisk milepæl

    Ho er den første norske kvinnelege artisten som har fått éin milliard strøymingar på ein song på strøymetenesta Spotify.

    Det er låten «we fell in love in october» som har bikka éin milliard, ifølgje VG. Låten blei gjeve ut i 2018.

    Marie Ulven Ringheim, som ho eigentleg heiter, seier til avisa at ho synest det er veldig gøy at ei låt som ho har skrive, produsert, miksa og mastra har resonnert så mykje.

    Girl in Red
    Foto: ANNA KURTH / AFP
  • «Victoria må dø» vant publikumspris

    Den norske filmen «Victoria må dø» vant publikumsprisen under årets Barnefilmfestival i Kristiansand.

    «Mounted Games» av Karen Houge vant årets pitchekonkurranse og «Smerteterskel» stakk av med prisen for beste kortfilm.

    Festivalsjef Cathrine Sordal forteller i en pressemelding at det har blitt vist 83 filmer fra 42 land under årets festival.

    Barnefilmfestivalen har i år delt ut 10 ulike filmpriser. Her kan du lese om alle vinnerne.

  • Aaron Sorkin skriv «The Social Network»-oppfølgar

    Aaron Sorkin held på med eit manus til det han kallar «ein slags The Social Network-oppfølgar», fordi han meiner Facebook har skulda for storminga av Kongressen i USA 6. januar 2021.

    Det sa Sorkin under ei direktesending av podkasten «The Town». Han vil derimot ikkje seia kvifor han meiner Facebook står bak storminga.

    Sorkin fekk ein Oscar for manuset til dramafilmen The Social Network frå 2010, regissert av David Fincher. Filmen tek for seg oppstarten av Facebook.

    Sorkin har tidlegare sagt at han ønsker å skriva ein oppfølgar som utforskar «den mørke sida» av Facebook, særleg dersom Fincher vil regissere.

    Aaron Sorkin
    Foto: GARY HERSHORN / Reuters