Hopp til innhold

Smøråsfjellets arbeidsglade venner

For berre åtte år sidan var det nesten uråd å ta seg fram på Smøråsfjellet i Fana i Bergen. Store myrer, tette granskogar og attgroing gjorde det lite attraktivt å gå tur der. Det har ein gjeng pensjonistar gjort noko med.

 

Besøk av barnehage

Johan Krohn-Hansen og Christian Rieber har fått besøk av Tiriltoppen barnehage.

Foto: NRK

Norge Rundt NRK 1 fredag 15. juni kl. 19.30

Det starta i 1999. Christian Rieber hadde sett seg lei på at området han sjølv boltra seg i som barn var blitt så utilgjengeleg. Han inviterte med ein journalist frå Fanaposten, tok yngste barnebarnet sitt på tre år på ryggen og gjekk fram til den gamle militærvegen. Der sette han Pernille ned, i ein stor dam. «Her kan ikke Pernille gå», vart overskifta på artikkelen i lokalavisa.

Christian Rieber

Christian Rieber

Foto: NRK

Tok kontakt

Den las Johan Krohn-Hansen, og dermed starta ballen å rulle. I dag er dei to leiarar for Smøråsfjellets Venner, ein gjeng på 19 pensjonistar som har rydda skog, drenert myrer, bygd gangbruer og turvegar, gapahukar, kvilebenkar og leikeområde for barn. Dei har sett opp fuglebur, bygd utescene, laga bålplass, bygd opp att gamle steingardar og sett ut ørret i Bjørnevatn. 

Flytting av stor stein

Mange tunge tak når ein steingard skal byggast opp att.

Foto: NRK

 

Pensjonistar i gang med å restaurere ein steingard.

Smøråsfjellets Venner har restaurert fleire steingardar.

Foto: NRK

 

Populært

I det omlag fire kvadratkilometer store området midt i hjartet av Fana har turgåarane no over ei mil med turløyper og stiar å velje mellom. Og brukt, det blir dei. Mellom 20 og 30 000 menneske bur i nærområdet, og stadig fleire finn vegen til denne naturperla. Også skulane og barnehagane i området er flittige gjester.

Tiriltoppen barnehage på Teaterplassen

Tiriltoppen barnehage på Teaterplassen.

Foto: NRK
Barn leikar i Eventyrskogen

Eventyrskogen er populær blant barna.

Foto: NRK
Barna likar å klatre på Smøråsbjørnen

Bjørnen er ein av mange figurar som motiverer barna til å gå på tur.

Foto: NRK

 Helsebot

Kvar onsdag morgon møtest karane i Smøråsfjellets Venner til dugnad. Gjennomsnittsalderen er nær 75 år, initiativtakar Christian Rieber er snart 82. Det skulle ingen tru som ser han i sving med motorsaga.

- Det er eg som har den kjekkaste jobben, dei andre må rydde opp, gliser han. Medlemmane i dugnadsgjengen møter opp så sant dei kan, uansett ver.

- Vi kan vere litt pjusken før vi kjem oss over dørstokken, men når vi går heim er vi friske, ler Rieber. Også Johan Krohn-Hansen er overtydd om at dugnadsarbeidet og kameratskapet er helsebringande:

- Kroppen er skapt for å bli brukt, det er det å bli sitjande i godstolen som er farleg, meiner han.

Smøråsfjellets Venner samla til matpause

Det er tett mellom dei gode replikkane når gjengen er samla til matpause.

Foto: NRK

 

Kulturstrøm

  • Girl in Red med historisk milepæl

    Ho er den første norske kvinnelege artisten som har fått éin milliard strøymingar på ein song på strøymetenesta Spotify.

    Det er låten «we fell in love in october» som har bikka éin milliard, ifølgje VG. Låten blei gjeve ut i 2018.

    Marie Ulven Ringheim, som ho eigentleg heiter, seier til avisa at ho synest det er veldig gøy at ei låt som ho har skrive, produsert, miksa og mastra har resonnert så mykje.

    Girl in Red
    Foto: ANNA KURTH / AFP
  • «Victoria må dø» vant publikumspris

    Den norske filmen «Victoria må dø» vant publikumsprisen under årets Barnefilmfestival i Kristiansand.

    «Mounted Games» av Karen Houge vant årets pitchekonkurranse og «Smerteterskel» stakk av med prisen for beste kortfilm.

    Festivalsjef Cathrine Sordal forteller i en pressemelding at det har blitt vist 83 filmer fra 42 land under årets festival.

    Barnefilmfestivalen har i år delt ut 10 ulike filmpriser. Her kan du lese om alle vinnerne.

  • Aaron Sorkin skriv «The Social Network»-oppfølgar

    Aaron Sorkin held på med eit manus til det han kallar «ein slags The Social Network-oppfølgar», fordi han meiner Facebook har skulda for storminga av Kongressen i USA 6. januar 2021.

    Det sa Sorkin under ei direktesending av podkasten «The Town». Han vil derimot ikkje seia kvifor han meiner Facebook står bak storminga.

    Sorkin fekk ein Oscar for manuset til dramafilmen The Social Network frå 2010, regissert av David Fincher. Filmen tek for seg oppstarten av Facebook.

    Sorkin har tidlegare sagt at han ønsker å skriva ein oppfølgar som utforskar «den mørke sida» av Facebook, særleg dersom Fincher vil regissere.

    Aaron Sorkin
    Foto: GARY HERSHORN / Reuters