Hopp til innhold

Stjerne-farvel med Oprah Winfrey

Etter 25 år som det mest sette talkshowet i USA er det slutt for «Oprah Winfrey Show». Ei A-liste av kjendisar overraska Winfrey i avslutningsepisoden.

Aretha Franklin

Aretha Franklin song 'Amazing Grace' for ei overraska Oprah Winfrey.

Foto: JOHN GRESS / Reuters
TELEVISION-OPRAH /

Beyoncè opptredde med sin nye single på avslutningsshowet til Oprah Winfrey.

Foto: JOHN GRESS / Reuters

Den mektigaste kvinna i amerikansk TV-bransje, Oprah Winfrey, gir seg med talkshowet sitt etter meir enn 25 år på toppen. Tysdag kveld vart dobbelepisoden «Surprise Oprah! A Farewell Spectacular» spelt inn foran 13.000 publikummarar på ein arena i Chicago.

Winfrey sjølv visste ikkje kven som stod på gjestelista før showet. Ho vart overraska av eit A-lag med kjendisar som få andre talkshow kan skilte med:

Beyoncè, Madonna, Aretha Franklin, Josh Groban, Tom Hanks, Usher, Jamie Foxx, Stevie Wonder, Tom Cruise, Katie Holmes, Michael Jordan, Will Smith, Halle Berry, Queen Latifah, Jerry Seinfeld, Dakota Fanning og John Legend var blant dei som stilte opp for å hylle programleiaren.

– Er framleis den beste

– Ho er ei sjølvstendig kvinne som har vore på toppen i over 25 år og ho er framleis den beste, sa Madonna, ifølgje nyheitsbyrået Reuters.

Artisten framheva korleis Winfrey har inspirert menneske verda over.

– Eg er ei av dei som har latt seg inspirere. Ho kjempar for det ho trur på, sjølv om det kan vere upopulært til tider, sa Madonna.

Souldronninga Aretha Franklin song «Amazing Grace» for den overraska talkshow-vertinna.

– Showet ditt har gjort overrasking om til ei kunstform. I dag er du omgitt berre av kjærleik. Studioet ditt var ikkje stort nok for all kjærleiken, så difor er vi her, sa Tom Hanks og viste til den store Chicago-arenaen.

Winfrey avsluttar sitt årelange talkshow for å kunne fokusere på kabel-nettverket OWN, som ho lanserte i januar. Ho eig også produksjonsselskap, radiostasjon, bokklubb og gir ut sitt eige blad.

Oprah Winfrey er kvart år høgt oppe på Time-lista over dei 100 mektigaste i verda .

TELEVISION-OPRAH /

Tom Cruise var gjest hos Oprah for tolvte og siste gong. Denne gangen med kona Katie Holmes.

Foto: JOHN GRESS / Reuters

Les også:

Tom Cruise gjest for tolvte gong

Tom Cruise er blant gjestane som har dukka opp på showet, gong på gong. Han sa at det hadde vore ei ære å ha vore med på showet hennar tolv gongar sidan 1988.

– Du såg ut som du var ti år, sa Winfrey og viste til første gong Cruise var med på showet hennar for 23 år sidan.

Beyoncè opptredde med sin nye låt «Run The World (Girls)».

– På grunn av deg har kvinner verda over fått ei ny forståing for kven vi er og kven vi kan vere, sa ho.

Maria Shriver, kona til Arnold Schwarzenegger, har vore veninne med Winfrey i over 30 år og var også på innspelinga.

– Du har gitt meg kjærleik, støtte, visdom og, mest av alt, sanninga, sa ho.

(Artikkelen held fram under biletet)

Winfrey Chicago Show

Michael Jordan var blant dei som overraska Oprah Winfrey under innspelinga.

Foto: Charles Rex Arbogast / Ap

Slutt 25. mai

Jamie Foxx og Stevie Wonder hylla Winfrey med låten «Isn't She Lovely». Artisten Usher avslutta det heile med å syngje «Oh Happy Day», medan gjestane, publikum og Oprah song med og klappa.

Ifølgje kjelder som var på innspelinga var Oprah Winfrey tydeleg rørt og uttalte:

– Eg kjenner kjærleiken og takkar dykk for det.

Les også:

Winfrey er blitt eit amerikansk ikon og har fått æra for å inspirere ein heil generasjon.

«Kanskje tidlegare generasjonar ikkje har vore flinke nok til å sjå inn i seg sjølve. Oprah-generasjonen har ikkje det problemet», skreiv Time Magazine ein gong og brukte uttrykket «oprahtization of America».

Dobbelepisoden blir vist 23. og 24. mai på amerikansk TV. Den siste originale episoden av «Oprah Winfrey Show» er framleis ikkje ferdigstilt og blir vist 25. mai.

Winfrey Chicago Show

Oprah Winfrey er omgitt av, frå venstre, Patti LaBelle, Beyoncè, Madonna, Dakota Fanning og Halle Berry.

Foto: Charles Rex Arbogast / Ap

Kulturstrøm

  • Norsk politi er på plass i Malmö – kjem frå Oslo Politidistrikt

    Eurovision-veka i Malmö er i gang, og norsk politi er på plass.

    Politidirektoratet vil ikkje seie kor mange frå norsk politi som skal hjelpe svensk politi.

    – Vi går ikkje ut med det eksakte talet på personar som skal delta, men kan stadfeste at personellet kjem frå Oslo Politidistrikt som har god kompetanse på denne typen oppdrag, skriv seksjonssjef Torgeir Haugen i ein e-post til NRK.

    I Sverige er arrangementet sett på som ein «nationell särskild händelse», som betyr eit stort politioppbod frå heile Sverige og nabolanda.

    Det er vente store demonstrasjonar i byen denne veka.

  • Nintendo varsler ny konsoll i år

    Det japanske spillselskapet Nintendo varsler at arvtakeren til deres spillkonsoll Switch vil bli presentert innen utgangen av selskapets regnskapsår, melder nyhetsbyrået AFP.

    Nintendo Switch er selskapets mestselgende konsoll noensinne. I desember 2023 var det solgt 139 millioner eksemplarer på verdensbasis.