Dei kongelege har fleire bunader kvar, som ofte blir brukte i offentlege samanhengar. Bunaden er blant anna festantrekk for kvinnene under jubileum. Fleire av draktene har gått i arv i kongefamilien, medan andre er gåver.
I sommar kan publikum sjå bunadene og dei samiske draktene til kongefamilien stilte ut saman med kunstverk og kulturhistoriske skattar i kunststallen dronning Sonja fekk i gåve av kong Harald då ho fylte 80 år.
I tillegg til vaksenbunader, blir det også stilt ut barnebunader som har vore brukt i to generasjonar i kongefamilien.
Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpixBlant bunadene som er stilte ut er Hardangerbunaden, Rondastakk og Askerbunaden. Under opninga tysdag, kom både dronning Sonja og kronprinsesse Mette Marit i bunader som seinare skal bli ein del av utstillinga.
Favorittdrakta
Dronning Sonja har fått fleire bunader i gåve opp gjennom tida. Ho fekk Rondastakk gåve frå kommunane i Oppland då ho fylte 50 år, og Namdalsbunad då besøkte Nord-Trøndelag i 1987. Men favoritten hennar er bunaden frå Aust-Telemark.
– Raudtrøyebunaden frå Aust-Telemark er liksom mest min bunad. Den fekk eg av mora mi i samband med bryllaupet vårt. Familien min kjem frå Telemark, og då synest eg det var naturleg for meg å velje denne bunaden, har ho sagt.
Bunaden frå Aust-Telemark er favoritten til dronning Sonja. Ho fekk bunaden i gåve frå mora då ho gifte seg med dåverande kronprins Harald.
Foto: orm Kallestad / ScanpixPrinsesse Märtha Louise har bunad frå Aust-Telemark. Ho fekk ein bunad som tidlegare hadde tilhøyrt kronprinsesse Märtha i konfirmasjonsgåve.
Det er mykje som høyrer til ein bunad med sølv og handbroderte skjorter. Her er samlinga av kongelege bunadsknivar.
Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpixI opningstalen snakka dronninga om korleis mange har identiteten knytt til ein bunad:
– Bunaden fortel vanlegvis kvar ein kjem frå. Det er eit vakkert identitetsmerke. I vår familie er vi så heldige å ha bunader, drakter og kofter i vårt eige, som gjer at vi kan vere «heime» i mange delar av landet.
Klesskifte skapte reaksjonar
Kronprinsesse Mette Marit har sju bunader, blant anna frå Hardanger, Rogaland og Asker, som ho vekslar mellom. Ho har blant anna ein Rogalandsbunad som mormora frå Jæren hadde brodert i konfirmasjonsgåve og ein Hardangerbunad ho fekk i bryllaupsgåve i 2001.
Det har blitt ein tradisjon at heile kronprinsfamilien er iført bunader når dei helsar barnetoget på Skaugum i Asker.
Foto: Terje Pedersen / NTB scanpixKronprinsparet har også fått Askerbunad frå Husfliden og Asker kommune. Sidan 2007 har kronprinsfamilien helsa barnetoget i Asker i bunad.
- Les:
I 2016 helsa Mette Marit toget i Asker med ein Rogalandsbunad. Men då ho seinare på dagen helsa barnetoget på Slottsplassen, hadde ho bytta til Hardangerbunad. Det hadde ikkje NRK sin kommentator fått med seg, og det skapte reaksjonar, melde Dagbladet.
Dåverande kronprinsesse Sonja og kronprins Harald fekk samiske drakter i gåve då dei besøkte Karasjok i 1969. Seinare har også dagens kronprinspar fått samiske drakter i gåve. Draktene blir også stilte ut i sommar.
Foto: Jan Dahl / NTB scanpix- Les:
- Les: