Hopp til innhold

Dronning Sonja: – Eg vart overvelda og stum

Tysdag ettermiddag var det offisiell opning av KunstStallen, som er kongen si 80-årsgåve til dronninga. Dronninga heldt ei tale der ho fortalde at ho var både glad, stolt og takknemleg.

Dronning Sonja 80 år.
Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

– Overraskinga var stor da mannen min fortalde den store nyheita i fjor. Han ville gje meg dette rommet, som sidan 2. verdskrig har vore lager og garasje, i 80-årsgåve som ein utstillingsarena for kunst og kultur.

Og kongen hadde allereie namnet klart, stallen skulle heite Dronning Sonja KunstStall – med stor «s», fortalde dronninga til latter frå salen.

Dronning Sonja 80 år.

UNDER OPNINGA: Dronning Sonja og Kong Harald.

Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

– Eg vart heilt overvelda, og fullstendig stum.

Men det var mykje å gjera før stallen var klar til å bli ein levande utstillingsarena. Vegen fram til i dag har vore intens, fortalde dronninga, men resultatet har gått over all forventning.

Snøhetta, Statsbygg og Riksantikvaren har vore med i arbeidet med å restaurere og attskapa stallen til det nye formålet.

– Eg vil takke alle for ein imponerande innsats. Eg er både glad, stolt og takknemleg – og ikkje så lite spent og forventningsfull.

Dronning Sonja 80 år.

OFFISIELL OPNING: Dronning Sonja KunstStall opnar i Slottet sine gamle stallbygningar på dronninga sin 80-årsdag. Stallbygningane har ikkje vore tilgjengelege for publikum tidlegare.

Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

Ser attende til Maud

Gåva frå regjeringa er ein fotoinstallasjon basert på Dronning Maud sine fotografi, og vart avduka av statsminister Erna Solberg. Installasjonen er delt i seks ulike tema, der kvart tema blir introdusert med eit antrekk frå dronninga si garderobe i digital utgåve.

Kongeleg hestehald

BRITISK TRADISJON: Tradisjonen med kongeleg hestehald hadde Dronning Maud med seg frå England.

Foto: De kongelige samlinger / Kongehuset

Det var dronning Maud som tok med seg den britiske tradisjonen med hestehald til Noreg. Stallen, som nå har blitt kunsthall, var ferdig ombygd i 1911 etter mønster av den kongelege stallen på Buckingham Palace.

– På eitt av fotografia som er utstilt, ser vi dronning Maud på ein av dei mange rideturane på Bygdøy. Medan dronning Maud hadde ein fristad blant hestane, har naturen og kunsten lenge vore fristadane i livet mitt, sa dronninga.

– Eg er stolt over norske kunstnarar og det spennande dei skapar. Gjennom heilt livet har eg vore oppteken av og glad i kunst, og følgt utviklinga på nært hald.

Dronninga avslutta tala med å oppfordre folk til å bruke KunstStallen.

– Eg håpar at vi med Dronning Sonja KunstStall skapar ein stad som vil trekkje til seg besøkjande i alle aldrar frå heile landet – og frå andre land.

Dronning Sonja 80 år.

KONGEN: Kong Harald er utstilt i Dronning Sonja KunstStall.

Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober