Hopp til innhold

Sliten «Gekko» premiereklar

Medan Gordon Gekko gjer seg klar til kinopremiere i Noreg, sit ein kreftsjuk Michael Douglas heime og et suppe.

Klar for premierefest i New York

Michael Douglas (nr to frå venstre) på premierefest i New York. Den internasjonale turnéen er avlyst også for Shia LaBeouf, Carey Mulligan, Josh Brolin og Frank Langella.

Foto: LUCAS JACKSON / Reuters

Michael Douglas er tilbake som den legendariske finansakrobaten Gordon Gekko i oppføljaren «Wall Street 2: Money Never Sleeps».

Den kreftsjuke skodespelaren starta med strålebehandling og cellegiftskur 24. august. I natt var han på premierefest i New York.

65-åringen fortel at det tar på.

Sliten og sår i munnen

– Svulsten minkar, men metoden som blir brukt for å ta han bort, tærer på kreftene, seier Douglas til svenske Aftonbladet.

Han kan ikkje ta til seg anna næring enn det han får i seg av flytande. Kiloane rasar av.

– Eg blir fort sliten og får sår i munnen, seier Douglas.

Medan Gordon Gekko gjer seg klar til kinopremiere i Noreg 24. september, et skodespelaren suppe og les bøker heime.

Vil ikkje overskygge filmen

Gordon Gekko i Wall Street 2

Michael Douglas er tilbake som Gordon Gekko i Wall Street 2: Money Never Sleeps.

Foto: Barry Wetcher / Ap

– Eg trur det er bra å vere åleine medan eg ventar på å bli frisk. Eg les mange bøker og høyrer på musikk.

– Vi hadde planlagt ein stor utanlandsturné, men det var før eg fekk diagnosen, seier Douglas.

For at ikkje filmen skulle kome i skuggen av sjukdommen hans, gjekk han for nokre veker sidan ut og fortalte om kreften.

Trur stress var utløysande

Michael Douglas på premierefest

Michael Douglas håpar på å blir frisk snart.

Foto: Evan Agostini / Ap

Douglas seier han ikkje tvilar på at livsstilen hans kan ha bidrege til sjukdommen.

– Denne spesielle typen kreft kan kome av alkohol, tobakk og sex. Men eg trur det kjem av stress. Eg har hatt eit riktig travelt år, seier han.

Douglas håpar å kome gjennom dette kjapt. Han siktar mot å spele inn filmen om Liberace saman med Matt Damon og Steven Soderberg om fire-fem månader.

– Livet testar deg iblant. Eg har alltid hatt innstillinga at eg gir alt uansett. Eg har levd hardt og spelt høgt, og håpar å kunne fortsette med det.

Feirer tinnbryllup

Douglas og kona Catherine Zeta-Jones feirer ti års bryllaupsdag i november.

– Vi snakkar mykje om det, men har ikkje bestemt noko enno. Eg ser verkeleg fram til det. Då skal eg vere frisk og tilbake frå dette.

Michael Douglas og Catherine Zeta-Jones nygifte i 2000

Michael Douglas og Catherine Zeta-Jones nygifte i 2000.

Foto: LUCY NICHOLSON / AFP

Kulturstrøm

  • ABBA-Benny lagar jinglar til svensk P2

    ABBA-veteranen Benny Andersson har komponert lydlogoar til den svenske radiokanalen P2, melder Sveriges Radio.

    – Eg har laga 37 forskjellige forslag for å sjå om hansken passa, seier komponisten og musikaren til kanalen.

    Jinglane er spelt inn saman med Sveriges Radios Symfoniorkester, og Andersson er sjølv med på piano.

    Dei nye lydsnuttane blei tekne i bruk måndag.

    Benny Andersson
    Foto: Alberto Pezzali / AP
  • Nye rekordar for Swift

    Aldri før har eit album blitt strøyma så mykje på ei veke som Taylor Swifts «The Tortured Poets Department». Utgjevinga gjekk rett til topps på Billboard-lista.

    Musikkmagasinet sjølv omtaler det som «ein historisk debut på nummer 1».

    Albumet med 16 låtar blei gitt ut 19. april. To timar seinare overraska Swift fansen ved å sleppe 15 låtar til, og kunngjorde at det var eit dobbeltalbum.

    I veka fram til og med 25. april blei det selt 2,61 millionar såkalla albumekvivalentar. Av dette var 1,91 millionar tradisjonelt albumsal, inkludert digitale nedlastingar, CD-ar, kassettar og heile 859.000 vinylplater.

    Dette er det høgaste talet vinylkopiar av eit album som er selt på ei veke i moderne tid, opplyste Billboard.

    (NTB)

    Taylor Swift