Hopp til innhold

Slik taklar du olympiske netter

Korleis kan ein både få med seg OL på direkten og gå opplagt på jobb? Lær korleis du snur døgnet til kinesisk tid.

Gjesp
Foto: TORU YAMANAKA / AFP

Alexander Dale Oen

Alexander Dale Oen holdt flere våkne natt til mandag.

Foto: Poppe / SCANPIX

Fleire tusen smalaugde nordmenn fekk ein god start på dagen då dei såg Alexander Dale Oen ta OL-sølv klokka 04:33 mandag morgon. Men det spørs om dei ikkje vil slite med formen utover ettermiddagen.

Slik snur du døgnet:

Høyr korleis du taklar: Olympiske netter

- Om du absolutt vil sjå alle OL-sendingane og vere utkvilt på dagtid så kan du rett og slett flytte døgnrytmen din. Slik vil du kunne gjere unna søvnbehovet FØR sendingane startar.

Det seier Ståle Pallesen, professor ved Nasjonalt kompetansesenter for Søvnsjukdommar ved Haukeland Universitetssjukehus.

Reporter Gøril Grov Sørdal møtte søvspesialisten for å få oppskrifta på korleis ein kan stille inn ein norsk kropp på kinesisk tid.

Norgesglasset NRK P1

Kulturstrøm