Slik nådde han til topps i motebransjen

Norskfødde Peter Dundas er like kjent for mote som Magnus Carlsen er for sjakk. I dag debuterte han som sjefdesignar for Roberto Cavalli under moteveka i Milano.

Peter Dundas for Roberto Cavalli

STORT: Peter Dundas visning for Roberto Cavalli regnes som en gedigen motebegivenhet.

Foto: GIUSEPPE CACACE / Afp

Alt dreier seg om eitt namn i Milano denne dagen: Peter Dundas. Når designaren med norsk opphav viser sin kolleksjon for Roberto Cavalli, sit dei mektigaste i moteverda på utstilling framfor scena. Rekkjer med syltynne modellar kledd i dei mest luksuriøse materialar, sminka og frisert av dei beste, tar podiet. The New York Times har utpeikt visninga som «sesongens høgdepunkt».

Peter Dundas for Pucci 2015

Peter Dundas budde i Noreg til han var 13 år og har slekt i Oslo. Han blir skildra som den mest sympatiske designaren i motebransjen. På kundelista står Kylie Minogue, Beyoncè og Kim Kardashian – mellom anna.

Foto: TIZIANA FABI / Afp

Innkjøparar, presse, kjendisar, publikum. Alle vil dei ha «det store nye» som skal forme neste motesesong, våren og sommaren 2016. Sit Dundas på den hemmelege oppskrifta?

– Ein av verdas mest profilerte designarar

All tidlegare erfaring tilseier det. Sidan starten av karrieren har den norsk-amerikanske designaren knapt fått dårlege kritikkar.

– Peter Dundas er ein av verdas mest profilerte designarar. Han er like stor i motebransjen som Magnus Carlsen er i sjakk, seier Jorun Sofie Fallmo Aartun, journalist i Dagens Næringsliv, til NRK.no.

Ho intervjua Dundas fleire gongar i arbeidet med boka «Avkledd. På innsiden av den norske motebransjen», og har følgt karrieren hans tett.

– Cavalli er eit veldig lønsamt motehus med langt større distribusjon enn Emilio Pucci. Som kreativ direktør vil han få ansvaret for langt fleire kolleksjonar enn tidlegare, seier Aartun om hans nye jobb.

Inspirert av mor si

Korleis enda norskfødde Dundas opp her, i søkjelyset til den internasjonale motebransjen?

Det starta på teaterscena, faktisk.

Peter Dundas for Ungaro

Eit av antrekka Peter Dundas designa medan han var kreativ leiar i merket Ungaro, 2007.

Foto: REMY DE LA MAUVINIERE / AP

Peter Dundas hadde tidleg eit auge for teatralsk mote. Elleve år gammal debuterte han som skodespelar på Nationaltheatret, i noko så erkenorsk som «Folk og røvere i Kardemommeby». Han har seinare uttalt at hans interesse for mote og teater kom i dei tidlege barneåra.

Dundas hadde amerikansk mor, som døydde då han berre var fire år gammal, og norsk far. Minnet om mora skulle vere med på å forme stilen hans:

«Hun var glamorøs i Oslo på det tidlige 60-tall. Hennes «impact» bærer jeg med meg: Friheten til å se ut som du vil, våge det», uttalte designaren i eit portrettintervju med VG Helg i 2007.

«Eksentrisk»

Med ein far som kledde barna i ein stil som Dundas seinare kalla «eksentrisk», kom behovet for å skaffe seg ei symaskin og lage eigne antrekk. Allereie som sjuåring var Dundas i gang med å designe.

«Jeg hadde en enslig eldre far som kledde meg slik han mente det var fornuftig. (...) Men det ble litt mye skjorter med prikker på som de andre barna lo av. Jeg begynte i stedet å lete i hans klær, klær etter krigen som ikke var pakket ut; bestefarsklær som jeg sydde om. Jeg fant det ut av meg selv,» fortalde han til Aftenposten i 2001.

France Fashion Pucci Peter Dundas

Peter Dundas viser fram ein av sine design for merket Pucci, der han var sjefdesignar frå 2009 til 2015.

Foto: Francois Mori / Ap

Verdsborgaren

Peter Dundas er, ved sidan av Per Spook, den mest kjente motedesignaren Noreg nokon sinne har fostra.

– Peter Dundas er ein av dei største designarane i internasjonal motebransje i dag, seier Elle-redaktør Signy Fardal til NRK.no.

Med ein far som kledde barna i ein stil som Dundas seinare kalla «eksentrisk», kom behovet for å skaffe seg ei symaskin og lage eigne antrekk.

Men det var ikkje lenge vi fekk ha han i landet.

Som 13-åring flytta Dundas til amerikanske slektningar i Indiana, der han funderte vidare på kva han skulle bli som vaksen, i ein familie av legar. 18 år gammal kom han fram til svaret: Motedesignar. Han sende eit brev til faren og avslørte planane sine. Deretter sette han kursen mot ein av motebransjens store metropolar; New York, og den verdskjente moteskulen Parsons.

«Parsons er ein veldig tøff skule, og har ei streng tilnærming til den tekniske delen av utdanninga, noko som har gitt meg ein fordel seinare,» har Dundas sagt om denne tida.

Vendepunktet

Designspirer over heile verda kan berre drøyme om det som deretter skjedde. Nyutdanna Peter Dundas nådde Paris. Etter eit kort opphald som skreddar hos ein undertøysdesignar fekk han jobb på Frankrikes nasjonalteater som kostymedesignar. Der det norske nasjonalteateret starta inspirasjonen, på eit vis, skjedde eit stort vendepunkt på scena til det franske nasjonalteateret.

På premieren av «Caligula» av Albert Camus sat det ein person i publikum som blei spesielt rørt av dei vakre kostyma han såg på scena: Jean Paul Gaultier, Frankrikes genierklærte designrebell.

Dagen etter premieren skal Gaultier ha ringt Dundas. Han tilsette han på timen den dagen han trefte han.

Omfamna av Lacroix

Dermed hadde Dundas fått innpass i eit av dei store franske motehusa, akkurat der han ville vere, i rolla som førstedesignar. Det er denne augneblinken, saman med den neste, som verkeleg staka ut kursen til den internasjonale motetoppen. Etter åtte år hos Gaultier fekk Dundas tilbod om jobb hos Christian Lacroix. Lacroix omfamna nordmannen etter første visning, og jubla til VG:

Peter Dundas og Joan Smalls

Peter Dundas er ofte på den raude løparen med ein kjendis eller modell på armen. Til årets Met Gala i New York hadde han med seg supermodell Joans Smalls i eigen design for Emilio Pucci.

Foto: Andrew Toth / Afp

«Peter har den energi og sensibilitet som denne bransjen trenger. (...) Peter har et helt individuelt univers. Han er en generasjonsformidler,» sa Lacroix.

Men tida i motehuset skulle bli kort. Ikkje lenge etter trakk Dundas seg frå jobben, fordi han meinte omsyn til kostnader gjekk framfor designen. Jorun Sofie Fallmo Aartun meiner nettopp Dundas' evne til å ta gode karriereval er blant det som har brakt han så langt.

– Dundas er uhyre fagleg dyktig. Han har klart å skape seg eit kreativt handlingsrom i etablerte motehus, og får folk til å tru på hans visjon. Det har vore svært viktig for hans suksess, seier ho.

Takka nei til Versace

Seinare fekk Dundas mellom anna tilbod frå motehuset Versace, som han takka nei til. Han takka derimot ja til italienske Ungaro, Roberto Cavalli, Dolce & Gabbana og Pucci. Slik har han fått erfaring med å dra tradisjonsrike motehus inn i ei ny tid, på motebloggar og dei hippaste it-jentene.

På premieren av «Caligula» sat det ein person i publikum som blei spesielt rørt av dei vakre kostyma han såg på scena: Jean Paul Gaultier, Frankrikes genierklærte designrebell.

– Han er i stand til å fornye, samtidig som han er tru mot tradisjonen, seier Signy Fardal.

Då Dundas tok over Pucci i 2008, sleit det italienske motehuset med eit gamaldags image, og hadde problem med å nå ut til ein ung kundekrets. Det har Dundas klart å gjere noko med, meiner Jorun Sofie Fallmo Aartun.

– Hans genistrek har vore evna til å snu italienske motehus som har falma. Pucci var til dømes synonymt med gamle damer med permanent som var på cruise. Han brukte motehusets DNA og oppgraderte det med unge detaljar, som gjorde merkevara attraktiv for ein ny generasjon jetsettarar og superstjerner.

No vender Dundas igjen tilbake til Roberto Cavalli, men denne gong som sjefdesignar og arvtakar etter italienaren som gav namn til merket.

Mette-Marit hos generalkonsul Sissel Breie i New York

Kronprinsesse Mette-Marit er ein ven av Peter Dundas og velgjer seg ofte hans design. Her er dei hos generalkonsulen i New York på eit motearrangement.

Foto: Pontus Höök / NTB scanpix

X-faktoren

På spørsmål om kva slags spesielle evner som har ført Dundas til topps, er det mange som nemner hans personlegdom.

– Han har ein kombinasjon av kvalitetar som er sjeldan, og som trengst for å jobbe på dette nivået. Han er ein beskjeden jetsettar, audmjuk, lærevillig og beinhard, samtidig som han har X-faktor og ein utruleg arbeidskapasitet, seier Signy Fardal.

Dundas' stil blir ofte skildra som bohemsk og rock'n'roll. Ganske langt borte frå norske gater fylt med allversjakker og fornuftig fottøy.

Jorun Sofie Fallmo Aartun i DN kallar han «motebransjens mest sympatiske fyr».

– Dundas har ei jovial framtoning som mange fell for, og er ein verdsborgar, han snakkar fem språk. Det er ikkje rart mange av verdas it-jenter svermar rundt han, seier Aartun.

Dundas' Instagram-konto illustrerer dette poenget godt. Blant hans siste innlegg finn vi bilete med realitystjerne Kim Kardashian, bloggar og redaktør Anna Dello Russo, supermodellane Natasha Poly, Joan Smalls, Anja Rubik og Lily McDonaldson, og Anna Wintour, Vogue-redaktør og motebransjens mektigaste.

Ein av hans største norske fans er kronprinsesse Mette-Marit. Kronprinsessa har kledd seg i Dundas' design ved fleire anledningar og inviterte han nyleg i 42-årsdagen sin.

«Fornuftige norske klær inspirerer også»

Dundas' stil blir ofte skildra som bohemsk og rock'n'roll. Ganske langt borte frå norske gater fylt med allversjakker og fornuftig fottøy, men i eit intervju med Aftenposten i 2001 røpte han at noko av hans norske arv ligg igjen i designen:

«Jeg tar fra hverandre og bygger opp igjen. Ingenting skal være helt 100 prosent. Impulser kommer fra mange land og kulturer. Fra folk jeg ser på gaten i Paris. Fornuftige norske klær inspirerer meg også, ikke minst norske gensere.»

NRK har førespurd Roberto Cavalli om intervju med Peter Dundas, men ikkje fått svar.

Kjelder: VG, Aftenposten, Surfacemag.com, Vogue.

Kulturstrøm

  • De ti beste seriene fra siste tiår

    Å skulle kåre de ti aller beste seriene fra det siste tiåret, er en umulig oppgave. Derfor har Filmpolitiet kåret de ti seriene som står igjen som deres personlige favoritter. Se hele listen her.

    Produksjon av metamfetamin i tv-serien Breaking Bad.
    Foto: AMC Networks / NRK
  • AI skal fullføre Beethovens 10.nde

    Kunstig intelligens skal prøve å fullføre den tyske komponisten Ludwig van Beethovens 10. symfoni. De få notene som finnes ble skrevet ned i boken hans like før han døde i 1827, 57 år gammel. Nå forsøker man å fullføre symfoniet ved hjelp av kunstig intelligens i forbindelse med at det neste år er 250 år siden han ble født. Resultatet blir framført av et orkester 28. april neste år i Bonn, Beethovens fødeby (NTB).

    Beethoven
  • John Lennons runde briller solgt

    Et par av John Lennons briller som Beatles-legenden la igjen i baksetet på en bil, ble fredag solgt på auksjon i London for 1,7 millioner kroner. Brillene ble solgt på nettauksjon til en anonym kjøper.