Hopp til innhold

Slik har du ikkje sett a-ha før

Fotograf Stian Andersen tok bilete av a-ha over ein periode på meir enn 15 år. Fotografia viser sider av bandet me tidlegare ikkje har fått sjå.

Sian Andersen er den einaste fotografen som har fått følgje a-ha på nært hald.

Han var med bandet bak scena, på øving, i studio, på hotellrom, på biltur. Nært og personleg.

– Det er utruleg stor avstand mellom det å stå framfor eit publikum på 40.000 menneske, for så å ta bilen til hotellet og vere heilt åleine 15 minutt seinare, seier Stian Andersen.

– Eg hadde lyst til å få fram desse kontrastane, seier han.

No blir bileta av Morten Harket, Magne Furuholmen og Paul Waaktaar-Savoy stilte ut på galleriet Stolper + Friends i Oslo, og gjevne ut i bokform.

(Saka held fram)

a-ha utstilling

a-ha blir hylla av tusenvis av fans.

Foto: Stian Andersen

Adrenalin

Andersen tok sitt fyrste bilete av a-ha i 1994 og jobba fast med bandet frå 2000. I 2008 vart han med bandet på turné og følgde livet deira tett i 13 land og 20 forskjellige byar.

– Det er tøft å turnere, det er heilt drygt, og eg trur det er det som får mange artistar til å begynne med dop. Men a-ha klarte å halde seg unna, seier Andersen.

Han fortel om korleis bandet etter å ha kome tilbake til hotellrommet hadde lyset på lenge etter «leggetid».

– Ein har så mykje adrenalin i kroppen at ein ikkje får sove, ein er heilt tom etterpå. Og isolert, seier Andersen.

(Saka held fram)

a-ha publikum utstilling

Livvakter må halde styr på fans som håpar på å få eit glimt av sine heltar.

Foto: Stian Andersen

– a-ha er a-ha

a-ha bok

«Stian Andersen: a-ha - The Photographs»

Foto: Forlaget Press

Fotografia viser både hylande fans og stille stunder, og alle er tekne med analog film, som gir bileta ein kornet effekt.

– Det er det største prosjektet eg har gjort og eit unikt dokument over a-ha, seier Andersen.

Kva er det som er så spesielt med a-ha?

– Eg vart musikkfotograf fordi eg har eit djupt hjarte for musikk, og eg synest a-ha har gode poplåtar. Men det er ikkje nokon å samanlikne a-ha med. a-ha er a-ha, seier Andersen.

Stian Andersen har tidlegare fotografert norske og internasjonale band som til dømes Röyksopp, Turboneger, Iggy Pop, Johnny Cash og Oasis.

Boka «Stian Andersen: a-ha - The Photographs» kjem på Press forlag 14. september 2012.

Utstillinga står i galleriet Stolper + Friends på Tjuvholmen i Oslo fram til 23. september 2012.

Kulturstrøm

  • KORK-dirigent Petr Popelka til Wiener Symphoniker

    KORKs avtroppende sjefdirigent Petr Popelka er utnevnt til ny sjefdirigent i Wiener Symphoniker, et av verdens absolutte topporkestre.

    Popelka har en raskt stigende karriere, men KORK var hans første orkester som sjefdirigent. - Vi er stolte av å ha vært Popelkas første orkester. Denne overgangen er som Glimt-trener Knutsen skulle gått rett til Ajax, sier orkestersjef Rolf Lennart Stensø.

    Popelka avslutter samarbeidet med KORK med turné til Tsjekkia i juni.

    Petr Popelka
    Foto: NRK