Hopp til innhold

Sjå Kristian Valen imitere Morten Harket som 13-åring

Tidleg krøkjast den som god krok skal verte, seiest det. Kristian Valen byrja å parodiere Morten Harket allereie som 13-åring.

Video Se Kristian Valen imitere Morten Harket som 13-åring

Sjå Kristian Valen imitere Morten Harket som 13-åring

Nadia Hasnaoui og Kristian Valen.

Kristian Valen og programleiar Nadia Hasnaoui.

Foto: Erik Dyrhaug
Kristian Valen som barn.

A-ha-vokalisten Morten Harket var eit førebilde for den unge Kristian Valen, også i klesveien.

Foto: Privat
Kristian Valen

Kristian Valen i sitt rette element: på scena.

Foto: NRK

I NRK-programmet «Litt av et liv» får Kristian Valen eit gjensyn med seg sjølv som ein 13 år gamal Morten Harket.

I eit gamalt opptak framfører han A-ha-songen «Hunting High and Low» med stor innleving. (Sjå klipp frå programmet øvst i saka.)

Streng eller ikkje streng

Harket-parodiane er blitt noko av det folk assosierer mest med Kristian Valen.

A-ha-vokalisten vart eit førebilete for trettenåringen av fleire grunnar.

– Eg har jo mellomrom mellom tennene, og det var på den tida det var snakk om eg skulle ha streng eller ei. Eg er redd for smerte og heldigvis kom Morten Harket og A-ha og vart nummer 1 i USA på den tida, og då vart det plutseleg okei å ha mellomrom mellom tennene, seier Kristian Valen.

– Det var liksom noko med Morten, Magne og Pål som turte å fylgje draumen sjølv om dei vart slakta her i Norge, seier Valen, som for tida sjølv har base i USA.

Drog ikkje damer

Det var ikkje berre på scena klesstilen til Harket og Valen var til forveksling like.

På eit bilete frå ein ferie med sin mor har Valen på seg ein lys olabukse og ein stor trøye.

I dag har Valen dette å seie om korleis han gjekk kledd på den tida:

– Eg såg at Morten drog damer på dette her, men det gjorde jo ikkje eg. Eg skjønte ikkje heilt kva som var gale der, seier Valen.

Arva humor frå farfar

Det blir hevda at det er farfar Kåre Valen som mest sannsynleg har bidrege med humorgenane til Kristian.

– Han er det ein kan kalle herleg gal, seier Kristian Valen.

Det kom også fram at Valen pleier å arbeide fleire døgn i strekk «fordi det er så gøy!»

Og er det noko Valen har perfeksjonert, så er det Morten Harket-parodiane sine, ifølgje talaren for kvelden, Åge Hareide.

– Kristian er meir lik Morten Harket enn han er sjølv, sa han.

Kulturstrøm

  • «Motståndaren» blir svensk Oscar-kandidat

    Filmen om en bekymret, iransk bryter er Sveriges Oscar-kandidat.

    – Det er litt uvirkelig, sier regissør av «Motståndaren», Milad Alami til TT om at den svenske Oscar-komiteen valgte hans film foran blant annet Lukas Moodysons «Tilsammans 99».

    Allerede er hans film valgt ut som svensk kandidat til Nordisk råds filmpris, som deles ut i oktober.