Hopp til innhold

Skodespelaren Anton Yelchin (27) er død

Den russiskfødde skodespelaren Anton Yelchin, kjend blant anna frå Star Trek-filmane, døydde i ei ulukke med bilen sin i San Fernadino i USA ettermiddag norsk tid.

Anton Yelchin (27) er død.

Anton Yelchin (27) vart funnen død i oppkøyrsla til huset sitt i San Fernadino i California.

Foto: Domenico Stinellis / Ap

Det er uklart kva som har skjedd, men ifølgje nettstaden TMZ, som siterer kjelder i politiet, vart han funnen død i oppkøyrsla til huset sitt i San Fernadino i California. Han skal ha vorte overkøyrd av sin eigen bil, ifølgje kjeldene.

Skodespelaren skal ha kome i klem mellom bilen og ei postkasse av murstein, som igjen var festa til ein port. Bilmotoren gjekk framleis då Yelchin vart funnen, blir det opplyst.

Anton Yelchin var fødd i Russland, men flytta til USA saman med foreldra då han var liten. Begge foreldra var profesjonelle kunstløparar.

Yelchin var rekna for å vere ei stigande stjerne i Hollywood. Han starta karrieren med roller i såkalla indiefilmar og i TV-roller, før han fekk sjansen i spenningsfilmen «Alpha Dog» og tenåringskomedien «Charlie Bartlett».

Det store gjennombrotet kom i Star Trek, der han i tre filmar har spelt Chekov. Den siste Star Trek-filmen han spelte inn, «Star Trek Beyond» har premiere i juli i år.

Kulturstrøm

  • Buing under Israels øving til ESC-semifinale

    Da Israel øvde i Malmö onsdag kveld ble det buet fra salen. Ifølge opptak NRK har hørt og Aftonbladet. Den svenske avisen skriver også at sikkerhetsvakter stod langs trappen opp til scenen da den israelske artisten Eden Golan stod på scenen under generalprøven. Når den andre semifinalen går av stabelen torsdag sensurerer EBU lyden ut på lufta.

  • Får støtte frå pappa

    Den svenske artisten Eric Saade markerte støtte for Palestina under eit Eurovision-arrangement tysdag.

    No får han støtte frå pappa Walid Saade, melder Expressen.

    – Vi viser at vi finst og at det som pågår ikkje får skje, seier han til avisa.

    Besteforeldra til Eric Saade flykta frå Palestina til Libanon i 1948.

    Sweden Eurovision Song Contest Semi-Final
    Foto: Martin Meissner / AP
  • Regjeringen gir en million kroner til Rørosmartnan

    – Rørosregionen er en viktig region for Norge. En investering i kvalitet for investering for Rørosmartnan gir et godt bidrag. Sammen med det lokale næringslivet vil regjeringen bidra til at kulturhistorien og tradisjonene blir sikret på Røros og bevilge 1.000.000 kroner til Rørosmartnan, sier Jonas Gahr Støre.

    Støre var i vinter på besøk på Røros og åpnet arrangementet som første statsminister. Bidraget kommer I forbindelse med revidert nasjonalbudsjett, som legges fram 14. mai.

    – Dette er en merkedag for oss på Røros, og et viktig signal om at Rørosregionen er viktig også for hele Norge, sier ordfører Isak Veierud Busch (A).

    Støre på Rørosmartnan
    Foto: Statsministerens kontor