Hopp til innhold

Mats og Erling skal lage reportasjar for NRK fram mot OL

Mats Sollid og Erling Due Bergseth skal vise at folk med utviklingshemming kan gjere ein minst like god jobb som «proffane».

Mats Sollied og Erling Due Bergseth

SPORTSJOURNALISTER: Mats Sollid og Erling Due Bergseth skal lage reportasjar fram mot OL i Sotsji i NRK-sportens teneste, og slår eit slag for utviklingshemma i same slengen.

Foto: Susanne Egset / NRK

Mats Sollid og Erling Due Bergseth er begge reporterar i Empo TV, ein TV-kanal for utviklingshemma. Kanalen lagar reportasjar som vedkjem utviklingshemma både i Noerg og i utlandet, og fleire av reportasjane deira er vist på NRK.

I kveld kan du sjå dei på Lindmo på NRK1.

I samarbeid med NRK har Mats og Erling rapportert frå både Special Olympics i Athen i 2011, og frå Sør-Korea i 2013.

No skal dei lage reportasjar fram mot neste vinter-OL i Sotsji i Russland i 2014.

Slår eit slag for utviklingshemma

For Mats og Erling er det viktig å vise folk at menneske med utviklingshemmingar ikkje gjer noko dårlegare jobb enn andre.

Mats Sollied, Erling Due Bergseth og Anne Lindmo

PÅ LINDMO: Mats Sollied og Erling Due Bergseth er gjestar på Lindmo laurdag kveld.

Foto: Susanne Egset / NRK

– Det er viktig å få fram at utviklingshemma ikkje er éi gruppe med dei same avgrensingane og talenta. Nokre kan synge, nokre er flinke i idrett, og nokre kan vere journalistar, slik som vi to, seier Mats.

Både Mats og Erling har lang fartstid i Empo TV, og viser stort engasjement for yrket.

– Det å jobbe i Empo TV er utruleg gøy. Det er så fint at vi samarbeider med NRK også, for då får vi vist verda at utviklingshemma ikkje er «ko-ko», vi er vanlege menneske og kan gjere ein slik jobb like godt som kven som helst andre, seier Erling.

Erfarne sportsjournalistar

Begge ser fram til å prøve seg på å lage reportasjer. Dei har allereie erfaring frå både direkterapportering på store arrangement.

Special Olympics 2013 blir arrangert i Pyeongchang og er vinter-OL for utviklingshemmede. Her raporterer Erling Bue Bergseth og Mats A. Sollied fra lekene. NRK har i samarbeid med tv-kanalen EMPO-TV, fulgt lekene. 
Foto/Redigering: Rismyhr/Sæbø/Brøvig.

Erling og Mats rapporterer frå Special Olympics i Sør-Korea

– Dette er ein «once in a lifetime-sjanse». NRK er kjempestort, og det er stas å få jobbe med ein profesjonell kanal. No får vi vite at vi kan meir enn vi ser ut som vi kan, så kanskje folk sluttar å dømme oss, seier Mats.

– Vi må jo kopiere litt

Planen er å følgje med på proffane og kanskje lære eit triks eller to før dei skal i kommentatorboksa.

– Eg er veldig glad i å sjå på sport, og har gjort det heilt sidan eg var liten, og alltid følgt med på korleis proffane rapporterer og kommenterer store sportshendingar, så når eg skal i kommentatorboksa kjem eg til å prøve å tenke korleis proffane gjer det, seier Erling.

– Vi må jo kopiere litt da, og så er det viktig med masse energi, og det har eg, det kan eg love deg! Det er viktig at folk føler at du smiler, når ein jobbar med sport skal ein spreie glede til heile Noreg, seier Mats.

Intervjua Aung San Suu Kyi

På Lindmo i kveld fortel dei om tidlegare oppdrag dei har fått gjennom samarbeidet mellom NRK og Empo TV. Der fekk dei også utdelt kvar si NRK port-jakke, noko dei blei veldig begeistra for.

– Det er ikkje mange som har slike jakker, så dette var utruleg kult, seier Mats.

– No blei eg positivt overraska, dette hadde eg ikkje venta, seier Erling.

Mats Sollied og Erling Due Bergseth på Lindmo

FÅR JAKKE: Anne Lindmo deler ut NRK-jakke til Mats og Erling. Dei er gjestar saman med sportsprofil Karen Marie Ellefsen.

Foto: Susanne Egset / NRK

Under Special Olympics i Pyeongchang tidlegare i år, fekk dei som dei einaste journalistane til stades, intervju med opposisjonsleiar i Myanmar, Aung San Suu Kyi.

– Eg visste ikkje ein gong kven ho var, eg. Vi hadde lyst til å intervjue ho, men då kom pressedama bort til oss og sa at Suu Kyi skulle rekke eit fly, og sa vi ikkje fekk lov å snakke med ho. Men ho laug, fortel Mats.

– Vi gav eigentleg opp. Men så såg vi ho seinare, og vi berre gjekk rett bort til ho, og då kom pressedama og prøvde å presse og dytte oss vekk, men kameradama vår heldt ho tilbake slik at vi fekk stilt Aung San Suu Kyi eit par spørsmål. Vi berre gønna på, fortel Mats med stor iver.

Men ikkje før etter dei var ferdige å intervjue henne, fann dei ut kven ho faktisk var.

– Det var så kult. Tenk at eg har stått ansikt til ansikt med henne. Vi var dei einaste som fekk intervju med ho, eg hugsar ein tysk TV-kanal spurte om dei kunne få klippet vårt fordi dei ikkje fekk intervjue ho, men eg berre «ha ha, det har vi!», flirer Mats.

Denne uka har verdens største idrettsarrangement, Special Olympics med 7000 deltakere pågått i Athen. Dette er OL for utviklingshemmede - og NRK har et samarbeid med Empo-tv, som er tv for og med utviklingshemmede. Og med oss fra Athen har vi Erlend og Steinar. Hvordan har det gått?

NRK i samarbeid med EmpoTV

– Vi kan meir enn folk trur

Dei to engasjerte reporterane har gjort ein så god jobb at dei no skal få prøve seg som reportarar framover mot OL. For dei er dette ein stor sjanse til å både gjere ein jobb i NRK-sportens teneste, og for å slå eit slag for utviklingshemma.

– Vi har berre ei utviklingshemming, det er ikkje vår feil og det gjer ingenting, seier dei.

– Vi kan meir enn dei fleste trur, og det viser vi med å ha vår eigen TV-kanal. Sjølv om eg er født litt annleis enn alle andre, er eg ikkje noko dårlegare, understrekar Erling.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters