Vinnarane 2006 The Fernets, på Zoom Urørt-turné. (Foto: Arne Kristian Gansmo, NRK)
No er alle banda plukka ut og dei blir glade om du kjem og heier når dei speler.
Derfor bør du møte opp og sjekke ut det som kanskje blir Norges neste store artistar.
Og du: Det er gratis!
Er ikkje du eller bandet ditt Urørt - registrert? Fiks det her
LES OGSÅ: Zoom Urørt er i gang
OM ZOOM URØRT
Zoom Urørt er gyllen sjanse for usignerte band til å vise seg fram.
Første runde av Zoom Urørt blir utspelt som lokale konsertar i seks av våre største byar.
Lokale komitéar plukkar ut kven av dei påmelde som får spele. Dei utvalte banda får då vise seg fram for folket på dei feitaste klubbane byane har å tilby.
Frå dei lokale finalane blir eit knippe band valt ut til å klatre vidare. Desse får oppleve å vere sentrum i eit forrykande show av ein finale i Oslo.
Til slutt vil vi stå igjen med to dyktige vinnarband. Dei vil på nyåret få reise land og strand på turné, og få ein heil dag med innspeling i NRK sine studio.
Vinnarane Heroes and Zeros på Zoomturné i Trondheim 2006 (Foto: Arne Kristian Gansmo, NRK)
I fjor stakk The Fernets og Heroes and Zeros av med pokalen. Begge har velta seg i spennande spelejobbar i tida etter turnéen. Sistnevnte har akkurat signert platekontrakt med verdens største plateselskap, Universal. Les meir om dette her.
Heroes and Zeros ( Foto: Scanpix )
Plan for lokale Zoom Urørt:
STAVANGER - Checkpoint Charlie: 9-12, 14-15. oktober (Checkpoint Charlie).
OSLO - Mono: 11. oktober. (Mono).
OSLO - Garage: 17-19. oktober (Garage).
BERGEN: 5, 11, 18. oktober (Hulen).
TRONDHEIM - Blæst: 28. september, 5, 12. oktober (Blæst).
TROMSØ - Kaos: 18-19 oktober.
BODØ - Sinus: Avlyst.
LYD: Vinnar Heroes and Zeros på Zoom Urørt turné 2006LYD: Vinnar The Fernets på Zoom Urørt turné 2006
Lenker
- MER: Heroes and Zeros sin suksess etter Zoom Urørt 2006
- LYD: Vinnar Heroes and Zeros på Zoom Urørt turné 2006
- LYD: Vinnar The Fernets på Zoom Urørt turné 2006
- Bruk dette påmeldingsskjemaet
- The Fernets
- Heroes and Zeros
- Les meir om dette her.
- Hulen
- Checkpoint Charlie
- Mono
- Garage
- Blæst
- melde deg på her
- Meld deg på Zoom Urørt 2007 her
- Er ikkje du eller bandet ditt Urørt - registrert? Fiks det her
- Sinus
- Zoom Urørt starter nå
- Zoom Urørt er i gang